Forskrift om gebyrregulativ for byggesakbehandling i Gloppen (oppheva)

Vedteken av formannskapet etter § 13 i kommunelova den 17. juni 2010, sak 83/10. Forskrifta er fastsett med heimel i § 33-1 i plan- og bygningslova.

Oppheva som følgje av ny kommunal forskrift om gebyr for handsaming av private reguleringsplanar og byggesaker i Gloppen kommune, vedteken av kommunestyret den 5. november 2012 i sak 90/12.

Kap. I - Omfang

§ 1-1 Gebyr gjeld for
-
byggesaksbehandling, riving og tilsyn
- dispensasjonar
- godkjenning av foretak
i Gloppen kommune.

§ 1-2 Generelt
Dei som får utført offentlege tenester etter plan- og bygningslova, skal betale gebyr etter reglane i denne forskrifta.

Dei bygningstypane som gebyrregulativet omhandlar er definert i GAB-registeret (Grunneigedom-, adresse- og bygningsregisteret). Regulativet er basert på faktiske kostnader med saksbehandling av dei ulike tiltak, avhengig av tiltaksklasse. I tillegg kjem gebyr for godkjenning av foretak, samt gebyr for behandling av eventuelle dispensasjonar. Der det er vist til areal, er meint brutto areal på bygningane.

Kap II - Regulativ

§ 2-1 Gjeldande regulativ

§ 2-2 Gebyret omfattar
Sakshandsaming, administrasjonskostnader som høyrer til saka, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll, tilsyn og eventuelt attestar. For oppdatering og ajourhald av kommunen sitt kartverk, blir det skrive ut eit særskilt gebyr for situasjonskart eller forenkla situasjonskart, jfr. gjeldande gebyrregulativ for kart og oppmåling.

§ 2-3 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr. Tiltakshavar er ansvarleg for at gebyret vert betalt.

§ 2-4 Avrekningstidspunkt
Gebyret vert utrekna i høve til det regulativet som gjeld når fullstendig søknad er komen inn til kommunen.

§ 2-5 Fakturerings- og betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad om rammeløyve vert gjort, vert det fakturert 50 % av fullt gebyr. Dei resterande 50 % vert fakturert etter at igangsettingsløyve er gjeve. Ved trinnvis igangsetting skal det betalast eit ekstra gebyr pr. igangsettingsløyve frå og med trinn 2.

Gebyr for dispensasjonar skal betalast når det vert gjeve rammeløyve.

Gebyret har forfall 30 dager etter fakturadato. Samla gebyr under 3 000,- skal ikkje delast.

§ 2-6 Kombinerte bygg
Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgste gebyrklasse

§ 2-7 Bruksendring
Ved bruksendring der det ikkje vert føreteke bruksendring, vert det fakturert med 25 % av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til. Ved bruksendring der det vert føreteke bruksendring, vert det fakturert etter regulativ for ombygging.

§ 2-8 Prosjekt med fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt med fleire tiltaksklasser vert gebyret rekna etter bygget si samla tiltaksklasse (vert fastsett av rådmannen (1) etter forslag frå ansvarleg søkjar).

(1) Delegert til teknsik sjef.

§ 2-9 Avslag
Ved vedtak som medfører avslag på ramme-, igangsettings- eller enkle tiltak, må det betalast 50 % av fullt gebyr.

§ 2-10 Ulovlege tiltak etter plan- og bygningslova
På grunn av kommunen sine meirutgifter ved saksbehandlinga av ulovleg igangsette eller utførte tiltak, skal gebyr betalast etter medgått tid og satsar i § 2-13 i dette regulativet. Minstegebyr er 2 gongar basisgebyr. I tillegg kan kommunen krevje dekning for eventuelle kostnader til sakkunnig bistand. Gebyr skal òg betalast der søknaden fører til avslag.

§ 2-11 Tilsyn
Tilsynsplikta er klarare i ny del av plan- og bygningslova. Utgjer ca 10 % av byggesaksgebyret. Dette vil verte justert inn i satsane, som vert regulert ved første revidering, gjeldande frå 01.01.2011.

§ 2-12 Gebyr for sakkunnig bistand
Kommunen kan i særlege tilfelle rekvirere sakkunnig bistand for å få gjennomført nødvendig tilsyn i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 33-1 og § 25-2 andre ledd.

§ 2-13 Gebyr for medgått tid
For arbeid som ikkje går inn under gebyrtabellen, kan gebyr reknast etter medgått tid.

§ 2-14 Tillegg for mangelfull søknad
Basisgebyret vert auka med 20 % i saker der det vert meirarbeid på grunn av mangelfull søknad. Dette gjeld i saker der det må skrivast brev til søkjar/tiltakshavar om tilleggsdokumentasjon. Det same gjeld for saker der estetikk er dårleg dokumentert og der det er behov for synfaring før søknaden vert behandla.

§ 2-15 Urimeleg gebyr
I særlege høve der gebyret etter dette regulativet vert urimeleg høgt eller urimeleg lavt, kan rådmannen (1) fastsette passande gebyr.

(1) Delegert til teknisk sjef.

Kap III - Klage og iverksetting

§ 3-1 Klageadgang
Det kan ikkje klagast på gebyr fastsett etter reglane i denne forskrifta, unnateke er vedtak som er gjort av rådmannen (1), som kan klagast på etter forvaltningslova.

(1) Teknisk sjef.

§ 3-2 Iverksetting
Denne forskrifta gjeld frå 1. juli 2010. Frå same dato blir forskrift om gebyrregulativ for byggesaksbehandling fastsett av kommunestyret den 17. desember 2007 oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter