Felleshuset - informasjon ved utleige

Felleshuset er eit samlingshus som ligg i sentralt plassert mellom trygdebustadane i Gotavegen 89.

Ynskjer du å leige/låne huset? All reservasjon går via Servicetorget på heradshuset, tlf 57 88 38 00.

Desse kan låne huset gratis

  • Huset vert brukt på dagtid av ulike avdelingar innan helse- og omsorgstenesta, og desse har også prioritet på å nytte huset. 
  • Dei som bur i dei kommunale tryggdebustadane rundt felleshuset kan låne huset til private arrangement (til dømes feiring av runde dagar), desse treng ikkje betale for leige. 
  • Huset kan lånast ut til lag og organisasjonar i samband med kveldsmøter og andre samlingar (til dømes Helselag, Røde Kors mfl, der delar av aktuell målgruppe bur i trygdebustadane rundt), desse treng ikkje betale for leige

Utleige av felleshuset til andre/private

På forespørsel kan huset leigast av private ved konfirmasjon, dåp, bursdagsfeiring eller andre samlingar mot betaling. 

Prisar, gjeld for 2019

Betaling for leige av Felleshuset til private arrangement er kr 1340,- pr gang.

Dersom det er nødvendig å disponere huset i fleire dagar er leigeprisen kr 665,- pr dag i tillegg til den fyrste. 

Leiga vert fakturert til leigetakar og fakturagebyr kjem i tillegg.

Ved lån og utleige

Dei som låner huset har ansvar for å rydde opp etter seg. Eventuell oppvask må gjerast og dekketøy må settast på plass. Bord må ryddast og vaskast, stolar må settast på plass inntil borda. Sjå over golva og kost opp ved behov. Forlat huset i den stand du ynskjer å finne det neste gong du kjem!

Om vi må leige inn noko for å vaske og rydde etter deg vil du få tilsendt rekninga på dette arbeidet!

Ved brudd på avtale, må ein vente 2 mnd før ein får inngå nytt lån eller leigeforhold. 
________________________________________________

Kva finn du i huset:

  • Lite vindfang
  • Gang med garderobe og speil
  • 2 toalett, det eine er hc-toalett.
  • Varmepumpe
  • Støvsuger
  • Vaskeutstyr på personalrom
  • 14 stablestolar (står i garderoben/gangen)

Kjøken:

  • Kjøkenbord m/2 stolar
  • Komfyr
  • Kjøleskåp
  • Oppvaskemaskin
  • Mikrobølgeovn
  • Kaffitrakter
  • Kjøkenmaskin
  • 2 vaffeljern (doble)

Innhald kjøken:

  • kopper/fat/asjett - ca 35 sett
  • dessert skåler - 29 stk
  • frokosttallerker - 30 stk
  • kakefat - 10 stk / glasfat - 3 stk
  • serveringsfat - 3 stk
  • skåler - 4 store / 8 små
  • plastboller 4 stk / nokre plastmugger
  • middagstallerker - 27 stk / suppetallerker - 19stk
  • drikkeglas/vannglas - 30-35 stk (ulike)
  • blomstervaser (glas) 8 stk
  • div. dukar/serviettar
  • Bestikk: ca 35 stk av kvar sort 
  • dørslag, handmikser, rasp, skjærefjøler 
  • sleiver, visper, smørbrødklyper, steikespader, eggedeler mm
  • div. steikepanner/kasseroller

Stova/hovedrom:

Sitteplass til 30 personar - fordelt slik:

  • 3 sofagrupper med lavt bord inkludert 4 høgrygga stolar
  • Ca 12 sitteplasser rundt høge bord
  • Plass til ca 40 personar til middag om ein tek med seg ekstra bord og stolar
  • Her er også eit orgel/keyboard og utgang til ein liten uteplass med 4 sitteplasser

Her kan vere plass til 30 - 40 personar om ein tek med seg nokre ekstra bord og stolar.

Felleshuset - stova med sittegrupper - Klikk for stort bilete