Velkomen til Gloppen!Gloppen sett frå Rauset Edvin-André Hugvik Gloppen kommune ligg ved Nordfjorden i Sogn og Fjordane og har om lag 5.800 innbyggjarar, med Sandane som kommunesenter. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune. Les meir om Gloppen! Publisert avJan Kåre Fure Publisert25.07.2013 14.59