Reglement for administrasjonsutvalet i Gloppen (utgått)

Fastsett av kommunestyret den 19. mars 2012, sak 16/12 i medhald av § 25  kommunelova og § 4 i hovudavtalen.

Sist endra av kommunestyret den 2. november 2015, sak 67/15.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Administrasjonsutvalet er oppretta i medhald av kommunelova § 25.

§ 1-2 Val og samansetning1
Administrasjonsutvalet er sett saman av fire medlemmer frå kommunestyret på arbeidsgjevarsida og tre medlemmer utpeika av arbeidstakarorganisasjonane etter reglane i hovudavtalen § 4. Kommunestyret vel leiar og nestleiar blant arbeidsgjevar sine representantar. Leiar skal sitje i formannskapet.

Funksjonstida følgjer den kommunale valperioden for arbeidsgjevarrepresentantane. Arbeidstakarrepresentantane blir valde for to år om gangen.

Dersom eit medlem fell frå eller blir løyst frå vervet, blir nytt medlem valt, sjølv om det er valt varamedlem. Fell leiaren frå, eller blir vedkomande løyst frå vervet, skal det veljast ny leiar, sjølv om det tidlegare er valt nestleiar.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Administrasjonsutvalet er direkte underlagt kommunestyret, unnateke i budsjett- og økonomiplansaker, der utvalet er underlagt formannskapet. Utvalet er innstillande organ overfor kommunestyret i alle saker innanfor sitt ansvarsområde.

II: Arbeidsområde og fullmakter

§ 2-1 Arbeidsområde - generelt
Administrasjonsutvalet er kommunen sitt hovudutval i personal- og organisasjonssaker og har som arbeidsområde dei oppgåver som har tilknyting til kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon, her inkludert oppgåver som følgjer av hovudavtalen § 4 i del B.

Utvalet har eit hovudansvar for å ta initiativ innan sitt arbeidsområde, og har ei generell fullmakt til å gjere vedtak i alle saker innanfor arbeidsområdet der avgjerdsretten ikkje er lagt til andre folkevalde organ eller til rådmannen. Det er utvalet si oppgåve å gje innspel til rådmannen i alle saker som gjeld kommunen sin organisasjonspolitikk.

Administrasjonsutvalet har som generell oppgåve å sjå til at Gloppen kommune er administrativt organisert på ein slik måte at kommunen er i stand til å yte glopparane god service og gode tenester.

Administrasjonsutvalet skal føre kontroll med at vedtak innanfor sitt ansvarsområde blir gjennomførde, og rapportere til kommunestyret om verksemda.

Fullmakter og oppgåver til administrasjonsutvalet som direkte følgjer av anna kommunalt regelverk, kjem i tillegg til dette reglementet.

§ 2-2 Saker det administrasjonsutvalet har avgjerdsrett1
Administrasjonsutvalet har avgjerdsrett i desse sakene:

  1. Fastsette kommunalt regelverk innanfor sitt arbeidsområde, unnateke stillingsinstruksar/stillingsforklaringar og regelverk som vedkjem arbeidsmiljøet
  2. Avgjere tvistespørsmål om tolking og praktisering av avtalar og regelverk som vedkjem arbeidstakarane sine tilsettings- og arbeidsvilkår og praktiseringa av hovudavtalen og hovudtariffavtalen
  3. Velje utvalet sin representant på arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet av om mellom dei fire folkevalde i utvalet.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.

§ 2-3 Saker der administrasjonsutvalet har uttalerett1
Administrasjonsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem dei folkevalde si arbeidsgjevarrolle, her inkludert:

  • økonomiplanen og årsbudsjettet når det gjeld problemstillingar knytt til utvalet sitt arbeidsområde
  • regelverk innanfor sitt saksområde der avgjerdsretten ligg til andre folkevalde organ
  • endring av organisasjons- og bemanningsplanar der vedtaksretten ikkje ligg til rådmannen
  • planar og strategiar som gjeld kommunen sin organisasjonspolitikk.

Administrasjonsutvalet skal uttale seg i alle saker som kommunestyret, formannskapet, ordføraren eller rådmannen ber om uttale på.

1 Endra av kommunestyret den 2. november 2015.

III: Spesielle funksjonar m m

§ 3-1 Likestillingsutval
Administrasjonsutvalet er kommunen sitt likestillingsutval og skal arbeide for at likestillings- og inkluderingsperspektivet blir ivareteke og innarbeidd på alle kommunale område.

IV: Møteavvikling, saksbehandling og sekretariat

§ 4-1 Møteavvikling, saksbehandling og innsyn
Saksbehandlinga i administrasjonsutvalet skal følgje reglane i kommunelova kap. 6. I tillegg gjeld eige reglement for saksbehandling og innsyn for folkevalde organ i Gloppen.

Dei tilsette sine representantar kan ikkje veljast til utval som arbeidsgjevarrepresentantar, eller delta i behandlinga av saker som direkte vedkjem kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon.

§ 4-2 Godtgjersle
Medlemmene i administrasjonsutvalet har rett til godtgjersle etter eige reglement for godtgjersle til folkevalde i Gloppen. Tapt arbeidsforteneste blir utbetalt også til dei tilsette sine representantar viss møtedeltakinga fører til trekk i lønn.

§ 4-3 Sekretær
Rådmannen er sekretær for administrasjonsutvalet, og har møteplikt og tale- og forslagsrett på utvalet sine møte. Rådmannen er ansvarleg for at ei sak er tilstrekkeleg utgreia, at det ligg føre tilråding i saka og at administrasjonsutvalet sine vedtak blir iverksette.

V: Iverksetting m m

§ 5-1 Iversetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato (19. mars 2012).

§ 5-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter