Reglement for ungdomsrådet

Reglementet vart vedteke av kommunestyret den 28. februar 2000.

§ 1 Føremål
Gloppen ungdomsråd skal fremje ungdommane sine interesser og tale deira sak i Gloppen kommune.

§ 2 Oppgåver
Ungdomsrådet kan ta opp og fremje eigne saker som vedkjem ungdomen. Det er viktig at ungdomsrådet har nær kontakt med ungdomsmiljøa i skulane og andre stader i kommunen.

Gloppen ungdomsråd vil få oversendt kommunale saker som er spesielt retta mot ungdomen. Desse sakene kan rådet gje uttale i.

I tillegg skal rådet få oversendt saklister frå kommunestyret, formannskapet og hovudutvala. Her vel rådet sjølv ut kva saker dei vil gje uttale i.

Ungdomsrådet skal velje Gloppen kommune sin representant, frå rådet, til Fylkesting for ungdom og til andre aktuelle fora der dette er naturleg.

Rådet skal ha ei økonomisk ramme som vert fastsett av kommunestyret. Rådet kan løyve midlar til tiltak for barn og unge.

§ 3 Samansetting
Gloppen ungdomsråd skal ha ni representantar med personlege varamedlemmer i aldersgruppa 13 - 20 år:

  • tre representantar frå elevrådet ved Gloppen Ungdomsskule (gut og jente)
  • to representantar frå elevrådet ved Hyen kombinerte skule (gut og jente)
  • fire representantar frå elevrådet ved Firda vidaregåande skule (to gutar og to jenter, og der hybelbuarar bør vere representert)

Medlemmane vert valde for to år, men likevel slik at halve rådet vert skifta ut kvart år.

Valperioden følgjer skuleåret, og elevråda skal velje nye representantar innan utgangen av september kvart år. Ungdomsrådet konstituerer seg sjølv og skal ha leiar og nestleiar.

Ordførar og rådmann har møte- og talerett i ungdomsrådet.

§ 4 Møteverksemd
Leiaren i ungdomsrådet kallar inn til møte når han/ho finn det naudsynt ut i frå saker som skal handsamast. Det bør vere minst fire møte i året.

Gloppen kommune yter nødvendig sekretærhjelp til ungdomsrådet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter