Digitalt førsteval

Gloppen kommune jobbar målretta for at digital post skal vere eit fyrsteval for både innbyggjarar og næringsliv.

Digitalt førsteval er prinsippet om at kommunen så langt som mogeleg er tilgjengeleg på nett, og at nettbaserte tenester er kommunen sin hovudregelen i dialog med brukarane. Eit døme på dette i dag er at det berre er mogeleg å sende inn elektronisk søknad om barnehageplass i Gloppen.

Bakgrunnen for digitalt førsteval er todelt. For det første skal det gje brukarane betre tenester, enklare søknadsprosessar og raskare svar. For det andre vil ein slik ovegang frigjere ressursar som kommunen omdisponerer til andre oppgåver.

Dersom du ikkje har digital postkasse eller du har reservert deg mot digital post frå kommunen, vil papirbrevet kome i postkassa eller postboksa di som før.

Slik skaffar du deg digital postkasse

Finn fram din elektroniske ID (for eksempel BankID)

Velg enten Digipost eller e-Boks og følg instruksjonane for å opprette postkasse, dei er likestilte og begge oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post. 

Opprett Digipost

Opprett e-Boks

 

For å få elektronisk postkasse må du

• ha tilgang til datanett heime

• ha ei eiga e-post adresse

• ha BankID frå banken din

• ha tilgang til PC, nettbrett (iPad eller liknande) eller smarttelefon.

Har du ei digital postkasse får du ein sikker løysing for å motta brev med sensitiv informasjon. Det offentlige kan ikkje bruke vanleg e-post til å sende slik informasjon. Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er trygt og du mottek posten din raskare. Digital post kan lagrast i postkasa di så lenge du ønskjer.