Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Fastsett av kommunestyret i Gloppen den 4. oktober 2010, sak 48/10 med heimel i lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureining og om avfall § 9.

§ 1 Formål
Formålet med denne forskrifta er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2 Verkeområde
Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3 Definisjonar
I denne forskrift meinast med:
a) Open brenning: All brenning som skjer utandørs
b) Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forureiningstilsyn eller Fylkesmannen eller er lovleg etter statlege forskrifter etter forureiningslova.

§ 4 Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar
All open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av § 5 i denne forskrifta.

§ 5 Unntak frå forbodet
Følgjande brenning skal likevel vere lovleg:
a) open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
b) brenning av avfallsvirke, med unntak av impregnert og måla trevirke
c) brenning av avispapir og liknande
d) bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk, eller der det ikkje er til sjenanse for andre
e) jonsokbål/olsokbål.

§ 6 Dispensasjon
Rådmannen (1) kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

(1) Delegert til brann- og beredskapssjefen.

§ 7 Tilsyn 
Rådmannen (1) fører tilsyn med at reglane i denne forskrift vert følgde.

(1) Delegert til brann- og beredskapssjefen.

§ 8 Klage
Vedtak gjort av rådmannen (1) i medhald av denne forskrift kan påklagast til formannskapet.

(1) Brann- og beredskapssjefen)

§ 9 Straff
Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10 Iverksetting
Denne forskrift trer i kraft frå vedtaksdato (4. oktober 2010).

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter