Kven skal få Byggeskikkprisen i år?

Prisen kan gjevast til tiltakshavar for nybygg, tilbygg, rehabilitering og uteanlegg
- som er godt tilpassa omliggande bygningsmiljø og/eller natur- og kulturlandskap
- som har arkitektonisk særpreg, nyskapande formspråk/materialbruk og gode miljøvenlege energiløysingar.

Føremålet med prisen er å medverke til auka forståing for verdien av god byggeskikk, både ved nybygg og ved istandsetting eller endringar av eksisterande bygningsmiljø, samt uteanlegg i kommunen.

Du finn retningslinjene til prisen her.

Har du framlegg til aktuelle kandidatar høyrer vi gjerne i frå deg. Forslaget må vere skriftleg og grungjeve.  Har du eit tips til oss må du sende det til Gloppen kommune, post@gloppen.kommune.no.

Ny frist er 10. november 2019. 

Ta kontakt med rådgjevar Birte Fossheim på epost eller telefon 924 77 248 viss du har spørsmål.