Gebyrregulativ for oppmåling (oppheva)

Fastsett av kommunestyret i medhald av § 5-2 i delingslova og § 109 i plan- og bygningslova den 20. desember 1999. Satsane er oppjusterte i samsvar med kommunestyresak 64/02, og gjeld frå 01.01.2003.

Regulativet var gjeldande, med oppjusterte beløp, til 31. desember 2009, og vart då erstatta med gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova.

1. Gebyr for grensepåvising og utsetting av punkt
Gebyr for utsetting av punkt vert utrekna etter medgått tid.

2. Gebyr for kart- og delingsforretning over areal til grensearronderingar, tilleggsareal og mindre parsellar (t.d. nausttomt, garasjetomt) inntil 150 m² - blir utrekna etter følgjande formel
Y = 1.190,- + 4/3x
Y = gebyr i kroner
X = areal i m².

3. Gebyr for kart- og delingsforretning over areal til bustad og utbyggingsformål - blir utrekna etter følgjande formlar
Areal under 1.500 m²: kr 5.980,-
Areal mellom 1.501 og 5.000 m²: arealet x 0,5 + kr 5.230,-
Areal over 5.000 m²: arealet x 0,2 + kr 6.730,-.

4. Gebyr for kartforretning over grenser
Ved kartforretning over grenser skal det betalast etter medgått tid. Minstegebyret er kr 1190,-.

5. Gebyr for kartforretning over punktfeste
For kartforretning over punktfeste skal det betalast 50 % av minstegebyret i punkt 3. Dersom det er unødvendig med merking og måling i marka, blir gebyret utrekna som for registreringsforretning etter pkt. 12.

6. Gebyr for avbroten forretning
Ved tilbakekalla, avbroten eller annullert forretning skal det betalast kr 1.190,- pluss ein del av totalgebyret som blir fastsett etter skjønn av oppmålingsmakta på grunnlag av medgått tid.

7. Gebyr for påteikning av målebrev i samband med grenseregulering
For påteikning for grenseregulering/grensejustering skal det betalast 10 % av gebyret for forretninga. Minstegebyret er kr 1.190,-.

8. Gebyr for ajourføring av målebrev
For ajourføring av målebrev med påteikning av til- og fråmålingar, skal det betalast kr 1.190,-. Dersom eit nytt målebrev blir utskrive i staden for at eit eldre blir ajourført, skal det ikkje betalast større gebyr enn før ajourføring.

9. Gebyr for mellombels forretning (attest)
For utskriving av mellombels forretning skal det betalast kr 1.190,-. Dersom mellombels forretning blir halden av grunnar som skuldast oppmålingsmakta i kommunen, skal det ikkje beta­last ekstra gebyr for forretninga.

10. Gebyr for kart og delingsforretning over større saman­hengande areal
For kart- og delingsforretning over større samanhangande parsellar/eigedomar til landbruks, allmenne fritids- og andre allmennyttige formål skal det betalast for medgått tid etter pkt. 13. 

11. Ekspedisjonsgebyr
For kart- og delingsforretningar som blir styrt av andre enn oppmålingsmakta, skal det betalast eit ekspedisjonsgebyr på kr 410,- pr. forretning. Dersom det går med mykje tid til dette arbeidet, skal det betalast gebyr for medgått tid etter pkt. 13.

Når statens vegvesen er styrar av kart- og delingsforretningar, gjeld den oppretta samarbeidsavtalen mellom Gloppen kommune og vegkontoret i Sogn og Fjordane.  Staten skal i desse tilfella berre betale tinglysingsgebyr.

12. Gebyr for registreringsbrev (forskriftene kap. 27)
For utarbeiding av registreringsbrev skal det betalast kr 1.190-.  Dersom den enkelte sak vedkjem fleire regi­streringsnummer, kjem eit tillegg på kr 240,- for kvart ekstra registreringsnummer.

13. Gebyr utrekna på grunnlag av medgått tid
Gebyr for oppmålingstekniske arbeid som ikkje kan utreknast etter nokon av dei måtane som er nemnde i dette regulativet, skal utreknast på grunnlag av medgått tid. Timeprisen er kr 310,-, og minstegebyret er kr 310,-.

14. Urimeleg gebyr
Oppmålingsmakta får fullmakt til å fråvike regulativet når spesielle tilhøve tilseier det.

---

Generelle reglar for betaling av oppmålingsgebyr
a)  Alle gebyr skal betalast til økonomiavdelinga
b)  Betaling skal skje etter det regulativ og dei satsar som gjeld på rekvisisjonstidspunktet. Rekvirenten er ansvarleg for at gebyret blir betalt
c)  Betaling kan krevjast før forretninga blir halden
d) Gebyrsatsen inkluderer hjelpemannskap, bilgodtgjersle, administrasjonsutgifter og merking av grense
e)  Tinglysingsutgiftene skal påplussast gebyret
f)  Gebyrsatsane er fritekne for meirverdiavgift (jfr. skattedirektøren sitt rundskriv av 6. mars 1970 til skatteinspektørane)
g)  Gebyra skal vere betalt før forretningane blir sendt til tinglysing.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter