Forskrift om eigedomsskatt i Gloppen kommune (utgått)

Vedtekne av kommunestyret i sak 9/09, den 23. mars 2009, med heimel i eigedomsskattelova.

Utgått som følgje av fastsetting av nye vedtekter i kommunestyret den 30. september 2013 i sak 42/13. 

Kap. I Skattetakstnemnder

§ 1-1 Val og samansetting av skattetakstnemnder
Til å taksere faste eigedomar i Gloppen har kommunestyret i sak 12/06 oppretta ei sakkunnig nemnd som skal føreta verdifastsetting av eigedomar som er skattepliktige, og ei overtakstnemnd. Funksjonstida for nemndene følgjer den kommunale valperioden.

Sakkunnig nemnd skal ha 3 medlemmer (leiar, nestleiar og eitt medlem) og to varamedlemmer i rekkefølgje.

Overtakstnemnda skal ha 6 medlemmer (leiar, nestleiar og fire medlemmer), og 3 varamedlemmer i rekkefølgje.

Kommunestyret vel leiar og nestleiar i nemndene. Når eit medlem fråtrer for godt i ein valperiode, rykkjer 1. vara opp som nytt fast medlem, og dei andre varamedlemmene opp ein plass. Ny siste vara blir valt.

§ 1-2 Kven kan veljast - reglar om habilitet
Alle som har plikt til å ta imot val til kommunestyret, kan veljast og har plikt til å ta imot val som medlem i sakkunnig nemnd og i overtakstnemnda. Medlemmer av kommunestyret kan nekta å ta imot val.

Eit medlem er ugild å delta i taksten etter reglane i § 6 forvaltningslova, jfr også § 21 i eigedomsskattelova. Nemnda avgjer om eit medlem er ugild, jfr § 8 i forvaltningslova.

§ 1-3 Saksbehandling i nemndene
For saksbehandlinga i nemndene gjeld reglementet til kommunestyre så langt det passar. Vedtak i nemndene blir gjort med vanleg fleirtal. Eigedomsskattekontoret (kommunen si økonomiavdeling) er sekretariat for sakkunnig nemnd og overakstnemnda.

Medlemmene i sakkunnig nemnd og overtakstsnemnda får godtgjersle etter gjeldande reglement.

§ 1-4 Bruk av sakkunnige
Sakkunnig nemnd og overtakstnemnda kan engasjere juridisk og teknisk hjelp i den grad dei finn dette nødvendig.

Kap. II Takstar

§ 2-1 Retningslinjer for taksering m m
Før allmenn taksering tar til, skal sakkunnig nemnd drøfte og vedta retningslinjer for takseringa for å sikre størst mogeleg likskap i vurderinga.

Leiar i nemnda skal planlegge og leie arbeidet og fastsette tid for takseringa. Ho/han skal syte for at eigar av eigedomen eller den som har fullmakt frå eigar, blir varsla. Det skal gjevast minst 3 dagars varsel.

Allmenn taksering skal vere kunngjort på førehand i Firda Tidend og på kommunen si heimeside.

§ 2-2 Synfaring
Det skal vere synfaring på alle skattepliktige eigedomar. Når eigedomen skal synfarast, bør det om mogeleg ligge føre opplysningar om:
- storleiken på eigedomen
- oppgåve over husvære, forretningslokale m m som er i bygningane på eigedomen og oversikter over rom- og flateinnhald
- for bedriftseigedomar: oversikter over større maskininnstallasjonar o l.

Den sakkunnige nemnda skal syte for at verdifastsettingane blir einsarta.

§ 2-3 Protokollering
Taksten skal settast til eit tal kan delast med 1.000. Grunn og bygning kan takserast kvar for seg dersom dei har ulike eigarar.

Eigedomsskattekontoret fører takstprotokoll. Takstprotokollen skal innehalde opplysningar om kva tid taksten er halden, kva eigedom det gjeld og takstsummen. Takstprotokollen skal underskrivast av alle medlemmene i nemnda for kvart møte.

§ 2-4 Utlegging og kunngjering
Etter at allmenn taksering er avslutta, skal det leggjast ut liste over alle takstar til offentleg gjennomsyn i 3 veker. Utlegginga skal kunngjerast i Firda Tidend og på kommunen si heimeside.

Ved særskild taksering i perioden mellom to allmenne takseringar, skal det sendast kopi av takstprotokollen til eigar med opplysningar om frist for krav om overtakst og kven kravet skal sendast til.

Kap III Overtakst

§ 3-1 Krav om overtakst - behandling i nemndene
Overtakst kan krevjast av ein skatteytar eller formannskapet. Fristen for å krevje overtakst er 4 veker frå skattetakstlista er lagt ut eller gjenpart av takstprotokollen er sendt ut. Krav om overtakst skal vere skriftleg og skal sendast til eigedomsskattekontoret.

Krav om overtakst skal behandlast av sakkunnig nemnd, som avgjer om dei held fast på tidlegare vedtak eller gjev klagar medhald.

I saker der sakkunnig nemnd held fast på tidlegare vedtak, skal av desse leggast fram for overtakstnemnda til avgjerd. Overtakstnemnda sitt vedtak kan ikkje påklagast.

Overtakstnemnda gjennomfører overtaksten etter reglane i kap II i forskriftene så langt dei passar.

Kap IV Særskild taksering

§ 4-1 Særskild taksering
Særskilt taksering skal gjennomførast mellom to allmenne takseringar når:
- eigedomen blir delt
- det er bruksendring for heile eller deler av eigedomen
- drifta på eigedomen er endeleg nedlagt (gjeld verk og bruk utanfor eigedomsskatteområde)
- det har vore nybygging eller påbygging på eigedomen
- bygningar på eigedomen er rivne eller er øydelagde av brann eller andre årsaker som gjev grunnlag for å tru at endringa tilsvarar ein auke eller reduksjon i takstverdien på minst kr 10.000,-.

Eigedomsskattekontoret førebur særskild taksering når melding eller anna materiale viser at vilkåra for dette ligg føre. Sakkunnig nemnd avgjer om særskild taksering skal gjennomførast.

§ 4-2 Krav om særskild taksering
Krav om særskild taksering § 4-1 kan fremjast av den skattepliktige eller av formannskapet, og kravet må ligge føre innan 1. november. Kravet skal settast fram for eigedomskattekontoret.

Formannskapet skal orienterast når det ligg føre opplysningar som gjev grunn for å tru at verdien av ein eigedom er vesentleg endra.

Når skattepliktige set fram krav om særskild taksering mellom to allmenne takseringar, skal skattepliktige sjølv bere kostnadene med taksten.

Ved særskild taksering gjeld elles reglane i kap II og kap. III i forskriftene så langt dei passar.

Kap V Eigedomsskatten

§ 5-1 Utskriving av eigedomsskatt*
Eigedomsskatten blir kvart år skriven ut med grunnlag i årlege vedtak i kommunestyret, der det blir vedteke skattesats og skatteområde. Formannskapet kan frita følgjande eigedomar for betaling av eigedomsskatt:
a) eigedomar eigd av stiftingar eller institusjonar som blir drivne med samfunnsnyttige formål
b) bygningar av historisk verdi.

Formannskapet sitt vedtak etter denne paragraf kan påklagast til kommunestyret etter reglane i forvaltningslova.

* Endra av kommunestyret den 20. juni 2011, sak 27/11.

§ 5-2 Innkrevjing av eigedomsskatten
Eigedomsskattekontoret reknar ut eigedomsskatten og skriv ut skattelistene. Eigedomsskattelista skal innehalde oversikt over alle takserte skattepliktige eigedomar, oppførte etter gards- og bruksnummer, skattesats, takstverdi, utskriven skatt og namn på eigar.

Eigedomsskatten skal så langt råd skrivast ut innan 1. mars i skatteåret, og eigedomsskattekontoret syter for utsending av skattesetlar.

Eigedomsskatten forfell til betaling i fire terminar, den 20. februar, 20. mai, 20. september og 20. november, likevel slik at eigedomsskatt på inntil kr 1.000,- forfell samla til betaling 20. februar.

§ 5-2 Endring i skatten som følgje av ny takst - særskild taksering eller overtakst
Endring i eigedomsskatten som følgje av endra takstverdi på ein eigedom blir gjennomført ved utskriving av eigdomsskatt innan den frist som gjeld for den årlege eigedomsskatteutskrivinga. Blir taksten endra ved overtakst, skal skatten omreknast.

Kap VI Iverksetting

§ 6-1 Iverksetjing av forskrifta
Denne forskrifta gjeld frå vedtaksdato.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter