Ukraina og kommunal beredskap

Mange har spørsmål rundt Russland sitt angrep på Ukraina og korleis dette vert handtert i Norge. Les kva kommunen gjer og kvar du finn nasjonal informasjon.

Gloppen har vedteke å busetje flyktningar frå Ukraina

I 2022 har Gloppen kommune eit vedtak om å busette inntil 30 flyktningar. Grunna krigen i Ukraina har kommunen, etter førespurnad frå IMDI vedtatt å utvide vedtaket til inntil 50 personar. 

I Gloppen buset vi alle flyktningar etter same rutine uavhengig av nasjonalitet. Vi opna derfor ikkje opp for busetting i private heimar i regi av kommunen. Dette betyr at alle som vert busett i Gloppen kommune vert busett i eigna bustad etter avtale med IMDI. Det er aktuelt med alternativ mottaksplassering hjå eigen familie, også dette etter avtale med IMDI.

Kontaktperson i Gloppen er Ann Iren Festervoll, fagleiar flyktningtenesta, e-post: ann.iren.festervoll@nav.no tlf 99 44 39 82

Are you Ukrainian and live or work in Gloppen?

If your family comes here, we ask you to fill out this form:

Go to form in english

Har du ledig husvære som kan nyttast til busetting?

Gloppen kommune treng å kartlegge kven som kan ha ledige husvære som kan egne seg til innkvartering av Ukrainske flyktningar. Dette kan vere både hus, leiligheter og eller hytter. Ved utleige vert det oppretta leigekontrakt mellom utleigar og Gloppen kommune. Men det er flyktningane sjølv som skal betale husleiga med det som dei mottek som inntekt når dei har registrert seg. Difor ynskjer vi å halde husleigene på eit moderat nivå. 

Bruk dette skjemaet og registrer husværet ditt  (ID-pålogging)

Har du erfaring frå arbeid med barn og unge?

Vi har behov for å  kartlegge tilgjengelig personale som kan tenke seg å jobbe i barnehage eller på skule med barn og unge frå Ukraina. Har du erfaring frå arbeid med barn og unge, eller har du kanskje pensjonert deg frå aktivt yrkesliv som lærar, barnehagelærar eller assistent? Har du i tillegg lyst til å bidra til at barn og unge som kjem til Gloppen kan få det tilbodet dei har rett på - då treng vi vite om deg!

Bruk dette skjemaet om du vil registrere deg?  (ID-pålogging)

Frivillig - og ynskjer å du å bidra?

Dersom du ynskjer å bidra som frivillig eller representerer lag/organisasjonar vi deg om å registrere deg på Gloppen frivilligsentral.

Sjølvbusetting?

https://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/bosettingsprosessen/selvbosetting/

Informasjon frå nasjonale myndigheiter

Treng du nokon å snakke med?

Mange er redde og bekymra, det finst krisetelefonar du kan ringe dersom du har behov for ei samtale.

Jodtablettar ved atomhendingar

Gloppen kommune har som del av den nasjonale beredskap lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide.
Sjå meir utfyllande informasjon om jodtablettar