LØYVE TIL LEIGEKØYRING § 5a
Lov om motorferdsle i utmark og vassdrag opnar opp for leigekøyringsløyve, jmf. Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag § 5a.
Område: Gloppen kommune, med unntak av Jostedalsbreen nasjonalpark, Naustdal Gjengedal landskapsvernområde, Ålfotbreen landskapsvernområde, Kolebakkane naturreservat og Kloppemyrane naturreservat.
Oppdrag som løyvehavar av leigekøyring kan ta på seg i perioden 2018 - 2023 utan å søkje kommunen:
- Transport mellom bilveg og hytte.
- Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar.
- Transport av funksjonshemma.
- Transport av ved til privatpersonar
Det kan også vera aktuelt med oppdrag knytt til andre formål enn dei nemnd over (jmf. § 3 og § 6 i Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag).
Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.
Om søknadsprosessen:
Søkjarar som er busett i Gloppen, og som allereie har snøskuter brukt i næring, vil bli prioritert. Det vert òg lagt vekt på den næringsmessige betydinga for søkjaren. Personar som har hatt slikt løyve tidlegare, og nytta det lovleg, vil bli prioritert framfor nye søkjarar. Lag og organisasjonar kan søkje med ansvarleg person.
Relevant informasjon førast i søknadsskjemaet under ‘Relevant informasjon’.