Forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll av mindre avløpsanlegg

Vedteken av Gloppen kommunestyre den 16. desember 2013 med heimel i ureiningslova § 52 a) og ureiningsforskrifta § 11-4.

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.

§ 1 Føremål
Forskrifta gjev grunnlag for og avgjerd om innbetaling og innkrevjing av gebyr for:
-
behandling av søknad om utsleppsløyve
-
søknad om endring/omgjering av utsleppsløyve
-
kontrolltiltak/tilsyn som vert gjennomført for å sikre at krava i ureiningslova kapittel 11 til 16 vert haldne eller at vedtak som er gjeve i medhald av nemnde kapittel vert fylgde.

§ 2 Forskrifta sitt virkeområde
Forskrifta gjeld gebyr for saksbehandling og kontroll av utslepp frå heilårsbustad-, fritidsbustad og annan bygning med innlagt vatn når utsleppet er eller vert knytt til mindre avløpsanlegg.

§ 3 Definisjonar
I medhald av ureiningsforskrifta § 11-3 gjeld følgjande definisjonar:

Avløpsvatn:
Både sanitært og industrielt avløps- og overvatn.

Avløpsanlegg:
Eit kvart anlegg for handtering av avløpsvatn som består av ein eller fleire hovudkomponentar som avløpsnett, reinseanlegg eller utsleppskomponent.

§ 3 Saksbehandlingsgebyr
Ansvarleg søkjar skal betale eingongsgebyr ved:
-
søknad om utsleppsløyve
-
søknad om endring/omgjering av utsleppsløyve.

§ 5 Avslag
Ved vedtak som medfører avslag på søknad, vert det belasta 50 % av fullt gebyr.

§ 4 Kontroll- og tilsynsgebyr
Kommunen skal krevje gebyr for kontrolltiltak for eigedomar med avløpsanlegg som vert omfatta av ureiningslova med forskrift.

§ 10 Tidspunkt for gebyrfastsetjing
Gebyret vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt fullstendig søknad eller endringssøknad etter ureiningslova er komen inn til kommunen.

Gebyr for oppfølging av ulovlege tiltak i strid med ureiningsforskrifta vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt oppfølging av det ulovlege tiltaket tek til.

§ 11 Betalingstidspunkt
Kommunen sender faktura for saksbehandling etter at vedtak om utsleppsløyve er treft.

Gebyr for kontroll vert fakturert når vedtak om oppfølging er treft.

§ 12 Innkrevjing av gebyr
Gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. ureiningslova § 52 a) og tvangslova kapittel 7.

§ 13 Urimeleg gebyr
Dersom gebyret vert openbert urimeleg kan rådmannen (1) fastsetje eit lågare gebyr eller fråfalle gebyret.

Slikt vedtak kan gjerast etter søknad eller etter eige initiativ frå rådmannen (1). Personlege og økonomiske forhold skal som utgangspunkt ikkje vektleggjast i vurderinga.

(1) Delegert til einingsleiar for kommunalteknikk.


§ 14 Klage
Vedtaket om fastsetting av storleiken på gebyra i gebyrregulativet er ikkje eit enkeltvedtak som det kan klagast på.

Enkeltvedtak kan påklagast etter reglane i forvaltningslova § 28.

§ 15 Indeksregulering
Gebyrregulativet kan ved kvart årsskifte indeksregulerast etter statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks, totalindeks. Utover dette vert satsane endra i samsvar med prinsippet om gebyr etter ureiningsforskrifta § 11-4.

§ 16 Ikrafttreding
Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter