Produksjonssøknad 2019

1. mars er første dag ein kan søkje om produksjonstilskot del 1 2019. Denne datoen er også teljedatoen for alle dyr de har på garden. I søknaden søkjer de på husdyrtilskot, tilskot for økologisk husdyrproduksjon, driftstilskot for mjølk og kjøttproduksjon.

Dyra de har på telledato 1. mars gjev grunnlag for avløysartilskotet og grovfôrtilskotet.

Klikk for stort bilete
Frå 15. mars til 29. mars er det høve til å endre/rette opp feil i den innsendte søknaden. 

Oversikt over datoar som du som søkjar må hugse på i løpet av 2019 finn du her. (PDF, 350 kB)   Denne oversikten kan vere grei å skrive ut og henge på kjøleskåpet eller ein annan stad du er ofte.