Politivedtekter for Gloppen

Vedtekne av Gloppen kommunestyre den 19. juni 2019 og stadfesta av Politidirektoratet den ............ Vedtekta trer i kraft ein månad etter at Politidirektoratet har stadfesta denne, altså gjeld vedtekta frå ...............

Dei kommunale politivedtektene er fastsette i medhald av § 14 i politilova.

KAPITTEL 1 ALLMENNE FØRESEGNER

§ 1-1 Offentleg stad
Med offentleg stad er meint gate, veg, fortau, sti, medrekna gang- og sykkelveg, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

§ 1-2 Ansvar og plikter for festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn
Dei plikter som er lagt på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer eigedomen.

KAPITTEL 2 ORDEN PÅ OFFENTLEG STAD

§ 2-1 Ro og orden på offentleg stad
På eller like ved offentleg stad må ingen vere med i samanstimling, larm eller bråk som forstyrrar den allmenne orden eller ferdsel. 

Den som ferdast på eller like ved offentleg stad pliktar å halde nattero mellom kl. 23.00 og 06.00.

Dersom mange menneske samlar seg ved inngangen til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å halde ved lag den allmenne orden eller regulere ferdselen.

§ 2-2 Køyring, camping mv i parkar, grøntareal, friområde o.l.
I offentlege parkar, grøntareal, friområde, på, ved eller under vegar eller plassar i tettbygd strok er telting, camping e.l. forbode, med mindre anna kjem fram av skiltinga på staden.

I offentlege parkar, grøntareal og friområde er det forbode å køyre og parkere motorkøyretøy, med mindre noko anna går fram av skiltinga på staden.

§ 2-3  Framsyningar og andre publikumsretta aktivitetar
Den som på eller ut mot offentleg stad vil opptre eller utføre andre publikumsretta aktivitetar, må på førehand gje melding til politiet, uavhengig av om aktivitetane skjer ved bruk av høgtalar og lignende

Det same gjeld den som på eller i nærleiken av offentleg stad ønskjer å bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 2-4 Farleg eller skremmande verksemd
På, ut over eller like ved offentleg stad er det forbode:

  1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen, under dette paintball, softgun, boge, sprettert og lignende
  2. å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan brannsjefen har gitt løyve og politiet har fått melding på førehand. Det er ikkje krav om løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl. 18.00 til 1. januar kl. 02.00.
  3. å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

KAPITTEL 3. SIKRING AV FERDSEL

§ 3-1 Hindringar
På eller ut over offentleg stad er det forbode å plassere eller montere noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdselen eller som hindrar fri sikt til trafikkskilt o.l. 

Markiser eller anna som heng utover fortau, skal på det lågaste vere minst 2,5 meter over bakken.

§ 3-2 Dyr
Det er forbode å la husdyr gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

§ 3-3 Aktivitetar
Politiet kan forby alle formar for sport, leik eller spel på offentleg stad når dette er nødvendig av omsyn til ferdsla eller den alminnelege orden.

§ 3-4 Ferdsel på islagt vatn eller sjø
Politiet kan av tryggleiksgrunnar forby eller gje reglar for ferdsla på islagt vatn eller sjø.

§ 3-5 Sperring av offentleg stad
Krev byggjearbeid e.l. at fortau, gate, veg eller ein annan offentleg stad blir heilt eller delvis sperra for eit avgrensa tidsrom, skal det på førehand søkjast løyve frå politiet, som kan setje nærare vilkår for sperringa.

§ 3-6 Byggjeverksemd mv.
Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggleikstiltak til vern for publikum.

§ 3-7 Sprengingsarbeid
Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby særlege tryggleikstiltak.

§ 3-8 Vedlikehald av bygning mv.
Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet med ein gong å setje opp sperringar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 3-9 Fare for takras
Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp sperringar som gjer det tydeleg at ferdsla er forbunde med fare eller ulempe, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 3-10 Fjerning av sperringar
Sperringane skal fjernast når det arbeid som er nemnt i §§ 3-6, 3-7 og 3-8 er utført, eller faren eller ulempa som er nemnt i § 3-9 ikkje lenger er til stades.

KAPITTEL 4 REINHALD PÅ OFFENTLEG STAD

§ 4-1 Reingjering av fortau med mer
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde reint lys- og luftegraver som er knytt til eigedomen.

Reinhaldet skal utførast slik at eventuelle ulemper blir så små som råd. Oppsop o l skal ikkje leggast i kloakksluk.

§ 4-2 Rydding av snø etter snøfall og takras
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter ras frå tak. Vegeigar pliktar å rydde fortau etter snøfall.

§ 4-3 Avlaup for vatn
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avlaup for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. blir haldne opne.

§ 4-4 Plikta eigaren har i samsvar med lokalt etablert sedvane til reinhald m.m. av fortau
Eigar av hus eller grunn, jf. § 1-2, mot offentleg stad pliktar å:

  1. halde reint lys- og luftegraver som er knytt til eigedomen
  2. rydde fortauet for snø etter takras
  3. strø fortau når det er glatt

Føresegna gjeld berre fortau i direkte nærleik til eigedomen.

KAPITTEL 5. HINDRE FORSØPLING OG TILGRISING

§ 5-1 Hindre forsøpling og tilgrising
På, ut over eller i direkte nærleik til offentleg stad er det forbode:

  1. å kaste avfall som plast, glas, flasker, spikar, papir, tyggjegummi og tobakksprodukt
  2. å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på overflate mot offentleg stad, som på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og transportmiddel
  3. å henge opp kunngjeringar, plakatar e.l., utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjent av kommunen til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre gjeld eigedomen eller næringsverksemd til dei som disponerer eigedomen. Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp. Oppslag skal fjernast når dei er forelda.
  4. å urinere utandørs i tettbygd strok eller på stadar der det kan verke sjenerande på andre.

§ 5-2 Rydding ved kiosksal, arrangement o.l.
Den som driv med sal frå kiosk, uteservering, gatesal eller anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal sørgje for at området ikkje blir skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å sørgje for at det blir sett opp tilstrekkeleg tal med korger for avfall. Rett etter stengjetid pliktar verksemda å rydde området og fjerne avfall som skuldast aktivitetar frå verksemda.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal sørgje for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

KAPITTEL 6. OFFENTLEGE ANLEGG

 

§ 6-1 Kyrkjegard og gravplass
På kyrkjegard og gravplass er det forbode å sykle, ake, drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

KAPITTEL 7. ARRANGEMENT PÅ OFFENTLEG STAD

 

§ 7-1 Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad
Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, og som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. 

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 7-2 Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement
Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg må i god tid før arrangementet sende melding til politiet dersom arrangementet sin art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad. 

Meldeplikta gjeld òg samankomst eller tilstelling som hovudsakleg er av selskapeleg eller underhaldande art for medlem av ei foreining e.l. samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 7-3 Mindreårige
Barn under 15 år har ikkje tilgang til offentlege dans eller liknande arrangement utan at dei er i følgje med foreldre eller andre føresette.

Bestemmelsen i første ledd gjeld ikkje arrangement i regi av skule, fritidsklubb eller ideell organisasjon innan frivilleg rusførebyggjande ungdomsarbeid.

Kapittel 8. YMSE FØRESEGNER

§ 8-1 Forsøming av plikt
Dersom nokon ikkje utfører det vedkomande har plikt til etter desse forskriftene eller etter pålegg gjevne i medhald av forskriftene, kan politiet på vegne av vedkomande - og på vedkomande si rekning - sette tiltaket i verk.

§ 8-2 Straff
Brot på føresegner gjevne i vedtekta eller pålegg gitt i medhald av vedtekta, straffast etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under eit strengare straffepåbod.

§ 8-3 Kommunal handheving
Kommunen handhevar desse vedtektene med heimel i forskrift av 19. juni 2012 nr. 600 om kommunal handheving av politivedtekter, jf. politilova § 14 tredje ledd. Ved brot på desse føresegnene melder Gloppen kommune saka til politiet som så kan ilegge bøter/gebyr for brotet.

§ 8-4 Iverksetjing
Denne vedtekta trer i kraft 1 månad etter at den er stadfesta av Politidirektoratet. 

Frå same tid vert Politivedtekt for Gloppen kommune, vedteken av Gloppen kommunestyre den 8. juni 1966, registert som FOR-1967-05-12-4571 gjeldande for Gloppen kommune, Sogn og Fjordane, med seinare endringar, oppheva.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter