NB! Søknadsfrist for skjenkeløyve er seinast 2 veker før arrangementet finn stad!
Her kan du søkje om skjenkeløyve til servering og sal av alkoholhaldig drikke. Du kan velje mellom:
- Skjenkeløyve for eit enkelt høve for øl og vin (til dømes bygdakveldar, revyar, festivalar og andre opne arrangement).
- Ambulerande skjenkeløyve for øl, vin og brennevin (slutta lag med påmelding/invitasjon).
Du må følgje desse reglane:
- Aldersgrense for brennevin er 20 år. Aldersgrense for øl og vin er 18 år.
- Du skal ikkje servere alkohol til tydeleg rusa personar, eller personar som ser ut til å bli tydeleg rusa.
- Det er ikkje lov å drikke medbrakt alkohol, eller ta med alkohol ut av lokalet/skjenkestaden.
- Du som er ansvarleg for løyvet pliktar å ha kontroll med all bruk av alkohol på det nemnde arrangementet.
- Ansvarleg for løyvet må passe på at skjenking av alkoholhaldig drikke foregår på ein slik måte at reglane i gjeldande lov og forskrift vert haldne , og at alkoholpolitiske omsyn vert ivaretekne.
- Du må halde deg til den skjenketida som er gitt i løyvet.
- Du må betale eit løyvegebyr til kommunen for godkjent løyve.
Kommunen sin skjenkekontrollør kan kome på uanmeldt kontroll av skjenkestaden.
Meir informasjon om regelverket for skjenkeløyve enkelthøve/amulerande finn du på heimesida til kommunen.