SFO-prisar i Gloppen kommune (skulefritidsordning)

Gebyrregulativet vart sist endra av kommunestyret den 18. desember 2019. 
Prisane gjeld frå 1. januar 2020

Plasstorleik: (mva er ikkje aktuelt)
0-8 timar i veka: kr 1 330,- per månad
9-15 timar i veka: kr 2 140,- per månad
Full plass: kr 2 670,- per månad

Syskenmoderasjon: (mva er ikkje aktuelt)
For første barnet: ingen moderasjon
For andre barnet: 20 %
For tredje og evt. fleire barn: 33 %.

Kjøp av feriedagar kr 185,- per dag. Det vert gjeve syskenmoderasjon også ved kjøp av feriedagar.

Kjøp av enkelttimar kr 80,- per time.

For sein henting vert fakturert med kr 60,- per påbegynt kvarter når tilsette må vere på jobb ut over ordinær arbeidstid.