Barnehageplass i Gloppen kommune

Betaling for plass i kommunale barnehagar følgjer makssatsen som blir fastsett av staten.

I framlegget til statsbudsjett for 2021 er maksprisen føreslege endra slik frå 1. januar 2021.

Plass i barnehage, pris pr månad (mva ikkje aktuelt)

- Heil plass: 5 dagar/veke kr 3 230,-
- 80% plass: 4 dagar/veke kr 2 760,-
- 60% plass: 3 dagar/veke kr 2 290,-
- 50% plass: 2/3 dagar/veke kr 2 040,- 

Mjølk og frukt skal betalast etter sjølvkostprinsippet. Pris pr månad  (mva ikkje aktuelt)

- for heil plass: kr 300,- 
- for 80 % plass: kr 250,-
- for 60 % plass: kr 190,-
- for 50 % plass: kr 155,-

Kjøp av enkelttimar: kr 80,- per time.

For sein henting i barnehage blir fakturert med kr 65,- per påbegynte kvarter når tilsette må stå utover ordinær arbeidstid. 

Felles for alle dei kommunale barnehagetilboda er: 

- juli er betalingsfri månad
- syskenmoderasjon:
-- 30 % for 2. barnet
-- 50 % for 3. barnet
-- 70 % for 4. barnet.

Betalingsfristen er sett til den 20. i den månaden betalinga gjeld for.

Kommunedirektøren kan vurdere inndraging av barnehageplass ved forsøming av betaling. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om friplass. Slik søknad skal sendast kommunedirektøren.