I: Heimel, val og organisatorisk plassering
§ 1-1 Heimel
Kommunestyret er oppretta etter kommunelova og valt etter reglane i vallova.
§ 1-2 Val og samansetning
Kommunestyret er sett saman av 27 representantar med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er direkte valde av innbyggarane i Gloppen kommune.
Dersom eit medlem i kommunestyret fell frå, eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkomande vararepresentant opp som medlem.
§ 1-3 Organisatorisk plassering
Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ.
II: Arbeidsområde
§ 2-1 Arbeidsområde
Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegner i alle saker så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegeringsvedtak.
§ 2-2 Lovpålagde oppgåver
Kommunestyret skal gjere vedtak i ei rekke saker som er lovpålagde, eller pålagde i medhald av lov. Desse sakene skal etter lovteksten avgjerast av "kommunestyret sjølv".
§ 2-3 Andre saksområde
Kommunestyret skal sjølv gjere vedtak som gjeld:
- opptak av lån og inngåing av langsiktige leigeavtalar
- kommunalt regelverk som skal politisk behandlast, unnateke regelverk som gjeld personalsaker
- prinsippsaker
- nye standardar på kommunale tenester og tilbod og oppretting av nye
- politisk organisering
- hovudlinjene i den administrative organiseringa
- varig delegasjon
- deltaking i forpliktande interkommunalt samarbeid
- lokale folkeavstemmingar.
Kommunestyret avgjer sjølv kva andre saker styret skal behandle.
III: Spesielle funksjonar
§ 3-1 Klageorgan
Kommunestyret er klageorgan på enkeltvedtak i formannskapet, som ikkje er særlovssaker.
§ 3-2 Kommunestyret som arbeidsgjevar
Kommunestyret har det overordna arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i Gloppen kommune. I dette ligg å vedta kommunen sin arbeidsgjevar- og personalpolitikk og å fastsette rammer og tildele ressursar. Det daglege arbeidsgjevaransvaret ligg til kommunedirektøren.
§ 3-3 Kommunestyret som grunneigar m m
Kommunestyret er vedtaksorgan i saker som vedkjem kjøp, sal og feste av eigedomar, unnateke mindre tilleggsareal og sal av tomter i regulerte bustadfelt, der pris og tildelingsvilkår er fastsett på førehand. Pantsetting av kommunal eigedom skal godkjennast av kommunestyret.
IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat
§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i kommunestyret skal følgje reglane i kommunelova kap. 11. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.
§ 4-2 Godtgjersle
Medlemmene i kommunestyret har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.
§ 4-3 Sekretær
Kommunedirektøren er sekretær for kommunestyret, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på kommunestyret sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at ei sak er forsvarleg greia ut, at det ligg føre tilråding i saka og at kommunestyret sine vedtak blir iverksette.
V: Iverksetting m m
§ 5-1 Iversetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (30. oktober 2019). Frå same tidspunkt blir kommunestyret sitt reglement som vart vedteke den 19. mars 2012 oppheva.
§ 5-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.