Forskrift om tildeling av kommunal bustad i Gloppen kommune (oppheva)

Fastsett av kommunestyret 4. november 2013 med heimel i kommunelova § 6.

Forskrifta vart oppheva av kommunestyret den 18. desember 2019, i sak 111/19.

Kapittel 1 - Innleiande føresegner

 

§ 1 Formål
Forskrifta skal medverke til auka rettstryggleik for søkjarane til kommunal bustad.

Forskrifta skal legge til rette for at personar som fell inn under målgruppa skal få leige nøktern og eigna kommunal bustad.

§ 2 Verkeområde
Forskrifta gjeldt bustader som Gloppen kommune disponerer for utleige til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Forskrifta gjeld butilhøve som er knytte til avtale om bruksrett til husrom mot vederlag, jfr husleigelova § 1-1.

Forskrifta gjeld ikkje opphald i institusjon eller i bustader med personale tilgjengeleg heile eller deler av døgnet.
Kommunale bustader blir leigde etter føresegnene i § 11-1 i husleigelova.

§ 3 Målgruppe
Målgruppa omfattar personar som treng hjelp til å skaffe seg bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsett funksjonsevne, helsemessige eller sosiale problem, manglande kunnskap om den norske bustadmarknaden eller liknande tilhøve.

§ 4 Kommunal bustad for vanskelegstilte
Kommunal bustad for vanskelegstilte er dei bustadene kommunen disponerer, både eigne og dei som er skaffa til utleige for målgruppa. Kommunen sine bustader for vanskelegstilte er:
1)
Bustader for fyrstegangsbusetting av flyktningar
2)
Bustader for helsemessig, sosialt og økonomisk vanskelegstilte3
3)
Bustader for personar med rus og psykiske lidingar
4)
Andre utleigebustader.

Kapittel 2 - Grunnkrav for å leige kommunal bustad

§ 5 Noverande butilhøve
Søkjar må vere utan eigna bustad og trenge hjelp til å skaffe seg bustad eller vere i ferd med å bli utan eigna bustad.

Søkjar er i ferd med å bli utan eigna bustad dersom:
1) L
eigekontrakta går ut innan seks månader utan at søkjar har rett på fornying
2) 
Søkjar ikkje har bustad ved utskriving frå institusjon eller liknande butilbod og utskriving vil skje innan seks månader
3)
Søkjar sin noverande bustad ikkje er eigna.

§ 6 Kriterium/vilkår for tildeling av kommunal bustad
Søkjar må
- vere fylt 18 år
- h
a lovleg opphald i Noreg
-
på søknadstidpunktet ha lovleg opphald i Noreg og vere registert i folkeregisteret med adresse i Gloppen kommune siste året
- v
ere utan eigna bustad, sjå § 5
- v
ere i målgruppa for kommunal bustad, sjå § 3.

Vilkår om butid gjeld ikkje for flyktningar som skal busettast i Gloppen kommune for fyrste gong etter avtale med den norske stat.

§ 7 Søkjarar med behov for oppfølgingstenester
Det må påreknast at søkjar kan meistre busituasjonen med dei forpliktingar som høyrer til, eventuelt ved hjelp av tilgjengelege buoppfølgingstiltak eller liknande hjelpetiltak.

Hjelpetiltak som er vurderte som naudsynlege for at søkjar skal meistre busituasjonen, skal spesifiserast og leggast fram for søkjar til uttale og godkjenning før dei vert tekne inn som vilkår i eit positivt vedtak. Aksepterte hjelpetiltak vert grunnlag for ein samarbeidsavtale mellom søkjar og kommunen.

Dersom søkjar ikkje ynskjer å nytte seg av tilbodne hjelpetiltak som er vurdert å vere naudsynlege for å meistre busituasjonen, vert det avslag på søknaden om bustad.

§ 8 Inntekt og formue
Søkjar må ikkje ha inntekt eller formue som gjer at søkjar sjølv er i stand til å skaffe seg eigna bustad.

§ 9 Uoppgjord gjeld til Gloppen kommune
Dersom søkjar har uoppgjort gjeld til Gloppen kommune som følgje av tidlegare butilhøve, kan det stillast vilkår om at det blir inngått betalingsavtale for gjeld før søknaden vert behandla. Uoppgjord gjeld kan vere skuldig husleige, mishald av kommunale lån eller manglande skadeerstatning frå tidlegare leigetilhøve.

Dersom det ikkje kjem i stand betalingsavtale, kan det bli avslag på søknaden om leige av kommunal bustad.

Kapittel 3 - Prioritering mellom søkjarar som fyller grunnkrava

§ 10 Prioritering
Er talet søkjarar som fyller grunnvilkåra i forskrifta §§ 5-9 større enn samla tal kommunale bustader til disposisjon, skal det gjerast ei prioritering mellom kvalifiserte søkjarar. Ved prioritering skal det leggast vekt på dei ulike behova hjå dei kvalifiserte søkjarane og kva type bustader som er tilgjengelege.

Søkjarar som etter ei samla vurdering har det mest påtrengande bustadbehovet, skal prioriterast.

Dersom eigna bustad ikkje er ledig for prioriterte søkjarar på vedtakstidspunktet, skal søkjar førast opp på venteliste for aktuell bustadtype. Det er ikkje høve til å klage på avgjerda om å bli sett på venteliste. Søkjarar som blir sett på venteliste skal ha tildelt kommunal bustad innan seks månader. Om det ikkje er sannsynleg at det blir ledig bustad innan seks månader, skal det gjevast avslag på søknad.

Kapittel 4 - Sakshandsaming

§ 11 Søknad
Søknad om leige av kommunal bustad skal sendast til Gloppen kommune.

§ 12 Vedtak
Vedtaket om tildeling av bustad er eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova § 28.

Vedtak om leige av kommunal bustad skal innehalde kva bustad og type bustad som er tildelt, lengde på leigekontrakt, husleige og eventuelle vilkår om at søkjar inngår betalingsavtale for gjeld i samsvar med § 9 i forskrifta.

Når avtale om oppfølgingsteneste i tilknyting til bustaden er naudsynt, skal det gå fram av vedtaket, sjå § 7 i forskrifta.

§
13 Leigetid
Leigeavtalen for leige av kommunal bustad skal som hovudregel gjelde for tre år.

§ 14 Bortfall av positivt vedtak om leige av kommunal bustad for vanskelegstilte
Vedtaket gjeld ikkje når:
-
Søkjar utan sakleg grunn avslår tilbodet om bustad
-
Søkjar sin situasjon er endra frå søknadstidspunktet til tidspunktet for inngåing av leigekontrakt der søkjar ikkje lenger fyller grunnkrava for tildeling av kommunal bustad.

Dersom vedtak om leige av kommunal bustad fell bort etter § 14 i forskrifta, skal det gjerast eige vedtak om det.

§ 15 Fornying av vedtak
Personar med kommunal bustad må søkje om fornying seks månader før leigekontrakta går ut. Nytt positivt vedtak kan fattast dersom leigetakar framleis fyller grunnvilkåra i forskrifta § 5-9.

Søknaden kan bli avslått dersom det føreligg uoppgjord gjeld til kommunen i samsvar med forskrifta § 9 og det ikkje er inngått nedbetalingsavtale for gjelda.

Ved fornying av positivt vedtak skal det vurderast om søkjar skal tildelast annan bustad tilpassa husstanden sin noverande situasjon.

§ 16 Byte av kommunal bustad
Leigetakarar av kommunal bustad kan søkje om å få byte til annan bustad.

Vilkår:
-
Bustaden er ueigna på grunnlag av helsemessige årsaker
-
Det er endring i husstanden sin storleik
-
Bustaden er ueigna på grunnlag av andre tungtvegande sosiale tilhøve.

Det vert vektlagt at kommunal bustad skal vere ein nøktern bustad og det vert nøye vurdert om vilkåra for byte av bustad er oppfylte.

§ 17 Klage
Klageorgan for vedtak gjort etter denne forskrifta er helse- og omsorgsutvalet.

Klagefrist er tre veker frå det tidspunkt brev om vedtak kom fram til søkjar, jf § 29 i forvaltningslova.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter