Kunngjeringar
Publisert 05.06.2020

OBS! Biblioteket i Trivselshagen har kortare opningstider i veke 24:

Måndag 8.juni: 12 - 18
Laurdag 13.juni: 11 – 14

 

Publisert 04.06.2020

Regionale miljøtilskot 2020 er no klare. 

Publisert 25.05.2020

Frå i dag, 20 mai 2020, kan frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele 1,685 milliardar kroner i momskompensasjon.

Publisert 06.05.2020

Gloppen kommune inviterer til å søkje om støtte frå det kommunale næringsfondet til ulike prosjekt og tiltak.

Vil du skape noko heilt nytt? Er du etablert og vil gjerne utvide bedrifta di eller kompetansen til dei ansatte? Dette fondet er for deg.

Ta kontakt med næringsjefen i kommunen så ser vi korleis nettopp din idé kan passe inn. 

Søknadsfrist er 31. mai 2020.

Publisert 06.05.2020

På Gloppen kulturskule har vi mange ulike tilbod du kan søkje på.

Søknadsfristen for haustsemesteret er 1. juni.

Publisert 23.04.2020

Føremålet med tilskotsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare drenert jordbruksjord. Tiltak der dreneringa både kan auke jordbruksproduksjonen og redusere faren for vassureining vert prioritert.

Publisert 30.03.2020

Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen vert det gjort nokre tilpassingar for å legge til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponert for smitterisiko.

Publisert 18.03.2020

Som følge av utbrotet av Covid-19 (koronaviruset) og den ekstraordinære situasjonen vi no står i vil vi informere om følgjande:

 

Publisert 05.03.2020

Søknadsfrist for produksjonstilskot del 1 og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15. mars 2020. Du kan søke frå og med 1. mars, som er telledatoen. Vi anbefaler at du er tidleg ute med å søkje.

 

Publisert 13.01.2020

Tema: «Når pårøranderolla blir heile livet...»

Velkomen til Møteplass tysdag 4. februar på Eid Rådhus kl. 18.00. Møteplass er eit likeverdig møte med gjensidig læring mellom pårørande til familiemedlemmer med psykiske utfordringar og fagfolk.