Kulturprisen 2019! Hugs fristen for forslag - 18. november

Gloppen kommune skal gje ut kulturpris for 2019, og dette er den 29. gongen prisen skal delast ut. 

Har du forslag til kven som skal få prisen høyrer vi gjerne i frå deg! Send inn ditt forslag forslag seinast 18. november 2019

I retningslinene for kulturprisen heiter det mellom anna:

Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evner og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. I særlege høve kan prisen delast ut til personar som har gjort kulturarbeid som særleg har kome Gloppen kommune tilgode, og som ikkje er busett i kommunen. Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller til landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar, heller ikkje til personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern. 

Forslag til kandidatar til kulturprisen kan fremjast av enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Framlegg skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, eller på e-post til post@gloppen.kommune.no seinast 18. november 2018

Spørsmål kan stillast til konst kultursjef Kjersti Rønningen, mobil 977 77 397 eller epost kjersti.ronningen@gloppen.kommune.no

Det er MULTEK utvalet som avgjer kven som skal få prisen, og den blir delt ut i siste kommunestyremøte før jul. 

Lurer du på kven som har fått prisen tidlegare? Sjå oversikta her

Klikk for stort bilete