Forskrift om gebyr for handsaming av private reguleringsplanar og byggesaker i Gloppen kommune

Forskrifta er fastsett av Gloppen kommunestyre den 5. november 2012, sak 90/12, og gjeld frå 1. januar 2013.

Satsane er oppdaterte og gjeld frå 1. januar 2018.

Innhald

Kapittel 1. Generelle føresegner
§ 1-1 Betalingsplikt
§ 1-2 Tidspunkt for gebyrfastsetjing
§ 1-3 Betalingstidspunkt
§ 1-4 Urimelege gebyr
§ 1-5 Klage
§ 1-6 Indeksregulering

Kapittel 2. Private reguleringsplanar
§ 2-1 Generelt
§ 2-2 Reguleringsplan, detaljregulering
§ 2-3 Reguleringsplanar med planprogram/konsekvensutgreiing
§ 2-4 Endringar i reguleringsplan
§ 2-5 Prinsippsaker om reguleringsspørsmål
§ 2-6 Arkeologiske undersøkingar

Kapittel 3. Bygge- og delesaker
§ 3-1 Generelt
§ 3-2 Kombinerte bygg
§ 3-3 Bruksendring
§ 3-4 Prosjekt med fleire tiltaksklasser
§ 3-5 Avslag
§ 3-6 Ulovlege tiltak
§ 3-7 Tilsyn
§ 3-8 Gebyr for sakkunnig bistand
§ 3-9 Gebyr for medgått tid

Kapittel 1. Generelle føresegner

§ 1-1 Betalingsplikt
Dei som får utført offentlege tenester etter plan- og bygningslova skal betale gebyr etter reglane i denne forskrifta. Gebyrsatsane går fram av gebyrregulativet og av særskilde reglar i denne forskrifta.

§ 1-2 Tidspunkt for gebyrfastsetjing
Gebyret vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt fullstendig søknad, endringssøknad, rekvisisjon eller fullstendig planforslag eller forslag til planprogram etter forskrift om konsekvensutgreiing er komen inn til kommunen.

Gebyr for oppfølging av ulovlege tiltak vert fastsett etter dei satsar som gjeld på det tidspunkt oppfølging av det ulovlege tiltaket tek til.

§ 1-3 Betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad om rammeløyve vert gjort, vert det fakturert 50 % av fullt gebyr. Dei resterande 50 % vert fakturert etter at igangsettingsløyve er gjeve. Ved trinnvis igangsetting skal det betalast eit ekstra gebyr per igangsettingsløyve frå og med trinn 2.

Gebyr for dispensasjonar skal betalast når det vert gjeve rammeløyve.

Gebyret har forfall 30 dager etter fakturadato. Samla gebyr under kr 3.000,- skal ikkje delast.

§ 1-4 Urimelege gebyr
Dersom gebyret vert openbert urimelig i høve til det arbeid og dei kostnader kommunen har hatt med saka, eller vert rekna som openbart urimeleg av andre grunnar, kan rådmannen (1) fastsetje eit lågare gebyr eller fråfalle gebyret.

Slikt vedtak kan gjerast etter søknad eller etter eige initiativ frå rådmannen (1). Personlege og økonomiske forhold skal som utgangspunkt ikkje vektleggjast i vurderinga.

(1) Delegert til teknisk sjef.

§ 1-5 Klage
Gebyrregulativet er ei forskrift fastsett av Gloppen kommunestyre og kan ikkje påklagast. For gebyrvedtak gjeld reglane om klage i forvaltningslova.

§ 1-6 Indeksregulering
Gebyrregulativet kan ved kvart årsskifte indeksregulerast etter Statistisk Sentralbyrå sin konsumprisindeks, totalindeks. Utover dette vert satsane endra i samsvar med prinsippet om gebyr i plan- og bygningslova § 33-1.

Kapittel 2. Private reguleringsforslag

§ 2-1 Generelt
Gebyrregulativet omhandlar reguleringsforslag eller forslag til utbyggingsplanar frå privatpersonar, private selskap, institusjonar eller organisasjonar. Offentleg institusjon eller myndigheit som er grunneigar, og som legg fram planforslag til behandling kan bli pålagt å betale gebyr etter denne forskrift.

Gebyret skal dekke kommunen sine kostnader med behandling av private plansaker fram til vedtak om utlegging til offentleg ettersyn. Etter utlegging dekkjer kommunen alle kostnader knytt til planarbeidet, med unntak av arkeologiske granskingar.

§ 2-2 Reguleringsplan, detaljregulering, pbl §§ 12-3, 12-10 og 12-11
Det skal betalast gebyr for handsaming av private reguleringsplanar. For 2018 skal det betalast eit gebyr på kr 11.290,-.

Dersom plankartet ikkje vert sendt i digital form (SOSI-format, nivå 4) vert det fakturert for medgått tid til å digitalisere kartet.

§ 2-3 Reguleringsplanar med planprogram/konsekvensutgreiing, pbl §§ 12-9 og 14-2
For reguleringsplanar som krev planprogram/konsekvensutgreiing er gebyret i 2018 kr 14.915,-.

§ 2-4 Endringar i reguleringsplan, pbl § 12-14
For handsaming av reguleringsendringar skal det betalast eit gebyr tilsvarande § 2-2.

Ved mindre og små endringar i reguleringsplan skal det betalast gebyr. Gebyrsats for 2018 er kr 5.510,- for mindre endringar og kr 2.750,- for små endringar.

§ 2-5 Prinsippsaker om reguleringsspørsmål
For prinsippsaker om reguleringsspørsmål skal det i 2016 betalast eit gebyr på kr 2.130,-.

§ 2-6 Arkeologiske registreringar m.m.
Tiltakshavar må koste granskingar etter kulturminnelova (t.d. arkeologiske granskingar), og eventuelt andre særskilde utgreiingar som måtte verte pålagt som følgje av tiltaket sitt omfang.

Kapittel 3. Bygge- og delesaker

§ 3-1 Generelt
Dei bygningstypane som gebyrregulativet omhandlar er definert i GAB-registeret (Grunneigedom-, adresse- og bygningsregisteret). Regulativet er basert på faktiske kostnader med saksbehandling av dei ulike tiltak, avhengig av tiltaksklasse. I tillegg kjem gebyr for godkjenning av foretak, samt gebyr for behandling av eventuelle dispensasjonar. Der det er vist til areal, er meint brutto areal på bygningane.

§ 3-2 Gjeldande regulativ
Gjeldande betalingssatsar for byggesakshandsaming går fram av gebyrregulativet.

§ 3-3 Omfang
Sakshandsaming, administrasjonskostnader som høyrer til saka, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll, tilsyn og eventuelt attestar. For oppdatering og ajourhald av kommunen sitt kartverk, blir det skrive ut eit særskilt gebyr for situasjonskart eller forenkla situasjonskart, jfr. gjeldande gebyrregulativ for kart og oppmåling.

§ 3-4 Prosjekt med fleire tiltaksklasser
Sakshandsaming, administrasjonskostnader som høyrer til saka, godkjenning av ansvarlege, dokumentkontroll, tilsyn og eventuelt attestar. For oppdatering og ajourhald av kommunen sitt kartverk, blir det skrive ut eit særskilt gebyr for situasjonskart eller forenkla situasjonskart, jfr. gjeldande gebyrregulativ for kart og oppmåling.

§ 3-5 Avslag
Ved vedtak som medfører avslag på ramme-, igangsettings- eller enkle tiltak, må det betalast 50 % av fullt gebyr.

§ 3-6 Ulovlege tiltak
For saksbehandling av ulovleg igangsett eller utførte tiltak, skal det betalast eit gebyr for medgått tid etter gjeldande timesats i gebyrregulativet.

Kommunen kan krevje dekning for eventuelle kostnader til sakkunnig bistand.

§ 3-7 Gebyr for sakkunnig bistand
Kommunen kan i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 33-1 og § 25-2 andre ledd rekvirere sakkunnig bistand for å få gjennomført kommunen sine oppgåver etter plan- og bygningslova.

§ 3-8 Gebyr for medgått tid
For arbeid som ikkje går inn under gebyrregulativet vert gebyret utrekna etter medgått tid.

§ 3-9 Gebyr for mangelfull søknad
Basisgebyret vert auka med 20 % i saker der det vert meirarbeid på grunn av mangelfull søknad. Dette gjeld i saker der det må skrivast brev til søkjar/tiltakshavar om tilleggsdokumentasjon. Det same gjeld for saker der estetikk er dårleg dokumentert og der det er behov for synfaring før søknaden vert behandla.

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter