Etiske reglar for tilsette i Gloppen kommune (oppheva)

Fastsette av rådmannen den 19. juni 2008.

* Sist endra av rådmannen 6. juli 2016.

Reglane er oppheva av rådmannen den 18. desember 2019 som følgje av kommunestyret sitt vedtak om nye etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde i Gloppen i k-sak 108/19.

§ 1 Bakgrunn og formål
Vi som er tilsette i Gloppen kan kvar dag kome i etiske dilemma. Desse reglane skal vere eit hjelpemiddel til og ei oppmodning om å handle etisk, både ved å utøve offentleg mynde med varsemd og forstand og å opptre truverdig og ærleg.

§ 2 Generelt
Gloppen kommune legg stor vekt på at vi som tilsette alltid står fram som truverdige, ærlege og opne. Alle har eit ansvar for å etterleve dette. Som forvaltar av samfunnet sine fellesgode blir det stilt spesielt høge krav til våre etiske haldningar i arbeidet for kommunen.

Vi er alle pliktig til å overhalde lover, forskrifter og anna regelverk som gjeld for kommunen si verksemd.

Desse etiske reglane kan ikkje fråvikast med økonomiske omsyn som einaste grunngjeving.

§ 3 Menneskeverdet skal takast ivare
Vi som er tilsette skal behandle brukarar, kollegaer og andre vi kjem i kontakt med gjennom arbeidet eller i aktivitetar som har med arbeidet å gjere, høfleg og med respekt. Vi skal ikkje oppføre oss på ein måte som kan krenke menneskeverdet.

Ingen av oss skal kjøpe eller selje seksuelle tenester, eller avtale slikt kjøp eller sal, i arbeidstida og på tenestereiser.

§ 4 Omsynet til innbyggarane
Vi skal vere klare over, og ta omsyn til, at det er vi som skaper grunnlaget for den tillit og dei haldningane innbyggarane har til kommunen. Alle tilsette skal derfor aktivt ta avstand frå og arbeide mot alle former for uetisk praksis.

Vi skal høyre på innbyggarane sine interesser, arbeide for likebehandling og opptre med respekt overfor den enkelte.

§ 5 Habilitet

  1. Vi skal unngå å kome i situasjonar som kan føre til konflikt mellom kommunen sine interesser og våre eigne interesser. Dette gjeld også tilhøve som ikkje direkte er ramma av inhabilitetsreglane i forvaltningslova

    Dersom spesielle personlege interesser likevel kan påverke avgjersla i ei sak du har det faglege ansvaret for, eller du er med i saksbehandlinga eller førebuande saksbehandling på, skal du ta dette opp med næraste overordna.
  2. Dersom rådmannen sjølv er inhabil, skal alle avgjersler og vedtak i saka gjerast av ordføraren eller aktuelt folkevalt organ. Rådmannen vil i slike saker be ordføraren vurdere om saka bør utgreiast av ein annan kommune.

    Dersom særlov legg vedtakskompetansen til ei bestemt stilling, og personen som har denne stillinga er inhabil, skal aktuelle etatsjef, eventuelt rådmannen sjølv, oppnemne ein kompetent avløysar for han/henne.
  3. Rådmannen og medlemmene i rådmannen si leiargruppe skal ikkje aktivt delta i partipolitisk arbeid.

§ 6 Forvaltning og bruk av kommunen sine midlar
Vi er alle pliktige til å bruke og å ta vare på kommunen sine midlar, d.v.s. budsjettmidlar, bygningar, bilar, maskiner, elektronisk utstyr og liknande.

Bruk av kommunen sine maskiner, bilar og anna utstyr kan berre skje etter godkjenning frå ansvarleg leiar. Kommunen sine brevmalar og kommunevåpenet/logoar skal aldri brukast i privat korrespondanse.

§ 7 Integritet og omdøme
Alle tilsette skal utføre oppgåvene sine og opptre slik at vi ikkje skadar kommunen sitt omdøme:

  1. Vi skal unngå personlege fordelar som kan påverke, eller gje grunnlag for å påverke handlingar, saksførebuing eller vedtak, eller som kan gje andre sakleg grunn til å tru dette. Dette gjelder alle fordelar som gåver, personlege rabatter og liknande. Blomster, konfekt o.l. kan likevel takast i mot med godt samvit innanfor rimlege grenser.
  2. Moderate former for sjenerøsitet og representasjon høyrer ofte med i samarbeid og informasjonsutveksling. Graden av slik merksemd må likevel ikkje bli slik at dette påverkar avgjerdsprosessar, eller gje andre sakleg grunn til å tru det.
  3. Ved tilbod om gåver som går ut over desse reglane, skal næraste overordna kontaktast. Slike gåver skal returnerast gjevaren i lag med eit brev som gjer greie for kommunen sine reglar om dette. Kopi av brevet skal sendast kommunerevisjonen.
  4. Reiseutgifter i fagleg samanheng skal berre betalast av kommunen, fagforeining eller ideelle organisasjonar o.l.
  5. Ingen tilsette kan ta imot fritidsreiser betalt av bedrifter og organisasjonar o.l. som han/ho på vegner av kommunen har kontakt med.
  6. Ingen tilsette skal vere med på reklame i media for leverandørar som har levert produkt eller tenester til kommunen. Dette er ikkje til hinder for å vere referanse for ein vareleverandør sine kundar, når avtalen om dette er inngått utan at dette påverkar prisen på vara.

§ 8 Kontaktperson - samtalepart*
Dersom du som tilsett i Gloppen kommune er i ferd med å kome i eit etisk dilemma, eller har kome i ein situasjon du er utrygg på i saker som desse reglane er meint å seie noko om, kan du ta kontakt med personalsjefen for samtale og rettleiing.

* Endra av rådmannen den 6. juli 2016.


Sandane, den 19. juni 2008
Marit Elisabeth Larssen
rådmann

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter