Instruks for kultur- og utviklingssjefen (oppheva)

Fastsett av rådmannen den 15. juli 2016.

I: Omfang og organisatorisk plassering

§ 1-1 Omfang

Denne instruksen gjeld for kultur- og utviklingssjefen i Gloppen. Til stillinga ligg også funksjonen som fungerande rådmann i Gloppen kommune når rådmannen er fråverande.

§ 1-2 Organisatorisk plassering

Kultur- og utviklingssjefen er direkte underlagt rådmannen og er med i rådmannen si leiargruppe.

II: Leiaransvar og hovudoppgåver

§ 2-1 Leiaransvar

Kultur- og utviklingssjefen har som medlem av rådmannen si leiargruppe eit overordna administrativt og fagleg ansvar for drifta og utviklinga av Gloppen kommune i tillegg til eit spesielt ansvar for kultursektoren og kommunen sitt overordna planarbeid.

Som leiar i Gloppen kommune er det kultur- og utviklingssjefen sitt ansvar å aktivt arbeide for å oppnå kommunen si målsetting for kommuneleiinga om:

  • ei synleg og forståeleg styring av kommunen
  • ei kvalitativ god og målretta tenesteyting
  • ei utnytting av kommunen sin samla kompetanse som kjem fellesskapet til gode
  • ein god kvalitet på økonomistyring, saksbehandling og internkontroll.
§ 2-2 Hovudoppgåver

Kultur- og utviklingssjefen si hovudoppgåve som leiar er å syte for at innbyggarane i Gloppen får god service ved å oppretthalde og utvikle ein organisasjon som får fram det beste i medarbeidarane, og som til ei kvar tid utnyttar ressursane så godt som råd.

Kultur- og utviklingssjefen er arbeidsgjevar sin representant overfor sine einingsleiarar, næringssjefen og dei tilsette på overordna planarbeid.

III: Spesielle oppgåver

§ 3-1 Generelt

Kultur- og utviklingssjefen er leiar av kultursektoren, næringssjefen og overordna planarbeid, og rådmannen sin saksansvarleg i kulturfaglege saker. Kultur- og utviklingssjefen har ei generell fullmakt til å gjere vedtak i alle kurante kultursaker, der dette myndet ikkje er lagt til einingsleiarane eller til organisasjonssjefen (servicetorget).

Kultur- og utviklingssjefen er – saman med teknisk sjef – sekretær for MULTEK-utvalet.

§ 3-2 Fullmakter

Kultur- og utviklingssjefen sine fullmakter går fram av kommunen sitt delegasjonsreglement.

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Teieplikt og opplysningsplikt

Kultur- og utviklingssjefen har teieplikt og opplysningsplikt i samsvar med gjeldande lovreglar.

§ 4-2 Iverksetting og endringar

Instruksen gjeld frå fastsettingsdato.

Kultur- og utviklingssjefen pliktar å rette seg etter dei endringane i instruksen som blir fastsette av rådmannen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter