Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning i Gloppen kommune
§ 1 Formål
Formålet med forskrifta er å utsetje fristen for å gjennomføre oppmålingsforretning i vinterhalvåret.
§ 2 Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning
Når klimatiske forhold tilseier det, gjeld ikkje tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd i perioden 1. november til 1. mai.
I dei deler av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 1. mai, tek ikkje tidsfristen til å gjelde før vegane er opna etter vinterstenging.
§ 3 Iverksetjing
Denne forskrifta gjeld frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend (20. mai 2010).
Publisert avJan Kåre Fure
Publisert09.05.2019 15.01