Avgift for gravleige

Vedteke av kommunestyret 18. desember 2019. Gjeld for 2020.

Gravleige er ei avgift som pårørande etter ei gravferd må betale for å reservere ei grav, eller etter at frigravsperioden for ei frigrav på 20 år er ute.

Som innbyggar i Gloppen har alle rett på ei «frigrav» i 20 år, som er ei grav på tilvist stad. Det vil seie at ein slepp å betale gravleige (festeavgift) dei 20 fyrste åra. Dette er i tråd med Gravferdslova pgf. 6

Gravleige i Gloppen er kr 150,- pr år. Sjå elles kyrkja sine nettsider www.gloppen.kyrkja.no/ i om-oss-menyen.