Kommunal forskrift om vass- og avløpsgebyr

Forskrifta vart vedteken av kommunestyret den 16. juni 2003 med heimel i lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift om kommunale vass- og avløpsgebyr.

Sjå gjeldande gebyrsatsar!

§ 1 Virkeområdet
Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vatn- og avløpstenestene.

§ 2 Definisjonar

Abonnent:
Eigar/festar av eigedom
som er tinglyst med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vatn- eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Festar av eigedom
der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

Eigar/festar av eigedom
som kommunen i medhald av §§ 65, 66 og 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vatn- og avløpsleidning.

Eining:
Med eining i denne forskrifta er meint bueining. Bueining er husvære med separat inngang, eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/wc og kjøkkendel.

Kombinasjonsbygg:
Bygg med både bustader og næringsverksemd.

Fritidshus:
Bustadhus der det ikkje bur folk i delar av året vert ikkje definert som fritidshus. Med fritidshus er det meint hytter eller hus som er bygde og vert nytta til fritidshus.

Kommunal vatn- og avløpsleidning:
Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overteke av kommunen.

Ansvar for stikkleidningar avløp:
Ved tilkopling av nye anlegg til kommunal leidning er kommunen ansvarleg for påkopling på leidningen og legging av stikkleidning ut av grøftetrasé/vegområde 2-6 meter lengde ut frå kommunal leidning. Den einskilde huseigar eig og er ansvarleg for vedlikehald av stikkleidningen fram til kommunal kum eller kommunal hovudleidning.

Ansvar for stikkleidningar for vatn:
Ved tilkopling av nye anlegg til kommunal leidning er kommunen ansvarleg for påkopling på leidningen og legging av stikkleidning ut av grøftetrasé/vegområde 2-6 meter lengde ut frå kommunal leidning. Etter at stikkleidning er lagt av huseigar og arbeidet godkjent av kommunen, overtek kommunen ansvaret for vedlikehald av leidningen fram til 1 m frå husvegg.

§ 3 Gebyrtypar
Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avløp:
- Tilknytingsgebyr
- Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
- Gebyr for leige av vassmålar
- Gebyr for mellombels tilknyting.

§ 4 Tilknytingsgebyr
Tilknytingsgebyret skal betalast:
- Når eigedom med hus på blir tilknytt offentleg vatn- og/eller avløpsleidning
- Ved førstegongs oppføring av bygg som blir tilknytt offentleg vatn- og/eller avløpsleidning.

Tilknytingsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gongen.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 5 Årsgebyr
Årsgebyr for vatn og avløp skal betalast av alle som er abonnentar. Gebyret er sett saman av to delar:
- Abonnementsgebyr
- Forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for høvesvis vatn og avløp skal dekkje dei faste kostnadene som kommunen har på desse sektorane. Forbruksgebyret skal dekkje dei variable kostnadene.

Fordelinga mellom faste og variable kostnader for vatn er vurdert til 40/60, dvs. at abonnementsgebyret skal dekkje 40 % og forbruksgebyret 60 % av kostnadene (sjølvkostgrunnlaget) for vassforsyninga til Sandane vassverk.

Fordelinga mellom faste og variable kostnader for avløp er vurdert til 40/60, dvs. at abonnementsgebyret skal dekkje 40 % og forbruksgebyret 60 % av kostnadene (sjølvkostgrunnlaget) for avløpssektoren i kommunen.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Abonnementsgebyr
Abonnementsgebyr blir likt for alle abonnentar, jf. definisjonen på abonnent i § 2. For bustad- og fritidshus skal det betalast abonnementsgebyr pr. bueining. For einebustad med inntil ei ekstra bueining skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr.

Forbruksgebyr
Abonnentar med bustad- og fritidshus betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3, eller stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3. Omrekningsfaktor for stipulert forbruk er sett til 1,4 m3/m2 for bustader og 0,35 m3/m2 for fritidshus.

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

Bruksareal under 100 m²
Grunnlag for utrekning 70 m², og stipulert forbruk
- bustadhus: 100 m³
- fritidshus: 25 m³

Bruksareal mellom 100 og 250 m²
Grunnlag for utrekning 150 m², og stipulert forbruk
- bustadhus: 200 m³
- fritidshus: 50 m³

Bruksareal over 250 m²
Grunnlag for utrekning 200 m², og stipulert forbruk
- bustadhus: 280 m³
- fritidshus: 70 m³

Næringseigedomar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg betala forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m3. Forbruket blir målt med installert vassmålar.

For abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 6.

Både abonnent og kommune kan krevje at forbrruksgebyret blir rekna ut frå målt forbruk.

§ 6 Frådrag eller tillegg i årsgebyret
Dersom avløpsmengda ein abonnent har er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan årsgebyret (forbruksgebyret) for avløp bli rekna ut på grunnlag av stipulert avløpsmengde, ev. kan avløpsmengda målast særskilt.

Dersom avløpsmengda skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavløp, kan det reknast tillegg eller frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).

Dersom ein eigedom i lenger tid blir fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå årsgebyret i denne perioden. Kommunen kan krevje betaling til å dekkje kostnaden med fråkopling/tilkopling. Storleiken på betalinga går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 7 Gebyr for vassmålar
Rådmannen (1) fastset reglar for installering og bruk av vassmålar.

(1) Delegert til leiar for kommunalteknikk.

§ 7.1 Gebyr for leige av vassmålar (alternativ 1)
Vassmålaren er kommunen sin eigedom. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Abonnenten betaler ei årleg leige.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med regler for bruk av vassmålar.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Abonnenten må betale kostnaden med installasjon av målaren.

§ 7.2 Gebyr for administrasjon av ordninga med vassmålar (alternativ 2)
Abonnenten må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålar. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med reglar for bruk av vassmålar.

Abonnenten betalar eit gebyr til dekking av kommunen sine kostnader med å administrere ordninga med vassmålar.

Storleiken på gebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 8 Mellombels tilknyting
Mellombels tilknyting gjeld for bygg/anlegg som har innlagt vatn og/eller utslepp av avløpsvatn til kommunalt nett, men der bygget/anlegget berre skal nyttast i ein avgrensa periode.

Gebyret blir fastsett etter reglane som gjeld for årsgebyr for næringsverksemd.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om lenger tid. Gebyr for mellombels tilknyting går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

§ 9 Innbetaling av gebyr
Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra. Eingongsgebyr for tilknyting må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Årsgebyr blir kravd inn saman med andre kommunale gebyr, og blir som hovudregel fordelt over 4 terminar pr. år. Ved bruk av vassmålar skal forbruksgebyret betalast à konto basert på forbruket året før. Målaravlesing skjer 31.12. kvart år, og avrekning vil skje i 1. termin året etter.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

§ 10 Innkrevjing av gebyr
Krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedomen etter pantelova sin § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 11 Vedtaksmyndigheit
Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen (1).

(1) Delegert til leiar for kommunalteknikk.

§ 11 Sakshandsaming/klage
Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak følgjer bestemmelsane i kap. IV-VI i forvaltingslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til formannskapet og fristen til å klage er 3 veker.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jfr. kap. VII i forvaltingslova.

§ 13 Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft 01.01.04. Frå same dato blir forskrifta av 10.02.97 oppheva. 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter