Arbeidsreglar (arbeidsreglement) - (oppheva)

Arbeidsreglementet vart vedteke av kommunestyret den 15. desember 1997. Reglementet er seinare endra av administrasjonsutvalet den 8. mars 2001, sak 6/01.

Oppheva av administrasjonsutvalet 14. april 2016 i sak 3/16.

§ 1 Omfang og verkeområde
Reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jf. Hovudtariffavtalen sine fellesbestemmelser § 1.

Reglementet gjeld ikkje for kommunalt tilsette som er tilsette på statlege lønns- og arbeidsvilkår. Desse får regulert arbeidstilhøva sine i samsvar med gjeldande statleg regel- og avtaleverk.

Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtalar eller andre reglar som er bindande for kommunen.

§ 2 Tilsetting
Arbeidstakaren blir tilsett i Gloppen kommune, ikkje i den einskilde etat/institusjon - på dei lønns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, reglement, tilsettingsdokument og tariffavtalar.

§ 3 Tilsettingsbrev
Tilsetting skal skje ved skiftleg arbeidsavtale (tilsettingsbrev) for alle arbeidstilhøve uavhengig av lengda på tilhøvet. Det skal gå fram av tilsettingsbrevet kva vilkår og plikter som gjeld for stillinga.

Ved tilsetting får arbeidstakaren utlevert eit eksemplar av "Handbok for tilsette i Gloppen kommune" med regelverk som regulerer arbeidstilhøvet.

§ 4 Legeattest
For stillingar der det vert stilt spesielle krav til helse, skal det før tilsetting bli lagt fram tilfredsstillande helseattest.

§ 5 Politiattest
For stillingar der det i medhald av lov blir kravd politiattest, skal denne bli lagt fram før tilsettinga er gyldig. Krav om slik attest skal gå fram av utlysinga.

§ 6 Arbeids- og kviletider (1)
Klokkesletta for arbeids- og kviletider skal gjerast kjende for dei tilsette på sikker måte.

Den ordinære arbeidstida for veka skal i gjennomsnitt vere 37,5 timar og 35,5 timar for tilsette i turnusordningar. Arbeidstidsordningane skal følgje reglane i Hovedtariffavtalen sine fellesbestemmelser § 4.

(1) Endra av adminitrasjonsutvalet den 8. mars 2001.

§ 7 Ferie (1)
Ferien blir ordna i samsvar med reglane i gjeldande ferielov og tariffavtale.

Arbeidsgjevar fastset ferietid etter drøfting med arbeidstakaren eller tillitsvalde til vedkomande. Ferielista skal gjerast kjend minst 2 månader før ferien tek til. Dette gjeld ikkje den ekstra ferieveka for arbeidstakarar over 60 år.

(1) Endra av administrasjonsutvalet 8. mars 2001.

§ 8 Fråvær frå arbeidet (1)
Fråvær grunna sjukdom, ulykke eller andre årsaker skal snarast råd meldast til næraste overordna. Ved alle fråvær skal eigenmelding leverast snarast råd i samsvar med reglane som gjeld for dette.

(1) Endra av administrasjonsutvalet 8. mars 2001.

§ 9 Utbetaling av lønn
Månads- og årslønna får utbetalt lønn innan den 15. i månaden. Variable tillegg frå månaden før vert utbetalt samstundes dersom timeliste er levert tilvisande etat innan den 20. i månaden før utbetalingsmånaden.

Time-, dag- og vekelønna får utbetalt lønn innan den 15. i månaden etter innlevert timeliste. Timelista må leverast tilvisande etat innan den 20. i månaden før utbetalingsmånaden.

Kommunen har ikkje ordning med fast forskot på fastlønn. Forskot på lønn kan unntaksvis utbetalast etter tilvising.

Kvar arbeidstakar skal sjølv kontrollere at det er utbetalt rett sum. Eventuelle feil må meldast snarast råd.

Trekk i lønn kan berre gjerast i desse tilfella:
a. Lovbestemte trekk
b. Pensjonsinnskot for dei som kjem inn under. Pensjonsinnskot blir trekt frå tiltredingsdato
c. Summar som på førehand er skriftleg avtalt mellom kommunen og arbeidstakaren
d. Kontigent til fagforeining dersom foreininga ber om det, jfr. Hovudavtalen
e. Erstatning for skade eller tap arbeidstakaren med vilje eller ved grov aktløyse har påført kommunen. Føresetnaden for slikt trekk er at arbeidstakaren skriftleg stadfestar erstatningsansvar, eller det er fastslått ved dom eller arbeidstakaren rettsstridig sluttar i stillinga si.

Lønnstrekk skal vere avgrensa til den delen av lønna som overstig det som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsørge seg sjølv og husstanden sin. Før det blir gjennomført trekk, skal dette drøftast med arbeidstakaren sine tillitsvalde.

§ 10 Almenn orden
Arbeidstakaren må vere på arbeidsstaden/mønstringsstaden når arbeidstida startar.

Arbeidstakaren skal ikkje vere påverka av alkohol eller anna rus- eller bedøvande middel i arbeidstida.

§ 11 Behandling av utstyr
Alt inventar, maskinar, verktøy, materialar og anna som kommunen eig, skal behandlast med omtanke. Det skal visast varsemd ved bruk av giftstoff, eld og brann- og eksplosjonsfarlege saker. 

Arbeidstakaren skal rette seg etter reglar og pålegg som er gitt for å verne om helse, miljø, tryggleik og eigedom, jf. kommunen sitt internkontrollsystem. Arbeidstakaren skal bruke det verneutstyr som er påbode etter lov og forskrifter.

§ 12 Permisjon
For permisjon gjeld reglane i kommunen sitt permisjonsreglement.

§ 13 Oppseiing
Oppseiing skal vere skriftlege frå begge partar. Arbeidstakaren kan krevje grunngjeving for oppseiinga. Denne kan krevjast i skriftleg form.

Ved oppseiing frå kommunen si side skal oppseiinga innehalde opplysningar om dei rettar arbeidstakaren har til å krevje forhandlingar, reise søksmål og kva fristar som gjeld. Før slik oppseiing finn stad, skal saka bli drøfta med arbeidstakaren sine tillitsvalde. Oppseiingsfristane skal vere i samsvar med gjeldande reglar i lov og tariffavtale.

Arbeidstakaren sine rettar ved oppseiing går elles fram av kapittel XII i arbeidsmiljølova og reglane i forvaltningslova.

Arbeidstakaren har krav på sluttattest når han eller ho sluttar i kommunen.

§ 14 Avskil
Kommunen kan gi ein arbeidstakar avskil med pålegg om å slutte med det same dersom han eller ho har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg vanskjøtting av arbeidsavtalen.

Melding om avskil skal vere skriftleg og innehalde opplysningar om rett til å krevje forhandling, reise søksmål og kva fristar som gjeld.

Medan spørsmål om avskil blir behandla, kan arbeidstakaren i heilt spesielle tilfelle bli suspendert frå stillinga si.

Vilkåret for å kunne setje i verk suspensjon er at det er nødvendig av omsyn til at det gagnar tenesta best at arbeidstakaren vert fjerna frå den noverande stillinga si og at det må vere grunn til å tru at vilkåra for avskil etter §66, nr. 1 i arbeidsmiljølova er til stades. Arbeidstakaren har krav på lønn til det er gjort vedtak om avskil.

Før det blir gjort vedtak om avskil eller suspensjon, skal saka bli drøfta med arbeidstakaren sine tillitsvalde med mindre arbeidstakaren ikkje ønskjer dette. Ved suspensjon har arbeidstakaren krav på grunngjeving.

Om arbeidstakaren sine rettar elles, blir det vist til forvaltningslova og arbeidsmiljølova.

§ 15 Anna lønna arbeid
Kommunal arbeidstakar kan ikkje utan løyve overta anna lønna arbeid som vil vere av eit slikt omfang at det kan gå utover vedkomande si arbeidsyting i kommunen. Det same gjeld ekstraarbeid som kan føre til ugildskap etter kap. II i forvaltningslova.

§ 16 Informasjon til media
Rådmannen avgjer kven som på vegne av kommunen kan gje opplysningar til media.

§ 17 Teieplikt
Når ei sak er underlagt teieplikt etter lov, andre reglar eller når det følgjer av saka si art, må ingen arbeidstakar gjere saka kjent for nokon utanforståande.

§ 18 Tolking
Tolking av arbeidsreglementet blir behandla av administrasjonsutvalet.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter