Reglement for formannskapet (oppheva)

Reglementet vart vedteke av kommunestyret den 24. juni 2002.

Oppheva av kommunestyret den 19. mars 2012, sak 16/12.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Formannskapet er oppretta i medhald av kommunelova § 8.

§ 1-2 Val og samansetting
Formannskapet er samansett av 9 medlemmer med eit tilstrekkeleg tal vararepresentantar som er valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Valet skjer som høvetalsval dersom minst eitt av medlemmene i kommunestyret krev det.

Dersom eit medlem (utanom ordførar) fell frå eller blir løyst frå vervet, rykkjer vedkommande vararepresentant opp som medlem.

Dersom ordføraren permanent går ut, blir det gjort nyval.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Formannskapet er direkte underlagt kommunestyret, og overordna alle andre kommunale organ i budsjett- og økonomiplansaker.

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Arbeidsområde for formannskapet *
Formannskapet har som arbeids- og ansvarsområde kommunen sin økonomi, arealdisponering, kjøp og sal av eigedomar - unnateke kommunale tomter - og kommunen sine tilbod om næringsutvikling. Formannskapet forvaltar kommunen sine oppgåver etter desse lovene**, med tilhøyrande forskrifter:
- Vassdragslova av 15. mars 1970
- Samferdslelova av 4. juni 1976
- Alkohollova av 2. juni 1989.

* Endra av kommunestyret den 24. februar 2003 og den 16. desember 2004.
** jfr. elles § 3-1.

§ 2-2 Lovpålagde oppgåver
Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval og skal etter kommunelova § 8 behandle framlegg til årsbudsjett, økonomiplan og skattevedtak. Formannskapet skal etter § 10 i "forskrift om årsregnskap og årsberetning" legge fram kommunerekneskapen for kommunestyret.

Formannskapet gjev innstilling til kommunestyret i årsmeldingssaka, som skal leggast fram samstundes med årsrekneskapen.

Formannskapet skal behandle saker som gjeld nedsetting eller ettergjeving av skatt etter skattebetalingslova § 42.

§ 2-3 Hovudutvalsoppgåver
Formannskapet er hovudutval for nærings-, ressurs- og samferdslesaker, unnateke landbrukssaker, og for alle andre saksområde som fell utanfor hovudutvala sine ansvarsområde. Som hovudutval er formannskapet innanfor sitt ansvarsområde ansvarleg for:

  • samordning, planlegging og tilrettelegging av kommunen sin aktivitet og tenester
  • planfast, rasjonell og økonomisk organisering og drift tenestene
  • nødvendig samordning og samarbeid med andre offentlege og private organ som har oppgåver/ansvar for tilbod til glopparane.

Formannskapet skal føre kontroll med at vedtak innanfor sitt ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda på så tenleg måte som råd.

Formannskapet skal gjere vedtak i saker som omfattar saksområdet til meir enn eitt av hovudutvala.

§ 2-4 Fullmakter*
Formannskapet opptrer innanfor sitt ansvarsområde på kommunestyret sine vegne, og har avgjerdsrett i alle saker som ikkje er lagde til kommunestyret sjølv eller rådmannen, her under å;

  • forvalte midlar som er løyvde innanfor budsjettet sine rammer og føresetnader og i samsvar med kommunen sitt økonomireglement**
  • opprette komitear for løysing av tidsavgrensa oppgåver
  • velje kommunen sine representantar til styre og utval
  • godkjenne eller å forkaste A-rundskriv frå Kommunenes Sentralforbund som gjeld hovudtariffoppgjeret og generelle mellomoppgjer.

* Endra av kommunestyret den 16. desember 2004.
** Ikkje fastsett

III: Spesielle funksjonar og oppgåver

§ 3-1 Særlovsfunksjonar*
Formannskapet har desse særlovsfunksjonane:

  1. Fast planutval etter plan- og bygningslova § 9-1.
  2. Klageorgan for alle saker som ikkje ved lov er lagt til andre etter forvaltningslova § 28.
  3. Kommunalt kontrollutval etter forskrift gjeve i medhald av § 9-1 i alkohollova.

Formannskapet har utvida mynde i hastesaker etter § 13 i kommunelova, og utgjer arbeidsgjevar sine representantar i administrasjonsutvalet.

* Endra av kommunestyret den 16. desember 2004.

§ 3-2*
* Oppheva av kommunestyret den 16. desember 2004.

§ 3-3 Spesielle oppgåver
Formannskapet skal uttale seg om følgjande saker:
- opptak av lån og tildeling av garantiar
- tilsetting av rådmann
- val av domsmenn.

Formannskapet kan elles uttale seg i eller ta opp saker som vedkjem sitt ansvarsområde.

IV: Møteavvikling, innsyn og sekretariat

§ 4-1 Formannskapet sine møte
Formannskapet skal ha møte etter fastsett møteplan, eller når ordføraren finn det nødvendig eller når minst 3 av medlemmene krev det. Møta skal kunngjerast i Firda Tidend og på kommunen si heimeside på internett. Formannskapet skal til vanleg kallast inn skriftleg med minst 5 dagars varsel. Saksdokumenta skal sendast medlemmene, dei to første varamedlemmer på kvar liste og informasjonstensta og leggast ut på kommunen si heimeside på internett.

Formannskapet er vedtaksført når minst halvparten av medlemmane er til stades. Ved avstemming gjeld kommunelova § 35.

Rådmannen* har møte-, tale- og forslagsrett i formannskapet sine møte.

Det skal førast møtebok, som skal underskrivast av ordføraren. Utskrift av møteboka skal leggast ut på kommunen si heimeside på internett så snart som råd, og elles sendast informasjonstenesta, revisor og kontrollutvalet innan ei veke.

Kap. IV i kommunestyret sitt reglement gjeld elles for formannskapet si møteavvikling så langt det passar.

* Rådmannen sjølv eller den som møter på hans/hennar sine vegner.

§ 4-2 Rett til innsyn og godtgjersle
Medlemmene i formannskapet har innsynsrett i kommunale saksdokument og rett på godtgjersle og utgiftsdekning etter eigne reglement.

§ 4-3 Sekretariatet sine oppgåver
Rådmannen* er sekretær for formannskapet, og har møteplikt på utvala sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia og at det ligg føre tilråding før saka blir lagt fram for formannskapet.

* Rådmannen sjølv eller den som møter på hans/hennar sine vegner.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter