Retningslinjer for husnummerskilt i Gloppen kommune

Reglane vart vedtekne av kommunestyret den 26. mars 1984 med heimel i § 105 i bygningslova, og § 4-1 i delingslova og forskriftene del 15. Begge desse lovene er no endra/oppheva.

Retningslinjene gjeld så langt dei ikkje er i strid med gjeldande lov eller forskrift.

I: Plikt til å sette opp skilt

Alle huseigarar, som av kommunen har fått tildelt adressenummer til bygning eller bygningsdel, pliktar å sette opp og halde ved like husnummerskilt på eigedomen i samsvar med desse reglar.

II: Plassering av skilt m m

1.
Husnummerskilt skal plasserast på ein måte som tydeleg viser kva for ein eigedom dei høyrer til og vere oppsett slik at dei alltid er lett synlege frå gate eller veg. Skilta skal haldast heile og reine med tydelege tal og eventuelt bokstaver.

2.
Husnummerskilt skal vere plassert, dersom det er høve til det, i ca 2,5 m høgde og til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå gate eller veg.

3.
Der ein vanskeleg ser skilt frå gate eller veg, skal nummerskilt plasserast i passende høgde på port, gjerde eller stolpe, som regel til høgre for inngang eller innkøyrsle.

4.
Vender husnummerskiltet mot ei anna gate eller veg enn det adresse er knytt til, skal dette visast ved særskilt tilvisingsskilt. Dette skal plasserast under husnummerskiltet.

5.
Sjølv om ein eigedom ikkje har inngang eller innkøyrsle frå den veg eller gate som nummeret knyttar seg til, skal det settast opp vanleg nummerskilt til vegen eller gata. Under nummerskiltet skal plasserast tilvisingsskilt som viser frå kva for ein veg eller gate eigedomen har tilkomst til.

6.
Dersom kommunen finn det naudsynt, kan ein kreve suppleringsskilt ved hovudveg i tillegg ved dei enkelte hus eller dei enkelte inngangar.

7.
Grunneigar/huseigar har plikt til å sørge for at husnummerskilta til ei kvar tid er synlege, og at ikkje tre og busker veks opp og dekker dei til.

III: Materiale og form på skilta

Husnummerskilt skal vere av skilt etter Statens vegvesen sine normaler.

IV: Andre føresegner

1.
For nybygg som har fått tildelt adresse skal skilt vere sett opp før ferdigattest vert utskriven.

2.
Rådmannen (1) eller den han gjev fullmakt skal føre tilsyn med at desse regler vert følgde. Brot på reglene skal rapporterast til MULTEK-utvalet (2).

(1) Delegert til teknisk sjef.
(2) Endra av rådmannen etter ny utvalsstruktur.


3.
Rådmannen (1) eller den han gjev fullmakt gjev dei pålegg som er naudsynte for at reglene vert følgde. Dersom ikkje pålegga vert utført innan ein rimeleg tidsfrist, kan rådmannen (1) kreve arbeidet utført på huseigaren si rekning.

(1) Delegert til teknisk sjef.

V: Ikrafttreding

Desse regler tek til å gjelde straks dei er vedtekne i kommunestyret (26. mars 1984).

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter