Instruks for arkivleiar (oppheva)

Innstruksen vart fastsett av rådmannen v/ass. rådmann (no sekretariatsjefen) den 1. november 2001.

I: Omfang og organisatorisk plassering

§ 1-1 Omfang
Denne instruksen gjeld for arkivleiar i Gloppen kommune.

§ 1-2 Organisatorisk plassering
Arkivleiar er organisatorisk plassert i sekretariatet i sentraladministrasjonen (no servicetorget), med assisterande rådmann (no sekretariatsjefen) som næraste overordna.

II: Hovudoppgåver

§ 2-1 Hovudoppgåver1
Arkivleiar er leiar for kommunen sin arkivteneste - unnateke arkivet til skatteoppkrevjaren i Gloppen - og skal gje rettleiing og føre tilsyn med arkivdanning og arkivoppbevaring i kommunen. Arkivleiar skal:

  • halde seg oppdatert om den faglege og teknologiske utviklinga på arkivsektoren, og om endringar i regelverk for offentlege arkiv
  • gje fagleg rettleiing til arkivpersonalet og sørgje for at arkivmedarbeidarane får tilbod om å utvikle sin faglege kompetanse og halde seg oppdatert om den faglege utviklinga
  • gje nytilsette nødvendig opplæring
  • rapportere til leiinga i kommunen om verksemda til arkivtenesta og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arkivarbeidet
  • utarbeide planar for arkivarbeidet
  • føre tilsyn med at arkivarbeidet skjer i samsvar med reglane i arkivplanen
  • føre kontroll med at arkiva i kommunen er forsvarleg oppbevart og sikra
  • ta initiativ til opppdatering/endringar i arkivplanen
  • vere kontaktperson med fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

1 Endra av ass. rådmann 1. juni 2006.

III: Spesielle oppgåver

§ 3-1 Fullmakter
Arkivleiar er rådmannen sin saksbehandlar i arkivsaker og avgjer med endeleg verknad arkivfaglege spørsmål i kommunen. Arkivleiar er fagleg overordna alle som arbeider med arkivsaker i Gloppen kommune.

§ 3-2 Andre oppgåver
Arkivleiar skal elles delta i den daglege drifta av sekretariatet (no servicetorget).

IV: Særskilde reglar

§ 4-1 Teieplikt/opplysningsplikt
Arkivleiar har teieplikt og opplysningsplikt i samsvar med gjeldande lovreglar.

§ 4-2 Iverksetting og endringar
Instruksen gjeld frå fastsettingsdato.

Arkivleiar pliktar å rette seg etter dei endringane i instruksen som blir fastsette av rådmannen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter