Forskrift for tømming av slamavskiljarar, tette tankar mv. og vilkår om betaling av gebyr for Gloppen kommune

Fastsett av Gloppen kommunestyre den 25. april 2018, i sak 23/18, med heimel i forskrift etter lov av 13. mars 1981 nr 6 "om vern mot forurensninger og om avfall" (Forurensningsloven) §§ 26, 30, 34 og 83.

Nordfjord Miljøverk IKS vert i forskrifta skrive NoMil. Denne forskrifta kjem i tillegg til tidlegare vedteken standardforskrift for hushaldningsavfall i NoMil-området.

§ 1 Formål
Forskrifta har som formål å sikre miljømessige, økonomisk og helsemessig forsvarleg tømming, transport og slutthandsaming av slam frå slamanlegg i kommunen. NoMil overtek med heimel i denne forskrifta kommunen sine rettar og plikter for saker som gjeld slam, innsamling, transport og handsaming. NoMil overtek eigedomsretten til slammet som vert samla inn av eller til NoMil.

§ 2 Virkeområde
Forskrifta gjeld tømming og/eller avvatning og transport av avløpsvatn og slam frå alle private slamavskiljarar, tette tankar, minireinseanlegg og kommunale anlegg mv. frå dei eigedomane som er omfatta av den kommunale slamtømeordninga.

§ 3 Definisjonar
Abonnent:
Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnr., eige festenr. eller seksjonsnr., og som er tilknytt slamanlegg. Det same gjeld festar av eigedom der festeavtale ikkje er registrert i grunnboka, men der festar eig dei bygningane som er plassert på tomta og utøver festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

Avløpsvatn:
Sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn frå alle typar avløp.Gjeld hushaldningar, fritidsbustadar, verksemder og liknande som er omfatta av kommunale reglar for avløps- og reinseanlegg som er lagt under kommunal godkjenning. Gjeld og eigedomar som har separering av svartvatn og gråvatn. Svartvatn er avløp berre frå toalett, og gråvatn er anna avløpsvatn frå eigedomen.

Slam:
Er det faste stoffet etter avvatning eller reinsing av avløpsvatnet.

Rejektvatn:
Er returvatn etter avvatning av slammet.

Slamanlegg:
System med ein eller fleire tankar for oppsamling og/eller reinsing av avløpsvatn som til dømes slamavskiljar, tett tank, minireinseanlegg etc.

Tømmeplan:
Ein plan fastsett av NoMil for å gjennomføre ei effektiv og rasjonell tømming av slam for eit større område, som også tek omsyn til tømefrekvens i gjevne utsleppsløyve.

Ordinær tømming:
Planlagt tømming etter fastsatt tømmefrekvens. 

Ekstra tømming:
Tilleggstømming utanom fastsatt tømeplan. 14 dagar etter innmeldt tømming.

Nødtømming:
Tømming som gjennomførast innan 24 timar

§ 4 Innsamling av slam
Forskrifta gjeld for heile kommunen, med mindre kommunen sjølv har unnateke einskilde eigedomar eller geografiske område der det ikkje er tilfredsstillande tilkomst. Det er berre NoMil eller den dei har delegert mynde til som kan utføre tømming av slamanlegg. Ordninga skal utførast ved hjelp av mobil slamavvatningseining, eventuelt slamsugebil eller mindre slamsugeutstyr.

§ 5 Abonnenten sine plikter
Abonnenten pliktar å innordne seg til ei kvar tid gjeldande tømmeplan. Dersom abonnenten etter førehandsvarsel ikkje har klargjort slamanlegget inkl. tilkomstveg for tømming, eller frakta fram slammet mv. blir ikkje ordinær tømming gjennomført. Ekstrakostnader som NoMil blir påført må då dekkast av abonnenten, jf. § 34 (avfallsgebyr) i forureiningslova.

Abonnenten skal sørge for at anlegget er tilgjengeleg for tømming. Lok skal vere køyresikre når dei kan bli utsett for overkøyring. Overdekking av kumlok med snø, is, jord osv. skal fjernast av abonnenten før tømming vert utført. Kumlok må merkast med pinne/stikke for at det skal vere lett å finne. Tre og busker som er til vesentleg hindring skal fjernast av abonnenten før tømming.

Slamanlegget må ikkje ligge meir enn 50 meter frå køyrbar veg. Som køyrbar veg blir rekna veg som tåler akseltrykk tilsvarande næraste offentlege veg eller samleveg med blanda tilkomst- og transportfunksjon. Botnen i tanken kan vere maksimum 7 meter lågare enn høgaste terrengpunkt mellom tank og oppstillingsplass. Tilkomsveg må ha fri høgde på minst 4 meter med tilfredsstillande snuplass, kurvatur og stigningsforhold for å kunne betene den mobile slamavvatningseininga.

Anlegg som etter oppsett tømmeplan ikkje kan tømast med slambil på grunn av vegstandard eller manglande tilkomstveg, kan bli tømt med tilpassa utstyr. NoMil tek avgjerd for kva for eigedomar som må tømast med slikt utstyr. Heile anlegget må kunne tømast frå same oppstillingsplass, og vere slik at bilen står tilnærma horisontalt under tømming. Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedommen for å få utført tømming.

Eventuelle låseanordningar og avstengingar etc. av slamanlegget skal avtalast med, og godkjennast av NoMil, eller den NoMil har delegert oppdraget til.

NoMil eller den som tømer har ikkje ansvar for skade på privat veg og snuplass, med mindre det kan påvisast at ein har vore aktlaus. Det er eigar si plikt å sørge for at tømming kan utførast.

Eigar må ta kontakt med NoMil dersom tanken skal tømmast utanom den fastsette tømmeplanen.

§ 6 Rettar og plikter til kommunen og den som utfører tømming
NoMil/ renovatør skal sørge for tømming av slamanlegg, uansett kor ofte systemet må tømast.NoMil fastset i samråd med renovatør tømeplan, og pliktar å sende varsel om tømming til abonnenten seinast 2 veker før tømming skal skje. Fritidsabonnentar skal varslast seinast 4 veker før tømming.

NoMil pliktar å tøme alle anlegg som er omfatta av denne forskrifta, og i tråd med den tømefrekvens som er omtala i § 8. For å dekke abonnenten sitt behov, skal NoMil i tillegg til ordinær tømming, kunne tilby ekstra tømming.

NoMil har rett til å tilbake føre rejektvatn frå slambil til slamavskiljar som blir tømt. Tømming skal utførast slik at dei som bur der ikkje bli unødig plaga av støy og lukt. Etter tømming skal anlegget forlatast i lukka stand, grinder, dører og porter skal vere lukka. I dei tilfelle der abonnenten ikkje har bupel på den adressa der tanken/tankane ligg, skal vedkomande varslast etter utført tømming. Abonnentar som har tank/tankanlegg med avvik,skal alltid varslast om avviket, med kopi til NoMil og kommunen. NoMil sender brev til eigar med kopi til kommunen om feil og manglar som må utbetrast. Kommunen har oppfølgingsplikt, og fakturerer eigedomen for ekstra kostnader som påløper på dette.

§ 7 Registrering nye tankar, bygningar
Kommunen melder inn til NoMil når bruksløyve vert gjeve for bygning med slam. Når bruksløyve er gjeve, vert bygning og tank lagt inn med tømming frå neste tømerunde (bygningar utan bruksløyve har ikkje dekning i forsikring og liknande, og tinging av tømming av tankar utan bruksløyve vert fakturert som ekstra tømming eller naudtømming).

§ 8 Tømmefrekvens
Tømmefrekvens for slamanlegg skal vere i samsvar med gjeldane forskrifter og løyve. Tømming skal utførast for:

  • eigedom med fast busetting tilknytt slamavskiljar kvart 2. år (ordinær ordning)
  • eigedom utan fast busetting tilknytt slamavskiljar og for fritidsbustad kvart 4. år
  • eigedom med tett tank skal tømast kvart år, ekstra tømming før neste ordinære tømerunde vert i tillegg til ordinær pris, fakturert for ekstra tømming
  • eigedomar som treng tømming før neste ordinære tømerunde, vert det i tillegg til ordinær pris, fakturert for ekstra tømming
  • andre slamanlegg, prefabrikkerte reinseanlegg med vidare skal tømast etter behov
  • minireinseanlegg skal tømast etter avtale/spesifikasjon frå leverandør av anlegget
  • eigedomar med store tankar over 5m3 og lite forbruk, kan etter skriftleg søknad til NoMil få redusert tømefrekvens frå kvart 2. år til kvart 4. år. NoMil kan bestemme tømmefrekvens.

§ 9 Gebyr
I medhald i forureiningslova sin § 34 skal NoMil krevje gebyr frå abonnentar som blir omfatta av denne forskrifta. Om abonnenten nektar tømming, eller at det av ein eller annan grunn ikkje kan føretakast tømming, skal det likevel betalast gebyr. Gebyret for abonnentar knytt til private anlegg vert innkravd av NoMil i samsvar med gebyrregulativet vedtatt årleg av kommunestyret. Gebyret for abonnentar knytt til kommunale anlegg, vert innkravd av kommunen. Gebyrplikta gjeld og så for eigedommar som ikkje er i bruk.

Unntak frå krav om tvungen tømming og gebyrplikt kan imøtekomast når vatnet er avstengt og plombert (kommunen har eigen gebyrsats for avstenging/plombering). Ferdigmelding for dette skal sendast både til kommunen og NoMil.

NoMil fakturerer som ein hovudregel etter tømefrekvens, eller ut frå storleik og type tank. Ordinært slam gebyr for eigedom/bueining med fast busetnad som har tømefrekvens kvart 2. år. Redusert gebyr for fritidsbustad, og bustadhus som ikkje er i bruk med tømmefrekvens kvart 4. år. Gebyr for tette tankar med tømmefrekvens kvart år etter eigen sats. Gebyr for andre typar tankar, næringseigedomar og industribygg vert vurdert ut frå storleik, type og tømefrekvens, og belasta ut frå gjeldande gebyrsatsar. Abonnentar som deler tank på over 4,5m3 vert fakturert etter kor mange m3 tanken er på.

Gebyret skal dekke alle kostnader som NoMil, eller den ansvaret er delegert til, har med slamordninga.

Gebyr for slamtømming med påløpte renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av gebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Ved registrering av nye abonnentar eller ved endring av eksisterande abonnement, blir nytt/endra gebyr rekna frå den fyrste årsskifte etter at endringa er meldt til NoMil.

Private fellesanlegg for fleire bustadhus, bustadfelt, verksemder, industriområde og andre typar byggeområde eller tettstadar, skal tømast i samsvar med det som er oppgjeve i utsleppsløyve, eller når NoMil vurderer at tømming må gjerast.

§ 10 Unntak
Kommunen kan etter skriftleg og grunngjeven søknad, gje dispensasjon frå denne forskrifta.

§ 11 Klage
Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova sin § 2b og forureiningslova sin § 85. Klaga blir handsama etter regelverket i forvaltningslova sitt kapittel VI. Klaga skal stilast til det organet som har fatta vedtaket.

(Etter kommunen sitt delegeringsreglement er formannskapet generelt klageorgan i etter § 28, 2. ledd i forvaltningslova.)

§ 12 Sanksjonar og straff
Overtreding av denne forskrifta kan utover dette straffast i samsvar med forureiningslova sin § 79.

§ 13 Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft frå det tidspunktet kommunen gjer vedtak om å godkjenne forskrifta (25. april 2018).

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter