Heradsplassen - Gloppen sin 1000-årsstad

I samband med tusenårsskiftet mellom 1999 og år 2000 skulle alle kommunane i landet plukke ut sin 1000-årsstad.

Valet i Gloppen var relativt enkelt: Heradsplassen, som er namnet på plassen mellom heradshuset og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Heradsplassen er eit trafikkfritt område med leikeplass, fontene og sitjeplassar, og ikkje minst skulpturen av Tankeringen.

Jan Kåre Fure