Reglement for byggeutvalet i Gloppen kommune

Fastsett av kommunestyret den .............. 2020, i sak ../20.

I: Heimel, val og organisatorisk plassering

§ 1-1 Heimel
Byggeutvalet er oppretta i medhald av § 5-1 i kommunelova for å gjennomføre kommunale investeringsprosjekt etter oppdrag frå kommunestyret.

§ 1-2 Val og samansetning
Byggeutvalet har tre medlemmer med like mange varamedlemmer valde av kommunestyret for den kommunale valperioden. Eitt medlem med vara skal sitje i formannskapet.

§ 1-3 Organisatorisk plassering
Byggeutvalet er underlagt formannskapet, og alle poltiske saker frå utvalet til kommunestyret skal gå gjennom formannskapet.

II: Arbeidsoppgåver og fullmakter

§ 2-1 Generelt
Byggeutvalet har det politiske ansvaret for å gjennomføre kommunen sine investeringsprosjekt når kommunestyret har godkjent endeleg kostnadsoverslag og vedteke at prosjektet skal gjennomførast.

§ 2-2 Gjennomføring av prosjekt
Når kommunestyret har tildelt byggeutvalet eit investeringsprosjekt, overtar byggeutvalet hovudutvalet og formannskapet sine oppgåver og roller i investeringsprosjektet. Byggeutvalet skal gjennomføre prosjektet i samsvar med godkjende planar og kostnadsoverslag, og disponerer avsette midlar til uforutsette utgifter. Utvalet tar stilling til endringar og tillegg innanfor avsette midlar.

Kommunedirektøren tilset prosjektleiar for bygginga. Prosjektleiar rapporterer gjennom kommunedirektøren til utvalet.

§ 2-3 Rapportering og avslutning av prosjekt
Byggeutvalet raporterer til kommunestyret om prosjektet kvart kvartal. Viser det seg i gjennomføringa av prosjektet at avsette midlar ikkje er tilstrekkeleg, skal utvalet straks melde frå om dette til kommunestyret, og be om tilleggsløyving. Formannskapet skal uttale seg i alle saker om auka løyving.

Straks prosjektet er ferdig, skal byggeutvalet avslutte byggerekneskapen og utarbeide sluttrapport og sluttrekneskap. Sluttrapporten og sluttrekneskapen skal leggast fram for kommunestyret så fort revisjonsrapporten for prosjektet og kontrollutvalet si behandling av saka er klar.

§ 2-4 Forholdet til kommunedirektøren
Kommunedirektøren eller den han peikar ut, er sekretær for byggeutvalet. Utvalet avgjer kva oppgåver og fullmakter kommunedirektøren elles skal ha i gjennomføringa av det enkelte prosjekt.

III: Møteavvikling og saksbehandling m.m.

§ 3-1 Møteavvikling og saksbehandling
Byggeutvalet har møte når leiarar bestemmer det og/eller når prosjektleiar ber om det. Møta i utvalet skal følgje kommunelova sine reglar om saksbehandling i folkevalde organ. I tillegg gjeld kommunen sitt saksbehandlingsreglement, med unnatak av reglane om innkallingsfrist.


§ 3-2 Utgifter og godtgjersle
Kostnaden med byggeutvalet blir belasta dei investeringsprosjekta som utvalet har ansvaret for etter medgått tid. Medlemmene i utvalet får godtgjersle etter kommunen sitt reglement.

§ 3-3 Sekretær
Sekretæren for utvalet har møteplikt og møte-, tale- og forslagsrett på utvalet sine møte. Kommunedirektøren er ansvarleg for at ei sak er forsvarleg greia ut, at det ligg føre tilråding i saka og at utvalet sine vedtak blir iverksette.

IV: Iverksetting m.m.

§ 4-1 Iverksetting
Dette reglementet gjeld frå vedtaksdato.

§ 4-2 Endringar i reglementet
Endringar i dette reglementet skal gjerast av kommunestyret sjølv.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter