AV-OG-TIL fokuserer spesielt på sju situasjonar det er ekstra viktig å ha godt alkovett i:
- Samvær med barn og unge
- Trafikk
- Båt
- Graviditet
- Livskriser
- Arbeidsliv
- Idrett
Alkovett er å reflektere over korleis eige alkoholinntak kan påverke ein sjølv og andre, og å ta bevisste val på bakgrunn av dette. Målet er å redusere dei negative konsekvensane av alkoholbruk, for den enkelte og for samfunnet. Det handlar om å tenke seg om og vise hensyn.
Alkovett er å ikkje fylle på med meir når det er litt for mykje.
AV-OG-TIL driv fleire kampanjar gjennom året. Desse kampanjane skal også syne igjen i Gloppen, mellom anna på facebooksida og nettsida til kommunen.
avogtil.no
Gloppen inngjekk samarbeidsavtale med Av-og-til i desember 2017
