Kommunal planstrategi 2020-2024 - melding om oppstart og framdrift

Kommunestyret i Gloppen vedtok den 30.10.19, sak 076/19, oppstart av arbeidet med kommunen sin planstrategi i samsvar med plan og bygningslova §10-1.

Samtidig vedtok dei følgjande framdrift i arbeidet:

  1. Orientering om «Helse- og trivsel – Kunnskapsgrunnlag for Gloppen kommune 2019» - kommunen sine hovudutfordringar, i råda, formannskapet (kommunen sitt planutval) og kommunestyret i løpet av november og desember 2019.  
  2. Planstrategiverkstad med kommunestyret og leiarforum (sektor- og einingsleiarar) skal gjennomførast i midten av februar 2020. 
  3. Utkast til planstrategi vil bli utarbeida i perioden medio februar til medio mars, og lagt ut på høyring i slutten av mars 2020. Planen er at planstrategien skal behandlast på siste møte i kommunestyret før sommaren 2020.

Gjennom planstrategien skal kommunestyret velje retning for kommunen sin framtidige utvikling, med utgangspunkt i nasjonale og regionale føringar og kommunen sine lokale utfordringar. Med utgangspunkt i desse utfordringane og føringane skal kommunestyret vurdere om kommunen sine planar er oppdatert, vurdere behovet for nye kommunedelplanar i komande 4-årsperiode og prioritere desse. Planstrategien kan også nyttast til å vurdere kommunen sitt plansystem og tilgjengelege planressursar. 

I forkant av utarbeidingsfasen ønskjer vi innspel til planstrategiarbeidet. Desse innspela vil følgje saka og inngå som grunnlag for utarbeiding av planstrategi i lag med oppsummeringa frå planstrategiverkstaden.

Finn meir informasjon

Planstrategi for innverande periode Planstrategi for 2016 – 2020

Kommunestyresak 47/19 der planarbeidet i perioden vart evaluert.

Innspel og merkander

Eventuelle innspel og merknader skal sendast til postmottak@gloppen.kommune.no eller til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, innan 13. desember 2019.