Kommunale retningslinjer for motorferdsel i utmark

Vedteke av Gloppen kommunestyre den ………..,sak ../..

Utfyllande retningsliner for bruk av snøscooter og helikopter i Gloppen kommune i høve nasjonal forskrift for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagte vassdrag §§ 5 og 6.

1. Køyrerute
All køyring skal gå føre seg i den kortast moglege trasé mellom bilveg og endepunkt.

På vinterstid skal køyreruta, såframt det er mogleg, følgje oppkøyrde løyper eller ubrøyta veg.

For barmarkskøyring skal så mykje som mogeleg av køyringa gå føre på vegnett og etter eldre køyrespor.

2. Omsyn til særlege område
Ved handsaming av saker om motorferdsle i utmark, skal fylgjande område i størst mogleg grad skjermast:
-
Høgfjellsområde som ligg over skoggrensa
-
Villreinen sine leveområde og kalvingsområde
-
Område med vernestatus
-
Område med særlege natur- eller friluftslivsverdiar.

3. Barmarkskøyring
Barmarkskøyring gir lettare terrengskader enn anna ferdsel og det må ved slik køyring takast spesielle omsyn til natur og miljø.

Det bør berre i særlege tilfelle gjevast løyve til barmarkskøyring og det kan setjast meir restriktive vilkår for slik køyring enn anna motorferdsel.

4. Tidspunkt for køyring
Snøscooterkøyring er som utgangspunkt forbode på fyljande tidpunkt
-
Søndagar
-
Alle dagar kl. 22.00-07.00
-
24. og 25. desember og 1. januar
-
Palmesøndag
-
Skjærtorsdag til og med 1. påskedag
-
1. mai til 1. desember (for snøscooter).

 

Dette forbodet gjeld ikkje ferdsel som har heimel i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4. Rådmannen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon.

6. Søknadsprosedyre
Søknad skjer til Gloppen kommune på fastsett søknadsskjema. Søknadsskjemaet fåast på heradshuset eller på kommunen si heimeside.

Søknader som er mangelfulle eller manglar nødvendig dokumentasjon, vert ikkje handsama før fullstendig søknad ligg føre.

Dersom dato for køyringa ikkje er sikker, vert det stilt som vilkår i eit ev. løyve, at kommunen får tilbakemelding om når køyringa skal finne stad.

Det skal òg gjevast melding til kommunen om det vert avvik frå dei vilkår som er gitt, og ved endringar i køyrerute.

7. Generelle retningslinjer
Løyvet skal fylgje køyretøyet og framvisast på forlangande av politi, naturoppsyn eller kommunens delegerte.

Misleghald av dispensasjonen og/eller vilkår sett i den, samt endra føresetnadar, kan føre til inndraging av dispensasjonen.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter