Reglement for godtgjersle til folkevalde (oppheva)

Reglement er fastsett av kommunestyret den 13. desember 2010.

Satsane som er sett inn gjeld for 2020, og har som grunnlag at godtgjersla til stortingsrepresentantane i 2019 var kr 987.997,-.

Reglementet er sist endra av kommunestyret den 2. november 2015 i sak 71/15. Heimelen for reglementet i § 1-1 er oppdatert for ny kommunelov. Dette er gjort av rådmannen 8. januar 2020.

Last ned skjema for reiser og tapt arbeidsforteneste! (PDF, 430 kB)

I: Omfang og former for godtgjersle

§ 1-1 Heimel
Reglementet er fastsett i medhald av kommunelova kapittel 8.

§ 1-2 Omfang
Reglementet gjeld for folkevalde ombod i kommunale organ oppretta i medhald av kommunelova eller særlov.

Reglementet gjeld i tillegg til kommunale møte også for representasjon i styre og råd og på møte og konferansar, dersom møteorganisasjonen sjølv ikkje betalar godtgjersle.

§ 1-3 Former for godtgjersle1
Reglementet omfattar følgjande former for godtgjersle:
1. Møtegodtgjersle, fast og variabel
2. Tapt arbeidsforteneste og anna utgiftsdekking
3. Etterlønn/ventelønn.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.

II: Møtegodtgjersle

§ 2-1 Grunnlag
Møtegodtgjersla i Gloppen er knytt til godtgjersla til ordføraren, som igjen er knytt til den faste godtgjersla til representantane på Stortinget. Godtgjersla skal regulerast fortløpande etter endringane i representantgodtgjersla på Stortinget. Reguleringa skjer i ettertid, og blir gjort frå 1. januar kvart år.

§ 2-2 Fast godtgjersle
Fast godtgjersle blir utbetalt slik:

  • Ordførar: årleg godtgjersle tilsvarande 85 % av representantgodtgjersla på Stortinget (i 2020 kr 839.797,45)
  • Varaordførar: årleg godtgjersle tilsvarande 10 % av ordføraren si godtgjersle (i 2019 kr 83.979,75)
  • Dei andre medlemmene i formannskapet og leiarane i hovudutvala: årleg godtgjersle tilsvarande 4 % av ordføraren si godtgjersle (i 2019 kr 33.591,90).

§ 2-3 Variabel møtegodtgjersle
Den variabel møtegodtgjersla utgjer per møte 1 ‰ av ordføraren si godtgjersle (i 2020 kr 840,-). Leiarar i utval som ikkje har fast møtegodtgjersle, får utbetalt per møte 1,5 ‰ av ordføraren si godtgjersle (i 2020 kr 1.260,-). I utval der leiar eller andre medlemmer også har sekretæransvaret, blir det utbetalt ytterlegare 1,5 ‰ for denne funksjonen (i 2020 kr 1.260,-). Det blir ikkje betalt møtegodtgjersle for meir enn eitt møte per dag.

Medlemmene i ungdomsrådet får kr 100,- i møtegodtgjersle per møte.*)

Folkevalde som mottar fast årleg godtgjersle, får ikkje møtegodtgjersle i det utvalet som den faste godtgjersla er knytt til. Ordføraren får ikkje variabel godtgjersle og formannskapsmedlemmene og utvalsleiarane får ikkje møtegodtgjersle for møte i kommunestyret.

*) Vedtak i kommunestyret 16. desember 2013, sak 78/13.

III: Utgiftsdekning

§ 3-1 Tapt arbeidsforteneste
Folkevalde som har tapt arbeidsforteneste for å delta på kommunale møte og andre møte med rett til godtgjersle får dekka tapet etter desse reglane:

a.
Ulegitimert tap: kr 220,80 per time, maksimum kr 2.206,40 per dag, inkludert feriepengar. Dei som kan sannsynleggjere at tapet er vesentleg større enn kr 220,80 per time, får dekka tapt arbeidsforteneste etter pkt. b.

b.
Med legitimasjon (trekk i lønn): inntil kr 2.206,40 per døgn, inkludert feriepengar.

Satsane blir regulert kvart år tilsvarande auken i avlønninga for assistent i topplønn i det kommunale lønnsregulativet. Reguleringa skjer i ettertid og blir gjort frå 1. januar kvart år. (Siste regulering er gjort 1. januar 2020, då satsane vart auka med 2,25 %)

§ 3-2 Skyss- og kostgodtgjersle
Folkevalde har rett på skyss- og kostgodtgjersle etter kommunen sitt reiseregulativ.

§ 3-3 Pass av barn
Kommunen dekkjer utgifter til pass av barn i samband med kommunale møte etter satsane i § 3-1, punkt a.

IV: Etterlønn/ventelønn til folkevalde1

§ 4-1 Ettergodtgjersle til ordføraren
Ordføraren får ettergodtgjersle i 1 ½ månad dersom ho eller han har ein jobb å kome tilbake til etter avslutta teneste eller i 3 månader dersom ho eller han ikkje har ein jobb å gå tilbake i. Dersom ordføraren kan gå av med pensjon etter avslutta teneste, blir persjon rekna som "jobb" slik at etterlønna då utgjer 1 ½ månadsgodtgjersle.

1 Lagt til av kommunestyret den 2. november 2015.

V: Særskilde reglar

§ 5-1 Utbetaling
Møtegodtgjersle blir som hovudregel utbetalt automatisk. Tapt arbeidsforteneste, utgiftsdekning og møtegodtgjersle for deltaking i konferansar og anna der kommunen ikkje fører møtebok, blir utbetalt etter rekning.

§ 5-2 Tolking av reglementet
Formannskapet tolkar reglementet og tar stilling til tvilstilfelle.

§ 5-3 Iverksetjing m m
Reglementet gjeld frå 1. januar 2011. Frå same tidspunkt blir reglementet for godtgjersle til folkevalde i Gloppen, vedteke av kommunestyret den 24. juni 2002, oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter