Kommunalt gebyrregulativ for vatn og avvløp

Satsane i regulativet er fastsette av kommunestyret den 19. desember 2018, og gjeld frå 1. januar 2019.

Sjå forskriftene om vass- og avløpsgebyr!

1. Tilknytningsgebyr

Tilknytningsgebyr skal betalast ved tilknytning til kommunale vass- og/eller avløpsleidningar. Tilknytningsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknytning første gongen. Dette blir fakturert saman med evtentuelt byggeløyve dersom dette er aktuelt.
Gebyr:
- vatn, kr 7.455,-
- avløp, kr 7.455,-.

2. Årsgebyr

2-1 Abonnementsgebyr
Abonnementsgebyret skal dekke 40 % av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret på vatn, og 40% av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret på avløpet.

Abonnementsgebyret blir likt for alle abonnentar, jf. definisjonen på abonnement i § 2 i dei kommunale forskriftene om vass- og avløpsgebyr. I tillegg skal det for bustad- og fritidshus betalast abonnementsgebyr per eining. For einebustad med inntil ei ekstra bueining skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr. Gebyr:
- vatn, kr 1.340,-
- avløp, kr 1.615,-.

2-2 Forbruksgebyr
Forbruksgebyret skal dekke 60 % av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret på vatn, og 60 % av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret på avløp. Forbruksgebyret skal betalast per bueining.

Ved målt forbruk
Forbruksgebyr = målt forbruk x einingspris. Einingsprisen er per m3:
- vatn, kr 10,-
- avløp, kr 12,27.

Ved stipulert forbruk
Forbruksgebyr = stipulert forbruk x einingspris. Gebyret (i kroner) for ulike arealgrupper (i m2):

Bruksareal under 100 m2, stipulert forbruk
Bustadhus: 100 m3
- gebyr vatn: kr 1.000,-
- gebyr avløp: kr 1.227,-
Fritidshus: 25 m3
- gebyr vatn: kr 250,-
- gebyr avløp: kr 307,-.

Bruksareal mellom 100 og 250 m2, stipulert forbruk
Bustadhus: 200 m3
- gebyr vatn: kr 2.000,-
- gebyr avløp: kr 2.454,-
Fritidshus: 50 m3
- gebyr vatn: kr 500,-
- gebyr avløp: kr 614,-.

Bruksareal over 250 m3, stipulert forbruk
Bustadhus: 280 m3
- gebyr vatn kr 2.800,-
- gebyr avløp: kr 3.436,-
Fritidshus: 70 m3
- gebyr vatn: kr 700,-
- gebyr avløp: kr 859,-.

For driftsbygning på gardsbruk, inkl. vatning er gebyret for vatn kr 3.888,-.

3. Gebyr for vassmålar

Sjå § 7 i dei kommunale forskriftene om vass- og avløpsgebyr.

3.1 Gebyr for leige av vassmålar (forskriftene §7.1)
Abonnentar som leiger vassmålar av kommunen skal betale ei årleg leige, avhengig av storleiken på målaren. Leiga er i kr per år (avhengig av dimensjon på målar):
- under 25 mm: kr 309,-
- mellom 25 og 50 mm: kr 533,-
- over 50 mm: kr 1.066,-.

3.2 Gebyr for administrasjon av ordninga med vassmålar (forskriftene §7.2)
Abonnentar som brukar vassmålar skal betale eit årleg gebyr til dekking av kommunen sine kostnader med å administrere ordninga med vassmålar. Årsgebyret er kr 78,-.

4. Gebyr for mellombels tilknytning

Gebyr for mellombels tilknytning = Målt forbruk x einingspris.

5. Gebyr for fråkopling/tilkopling av vatn

Gebyret skal betalast dersom ein eigedom blir fråkopla kommunal vassleidning over lenger tid. Gebyret skal dekke kostnaden som kommunen har ved fråkopling/tilkopling. Gebyret er kr 460,- per kopling.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter