Lokale forskrifter etter plan- og bygningslova

Dei lokale forskriftene er i dagleg tale kalla "vedtekter".

Ny plan- og bygningslov er vedteken sidan dei lokale forskriftene vart fastsette.

Vedtekt om fjernvarmeanlegg
Fastsett av kommunestyret den 20. juni 1998, og gjeld frå vedtaksdato.

Vedtekt til § 66 A i plan- og bygningslova
Teknisk utval kan kreve at bygningar som blir oppførde innanfor eit område der det er gitt konsesjon for drift og bygging av fjernvarmeanlegg, skal knyttast til dette.

Vedtekt om parkeringsplassar
Fastsett av kommunestyret den 20. juni 1988, og gjeld frå ???

Vedtekt til § 69 nr 3 i plan- og bygningslova
I plan for utbygging og regulering av ubebygd tomt skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr 1. I planen skal alle anlegg visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Parkeringsplassar skal opparbeidast etter desse normene:

Bygningar med husvære
-
Husvære under 75 m2 0,75 bilplass pr husvære
- Husvære over 75 m2 1,25 bilplassar pr husvære
- Einebustad 2,00 bilplassar pr husvære.

Bygningar med forretningar og kontor
- 1.etasje: 1 bilplass pr 40 m2 brutto golvareal
- 2. og høgare etasjar: 1 bilplass pr 60 m2 brutto golvareal
- Kjellar nytta til forretningar og kontor: 1 bilplass pr 60 m2 brutto golvareal
- Kjellar nytta til lager: 1 bilplass pr 60 m2 brutto golvareal.

Bygningar med industri- og lagerverksemd
Alle etasjar: 1 bilplass pr 100 m2 brutto golvareal.

Brutto golvareal etter vedtektene til § 69 nr 3 skal utreknast etter pkt 6.3 i NS 3940.

Vedtekt til § 69 nr. 4 i plan- og bygningslova
Teknisk utval kan samtykke i at det i staden for bygging av parkeringsplass på eigen grunn eller fellesareal blir innbetalt eit beløp pr manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg.

Gebyr fastsett av kommunestyret i sak nr 4/89:

1.
Gloppen kommunestyre fastset frikjøpsbeløpet for manglande parkeringsplass i Sandane sentrum til kr 23.000,-.

2.
Frikjøpsbeløpet skal regulerast ein gong kvart år etter Statistisk Sentralbyrå sin byggekostnadsindeks. Utgangspunktet for reguleringa er indeksen pr 15. januar 1989.

I tillegg skal kommunestyret vurdere frikjøpbeløpet kvart 5. år, første gang i 1994.

3.
Dei innbetalte frikjøpsbeløpa skal brukast til ekstraordinær nedbetaling av lån til parkeringsanlegg så lenge kommunen har slike lån. Når desse låna er nedbetalte, skal innbetalt frikjøpsbeløp avsettast til parkeringsfond.

Vedtekt til § 76 i plan- og bygningslova
Teknisk utval kan kreve at nødvendig garasjeplass skal vere sikra for eigedomen, og plassering av garasje skal då byggemeldast samstundes med byggemelding for bustadhuset.

Vedtekter om plassering av bygg og anlegg
Fastsett av kommunestyret den 20. juni 1998 og gjeld frå ???

Vedtekt til § 78 nr 1 i plan- og bygningslova
Teknisk utval kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager som er farlege eller særleg sjenerande blir lagde innanfor kommunen sitt område eller deler av dette.

Vedtekt om riving og ominnreiing
Fastsett av kommunestyret den 20. juni 1988, og gjeld frå vedtaksdato.

Vedtekt til § 91 A i plan- og bygningslova
Det er nødvendig med løyve frå teknisk utval for å
a) ominnreie eller ta i bruk husvære til forretningslokale, hotell eller anna herberge
b) rive bygning som inneheld husvære, unnateke når bygninga:

  1. er ekspropriert av det offentlege
  2. ligg innanfor område som er regulert til fornying (§ 25 nr 8) og er ekspropriert av kommunen eller andre som med kommunestyret sitt samtykke skal stå for fornyinga.
   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter