Reglement for finansforvaltning (oppheva)

Fastsett av kommunestyret den 14. juni 2010, sak 30/10.

Reglementet vart oppheva av kommunestyret i møte den 26. september 2016, i sak 52/18.

1. Finansreglementet sitt virkeområde

1.1 Mål med reglementet
Reglementet skal gje rammer og retningslinjer for kommunen sin finansforvaltning. Reglementet utgjer ei samla oversikt over dei rammer og avgrensingar som gjeld, og underliggjande fullmakter/instruksar/rutinar skal heimlast i reglementet. Reglementet definerer dei avkastnings- og risikonivå som er akseptable for plassering og forvaltning av likvide midlar og midlar berekna for driftsformål, opptak av lån/gjeldsforvaltning og plassering og forvaltning av langsiktige finansielle aktiva.

1.2 Kven reglementet gjeld for
Reglementet gjeld for Gloppen kommune. Reglementet gjeld også for verksemder i kommunale foretak etter kommunelova kapittel 11 og interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27

I den grad desse verksemdene har ei eiga finansforvaltning skal denne utøvast i tråd med dette reglementet, eller i tilfellet med interkommunalt samarbeid, etter eit særskilt finansreglement som er godkjent av kommunestyret.

2. Heimel og rettskraft

2.1 Heimel
Dette reglementet er utarbeida med bakgrunn i:

2.2 Rettskraft
Reglementet trer i kraft frå og med vedtaksdato (14. juni 2010).  Finansreglementet skal vedtakast minst éin gong i kvar kommunestyreperiode.

Dette reglementet erstattar alt tidlegare regelverk  kommunestyret eller andre i Gloppen kommune har vedteke for kommunen si finansforvaltning.

3. Forvaltning og forvaltningstypar
I samsvar med reglane i forskrift om kommunar og fylkeskommunar sin finansforvaltning skal reglementet omfatte forvaltning av alle kommunen sine finansielle aktiva (plasseringar) og passiva (renteberande gjeld). Gjennom dette finansreglementet er det vedteke målsettingar, strategiar og rammer for:

  • Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar til driftsformål
  • Forvaltning av kommunen sin gjeldsportefølje og andre finansieringsavtalar
  • Plassering og forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva.

4. Formålet med kommunen sin finansforvaltning
Finansforvaltninga har som overordna mål å sikre ei rimelig avkastning samt stabile og låge netto finansieringskostnader for kommunen sine aktivitetar innan definerte risikorammer.

For å oppnå dette gjeld fylgjande delmål:

  • Kommunen skal til ei kvar tid ha likviditet (inkludert trekkrettigheitar) til å dekke løpande forpliktingar
  • Plassert overskotslikviditet skal over tid gje ei god og konkurransedyktig avkastning innan definerte krav til likviditet og risi­ko, og omsyn til tidsperspektiv på plasseringane
  • Lånte midlar skal over tid gje lågast mogleg totalkostnad innan definerte krav til refinansieringsrisiko og renterisiko, og behov for å forutsjå lånekostnadane
  • Dersom kommunen har langsiktige finansielle aktiva, skal forvaltninga av desse gje ei god langsiktig avkastning til akseptabel risiko som over tid skal bidra til å gje kommunen sine innbyggjarar eit best mogleg tenestetilbod.

5. Generelle rammer og avgrensingar

  • Kommunestyret skal sjølv gjennom fastsetjing av dette finansreglement, ta  stilling til kva som er tilfredsstillande avkastning og vesentleg finansiell risiko, jfr § 52 i kommunelova
  • Reglementet skal baserast på kommunen sin eigen kunnskap om finansielle marknader og instrument
  • Kommunestyret skal ta stilling til prinsipielle spørsmål om finansforvaltninga, herunder kva som reknast som langsiktig finansiell aktiva.  Det ligg til rådmannen sjølv ein sjølvstendig plikt til å utgreie og leggje fram saker for kommunestyret som vert vurdert som prinsipielle
  • Rådmannen skal fortløpande vurdere om reglementet sine forskjellige rammer er hensiktsmessige, og om desse på ein klar og tydeleg måte sikrar at kapitalforvaltninga blir utøva forsvarleg i høve til dei risikoelement kommunen er eksponert for
  • Det ligg til rådmannen å inngå avtalar i samsvar med dette reglementet
  • Det ligg til rådmannen, med heimel i dette finansreglement, å utarbeide nødvendige fullmakter/instruksar/rutinar for dei enkelte forvaltningsformer som er i samsvar med kommunen sitt økonomireglement
  • Finansielle instrument og/eller produkt som ikkje er eksplisitt tillete nytta gjennom dette reglementet, kan ikkje nyttast i kommunen sin finansforvaltning.

Kommunen kan i si finansforvalting  ikkje nytte seg av andre finansielle instrument, såkalla "avledede" instrument/derivat.

Plassering av Gloppen kommune sine midlar i verdipapir, skal skje i samsvar med etiske kriterier. Kriteria er omtala under plassering av langsiktig finansiell aktiva, pkt 8.3.  Så langt det er praktisk mogleg skal desse etiske kriteria og gjelde for plasseringar i verdipapirfond.

Konkrete rammer for forvaltning av høvesvis kommunens midlar til driftsformål (inkl. ledig likviditet), gjeldsporteføljen og langsiktig finansiell aktiva omtalast i fortsettinga kvar for seg.

6. Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar til driftsformål
Kommunen sine midlar til driftsformål (ledig likviditet) kan plasserast i bankinnskot i norske kroner (NOK).

Kommunen kan inngå rammeavtale for å ivareta løpande trong for banktenester. Ved val av hovudbank skal det stillast krav om minimum internasjonal kredittrating A- eller tilsvarande kredittvurdering. Det kan gjerast avtale om trekkrettar.

Kommunens driftslikviditet skal plasserast i kommunen sin hovudbank.

Ledig likviditet og andre midlar rekna til driftsformål, utover kva som trengst til dekning av kommunen sine løpande forpliktingar, fråtrekt estimerte innbetalingar, dei næraste 3 månader, kan plasserast etter fylgjande retningslinjer:

6.1. Innskot i bank
For bankinnskot gjeld fylgjande avgrensningar:

  1. Tidsbinding kan ikkje avtalast for ein periode på meir enn 6 måneder
  2. Eit enkelt innskot med tidsbinding kan ikkje utgjere meir enn NOK 20 mill.

6.2. Felles plasseringsavgrensninger
Kommunen sine samla innskot i bank/kredittinstitusjon skal ikkje overstige 2 % av institusjonen sin forvaltningskapital.

6.3. Rapportering
Rådmannen skal i samband med tertialrapportering per 30. april og per 31. august, leggje fram rapportar for kommunestyret som syner status for forvaltning av ledig likviditet og andre midlar til driftsformål.  I tillegg skal rådmannen etter nyttår leggje fram ein rapport for kommunestyret som syner utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året.

Rapportane skal ta utgangspunkt i denne tabellen.

Rapporten skal i tillegg vise følgjande:

  • Rådmannen sin kommentar knytt til samansetting, rentevilkår/avkastning, vesentlege marknadsendringar og endring i risikoeksponering
  • Rådmannen sin omtale og vurdering av avvik mellom faktisk forvaltning og risikorammene i finansreglementet.

7. Forvaltning av kommunen sin gjeldsportefølje og andre finansieringsavtalar

7.1. Vedtak om opptak av lån
Kommunestyret fattar vedtak om opptak av nye lån i budsjettåret. Slikt vedtak skal som minimum fastsetje:

  • Lånebeløp
  • Nedbetalingstid

Med utgangspunkt i kommunestyret sitt  vedtak skal det gjennomførast låneopptak, medrekna godkjenning av lånevilkår, og elles forvaltning av kommunen sine innlån etter dei retningslinjer som går fram av dette reglementet, og i tråd med § 50 i kommunelova om låneopptak. 

Det kan og takast opp lån til refinansiering av eksisterande gjeld.

7.2. Val av låneinstrument
Det kan berre takast opp lån i norske kroner.

Lån kan takast opp som direkte lån i offentlege og private finansinstitusjonar, samt i livselskap. Det er også mogleg å legge ut lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden.  Lån kan takast opp som opne seriar (rammelån).

Finansiering kan også skje gjennom finansiell leasing.

7.3. Tidspunkt for låneopptak
Låneopptaka skal vurderast opp mot likviditetsbehov, vedteke investeringsbudsjett, forventningar om renteutvikling og generelle marknadstilhøve.

7.4. Konkurrerande tilbod
Låneopptak skal så langt som råd gjennomførast til marknaden sin gunstigaste pris. Det skal innhentast minst 2 konkurrerande tilbod frå aktuelle lånegjevarar.  Det kan gjerast unnatak frå dette for situasjonar der kommunen vel å leggje ut sertifikat- eller obligasjonslån gjennom å gje ein tilretteleggjar eit eksklusivt mandat.  Prinsippet kan også fråvikast ved låneopptak i statsbank (f.eks startlån i Husbanken).

7.5. Val av rentebindingsperiode - bruk av sikringsinstrument
Styring av låneporteføljen skal skje ved å optimalisere låneopptak og rentebindingsperiode i høve til oppfatningar om framtidig renteutvikling og innafor eit akseptabelt risikonivå gitt eit overordna ynske om å forutsjå og ha stabilitet i lånekostnader.

Forvaltninga skal leggast opp i høve til følgjande:

  1. Refinansieringsrisikoen skal reduserast ved å spreie tidspunkt for renteregulering/forfall 
  2. Gjennomsnittleg gjenverande rentebinding (durasjon - vekta rentebindingstid) på samla renteberende gjeld skal til ei kvar tid vere mellom 1 og 5 år.
  3. Minimum 1/3 av gjeldsporteføljen skal ha flytande rente (rentebindig kortare enn eitt år), minimum 1/3 skal ha fast rente, medan 1/3 skal vurderast ut i frå marknadssituasjonen.
  4. Den delen av gjeldsporteføljen som har fast rente, bør fordelast i 1 til 5 års segmentet på ein slik måte at kommunen får lågast mogleg refinansieringsrisiko.

7.6. Storleik på enkeltlån - spreiing av låneopptak
Forvaltninga leggast opp i høve til følgjande:

  1. Låneporteføljen skal vere samansatt av færrast mogleg lån, likevel slik at refinansieringsrisikoen ved ordinære låneforfall avgrensast.
  2. Eit enkeltlån kan ikkje utgjere meir enn 40 % av kommunen sin samla gjeldsportefølje
  3. Under elles like forhold vil det vere teneleg at kommunen fordelar låneopptak på fleire lånegjevarar.

7.7. Rapportering
Rådmannen skal i samband med tertialrapportering per 30. april og per 31. august rapportere på status for gjeldsforvaltninga.  I tillegg skal rådmannen etter nyttår rapportere til kommunestyret med omsyn på utviklinga gjennom året og status ved utgangen av året.

Rapportane skal ta utgangspunkt i denne tabellen.

For gjeldsforvaltninga skal det i tillegg rapporterast om fylgjande:

  • Opptak av nye lån (inkl. avtalar om finansiell leasing) i førre tertial
  • Refinansiering av eldre lån i førre tertial
  • Rådmannen sin kommentar knytt til endring i risikoeksponering, gjenverande rentebinding og rentebetingelsar i høve til kommunen sin økonomiske situasjon og situasjonen i lånemarknaden, samt framtidig finansierings-/refinansieringsbehov
  • Rådmannen sin omtale og vurdering av avvik mellom faktisk forvaltning og risikorammene i finansreglementet.

8. Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva

8.1 Formål
Forvaltning av kommunen sine langsiktige finansielle aktiva har som formål å sikre ei langsiktig avkastning som kan bidra til å gje innbyggjarane i  Gloppen kommune eit godt tenestetilbod.  Forvaltninga skal styre etter ein rullerande investeringshorisont på 4 år, samtidig som ein rimeleg årleg bokført avkastning blir prøvd oppnådd.

8.2 Investeringsrammer
Gloppen kommunestyre avgjer all plassering av langsiktig finansiell aktiva. 

Dersom kommunestyret i framtida vil delegere forvaltning av langsiktig finansiell aktiva, skal dette finansreglementet oppjusterast med nødvendige og tilstrekkelege rammer og retningslinjer for slik forvaltning.  Endringane skal vedtekast av kommunestyret før oppstart av forvaltning av langsiktige finansielle aktiva.

8.3 Etiske retningslinjer
Dei etiske retningslinjene som til ei kvar tid er gjeldande for Statens Pensjonsfond Utland, skal vere retningsgjevande for Gloppen kommune si etiske handtering av kapitalforvaltninga.

Desse retningslinjene seier blant anna at selskap som produserer særleg inhumane våpen skal utelukkast frå porteføljen.  Vidare skal selskap utelukkast dersom det er openbar uakseptabel risiko for at kommunen gjennom sine investeringar medverker til:

  • Grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane, som t.d. drap, tortur, frihetsberøving, tvangsarbeid, utnytting og annen utbytting av barn
  • Alvorleg krenking av individ sine rettar i krig eller konfliktsituasjonar, alvorleg miljøskade, grov korrupsjon og andre særlege grove brot på grunnleggjande etiske normer.

Gloppen kommune vil sjå til at samarbeidande forvaltarar er informert om både forvaltningsrammer og etiske retningslinjer i kommunen sitt reglement for finansforvaltning.  Det er Gloppen kommune sitt mål at kapital ikkje skal plasserast i selskap med ein uakseptabel etisk profil, og at det derfor skal velgjast forvaltarar som tek omsyn til dei etiske sidene ved plassering av sine investeringar. 

Dersom kommunen vert gjort merksam på at det hos ein forvaltar er plasseringar i selskap med ein uakseptabel etisk profil, skal dette takast opp til diskusjon med forvaltaren med sikte på at plasseringane gjort av forvaltaren, opphøyrer, eller at kommunen trekkjer seg ut av det aktuelle produkt hos forvaltaren.

9. Konstatering av avvik, vurdering og kvalitetssikring av finansiell risiko

9.1 Konstatering av avvik
Ved konstatering av avvik mellom faktisk finansforvaltning og finansreglementet sine rammer, skal slikt avvik utan opphald lukkast.  Avviket slik det har framstått, og eventuelt økonomisk konsekvens av avviket dersom dette er større enn NOK 1 mill, skal utan ugrunna opphald rapporterast til kommunestyret saman med framlegg til rutineendringar som vil redusere sjansane for slikt avvik i framtida. 

Dersom den konstaterte økonomiske konsekvens av avviket er mindre enn NOK 1 mill, kan slik rapportering vente til neste ordinære finansrapportering til kommunestyret.

9.2 Risikovurderingar
Det skal til kvar rapportering til kommunestyret gjerast fylgjande separate risikovurderingar:

  • Renterisikoen for plasseringar av ledig likviditet og andre midlar til driftsformål og gjeldsporteføljen sett i samanheng
  • Ein "netto" gjeldsbetraktning som syner kommunen sin regnskapsmessige renterisiko angitt i NOK ved ein 1 %-andel generell endring i rentekurven.

9.3 Kvalitetssikring
Finansforskrifta pålegg kommunestyret å la uavhengig kompetanse vurdere om finansreglementet legg rammer for ei finansforvaltning som er i tråd med kommunelova sine reglar og reglane i finansforskrifta.  I tillegg skal uavhengig kompetanse vurdere rutinane for vurdering og håndtering av finansiell risiko, og rutinar for å avdekke avvik frå finansreglementet.

Rådmannen påleggast ansvar for at slike eksterne vurderingar blir innhenta.

Kvalitetssikring av finansreglementet skal gjerast ved kvar endring av reglementet, og før kommunestyret vedtek nytt, endra finansreglement. I denne samanheng skal det og rapporterast på utført kvalitetssikring av rutinane.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter