Vedtekter for Gloppen Næringsutvikling KF

Vedtekne i Gloppen kommunestyre den …………. i sak ../..

§ 1 Føretaket
Gloppen Næringsutvikling KF (heretter kalla føretaket) er eit kommunalt føretak i Gloppen kommune.

Føretaket er oppretta med heimel i kommunelova kapittel 9.

Føretaket er fullt ut eigd av Gloppen kommune, jf. kommunelova § 9-1. Gloppen kommune heftar med heile sin formue for føretaket sine plikter.

Føretaket skal ha sitt hovudkontor i Gloppen kommune.

§ 2 Føremål
Føretaket sitt hovudformål er å vere Gloppen kommune sitt organ for tilrettelegging, marknadsføring og sal av kommunalt næringsareal. Vidare skal selskapet kjøpe og selje næringsareal, oppføre/kjøpe/leige næringsbygg og drive utleige/framleige av desse.

§ 3 Styret si samansetting
Styret har 3 medlemmer.

Gloppen kommunestyre vel styret og styreleiar.

Styremedlemmer blir valde for fire år om gongen, og styrevalet føljer kommunevalperioden.

§ 4 Styret sine møte
Styremøta blir innkalla og leia av styreleiar. Styret gjer vedtak med alminneleg fleirtal. Ved votering i styret skal kvar stemme telje likt. Ved lik stemmegjeving tel møteleiar si stemme dobbelt. Styret er vedtaksført når minst halvdelen av medlemmene er til stades, inkl. møtande varamedlemmer, jf. elles kommunelova § 9-9.

Dersom saker som ikkje er førte opp på sakslista ved innkalling skal behandlast, må heile styret vere samla og alle må vere einige om at saka skal takast opp til behandling.

Kommunelova sine reglar om habilitet skal føljast ved behandling av saker i styret. Tilsvarande gjeld for offentleglova og forvaltningslova sine reglar.

Det skal førast protokoll frå styret sine møte og denne skal leggast fram til godkjenning på neste styremøte. Sakliste til og protokoll frå styremøta skal sendast ordføraren og kommunedirektøren.

§ 5 Styret sine oppgåver
Styret sine oppgåver er å realisere dei mål og strategiar som går fram av Gloppen kommune sine plandokument innanfor selskapet sitt føremål. Styret skal sette opp delmål, legge opp strategiar og utøve styring gjennom driftsåret.

Styret skal føre løpande tilsyn med føretaket og har ansvar for at pålagde oppgåver blir utførte i samsvar med lov, forskrifter og eventuelle pålegg. Styret skal sørge for at saker som skal behandlast i Gloppen kommunestyre er tilstrekkeleg førebudde.

Styret skal gjennomføre Gloppen kommunestyre sine vedtak, og det er ein føresetnad at føretaket sine økonomiske disposisjonar held seg innanfor dei budsjettrammer føretaket har fått.

Styret skal til ei kvart tid halde seg til gjeldande strategiar og retningsliner på overordna kommunalt nivå, økonomiplan og årsbudsjett, personalpolitiske retningsliner og andre vedtak og retningsliner fastsette av kommunestyret, samt avtalar som bind heile kommunen.

Styret har mynde til å opprette og legge ned stillingar, og til å treffe avgjersle i enkeltsaker, her under personalsaker.

Styret tilset dagleg leder. Styret pliktar å føre tilsyn med dagleg leiar sitt arbeid og leiarskap, og har instruksjons- og omgjeringsmynde overfor dagleg leiar.

§ 6 Dagleg leiar
Føretaket skal ha ein dagleg leiar.

Dagleg leiar utøver sin funksjon i samsvar med kommunelova § 9-12.

Dagleg leiar skal til ei kvar tid halde styret orientert om alle høve av relevans for føretaket, særleg om økonomi og personalforhold. Vedkomande skal rapportere til styret på ein slik måte og så ofte som situasjonen krev og styret elles måtte vedta.

Dagleg leiar er styret sin sekretær og saksbehandlar, og dagleg leiar møter i styret med tale- og forslagsrett.

§ 7 Tilhøvet til kommunen sin administrasjon
Kommunedirektøren kan instruere styret og dagleg leiar til å utsette iverksetjing av vedtaket i ei sak til kommunestyret har behandla saka.

Kommunedirektøren skal ha høve til å uttale seg i saker som skal behandlast av kommunestyret, jf. kommunelova § 9-16.

§ 8 Representasjon
Styret representerer føretaket utad. Styret inngår avtalar på kommunen sine vegne innanfor føretaket sitt føremål. Styret kan gje denne fullmakta til dagleg leiar.

§ 9 Arbeidsgjevartilknyting
Føretaket skal vere medlem av Kommunenes Sentralforbund gjennom Gloppen kommune sitt medlemskap.

§ 10 Lokale lønnsforhandlingar
Styreleiar eller dagleg leiar representerer selskapet sine interesser under lokale forhandlingar. Styret vedtar forhandlingsresultatet.

§ 11 Vedtektsendringar
Føretaket sine vedtekter er vedtekne og blir endra av Gloppen kommunestyre.

§ 12 Oppløysing
Ei eventuell oppløysing av føretaket må vedtakast av Gloppen kommunestyre. Rettar og plikter vil halde fram med å tilhøyre Gloppen kommune.

§ 13 Andre tilhøve
Elles gjeld den til ei kvar tid gjeldande kommunelov og aktuelle andre lover og forskrifter.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter