Reglement for kommunestyret i Gloppen (utgått)

Vedteke av kommunestyret den 19. mars 2012, sak 16/12 i medhald av § 39 i kommunelova.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Kommunestyret er oppretta i medhald av kommunelova § 6 og valt etter reglane i vallova.

§ 1-2 Val og samansetning
Kommunestyret er sett saman av 27 representantar med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er direkte valde av innbyggarane i Gloppen kommune.

Dersom eit medlem i kommunestyret fell frå, eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkomande vararepresentant opp som medlem.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ.

II: Arbeidsområde

§ 2-1 Arbeidsområde
Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegner i alle saker så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak.

§ 2-2 Lovpålagde oppgåver
Kommunestyret skal gjere vedtak i ei rekke saker som er lovpålagde, eller pålagde i medhald av lov. Desse sakene skal etter lovteksten avgjerast av "kommunestyret sjølv".

§ 2-3 Andre saksområde
Kommunestyret skal sjølv gjere vedtak som gjeld:

  • opptak av lån og inngåing av langsiktige leigeavtalar
  • kommunalt regelverk som skal politisk behandlast, unnateke regelverk som gjeld personalsaker
  • fastsette instruks for rådmannen
  • prinsippsaker
  • nye standardar på kommunale tenester og tilbod og oppretting av nye
  • politisk organisering
  • hovudlinjene i den administrative organiseringa
  • varig delegasjon
  • deltaking i forpliktande interkommunalt samarbeid
  • lokale folkeavstemmingar.

Kommunestyret avgjer sjølv kva andre saker styret skal behandle.

III: Spesielle funksjonar

§ 3-1 Klageorgan
Kommunestyret er klageorgan på enkeltvedtak i formannskapet, som ikkje er særlovssaker.

§ 3-2 Kommunestyret som arbeidsgjevar
Kommunestyret er arbeidsgjevar for alle tilsette i Gloppen kommune. Arbeidsgjevaransvaret er kollektivt for medlemmene og blir praktisert gjennom vedtak i møtesamanheng. Kommunestyret sine hovudoppgåver i arbeidsgjevarpolitikken er å:

  • fastsette mål
  • fastsette rammer og tildele ressursar
  • gje ansvar, kontrollere og evaluere.

§ 3-3 Kommunestyret som grunneigar m m
Kommunestyret er vedtaksorgan i saker som vedkjem kjøp, sal og feste av eigedomar, unnateke mindre tilleggsareal og sal av tomter i regulerte bustadfelt, der pris og tildelingsvilkår er fastsett på førehand. Pantsetting av kommunal eigedom skal godkjennast av kommunestyret.

IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i kommunestyret skal følgje reglane i kommunelova kap. 6. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

§ 4-2 Godtgjersle
Medlemmene i kommunestyret har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen.

§ 4-3 Sekretær
Rådmannen er sekretær for kommunestyret, og har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på kommunestyret sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka og at kommunestyret sine vedtak blir iverksette.

V: Iverksetting m m

§ 5-1 Iversetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (19. mars 2012). Frå same tidspunkt blir kommunestyret sitt reglement som vart vedteke den 24. juni 2002 oppheva.

§ 5-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter