Brannordning for Gloppen kommune

Brannordninga vart vedteken i kommunestyret den 15. deseber 1997.

Delegasjonane i brannordninga vart oppheva av kommunestyret den 19. desember 2002 og gjevne til rådmannen.

Rådmannen har delgert sitt mynde til brannsjefen i brev av 2. januar 2004.

(Vedlegga er ikkje med i den elektroniske planen)

A. Formål
Denne brannordninga skildrar kommunen sitt brann- og fejarvesen, og dokumenterer at brann- og feiarvesenet er organisert og dimensjonert slik at både lovpålagde og andre oppgåver kan utførast på tilfredsstillande måte. Ved dimensjoneringa er det teke omsyn til både regelverket sine standard krav, og den reelle risiko som ligg føre i kommunen.

B. Grunnlag for brannordninga

1. Oppgåver
Brann- og feiarvesenet sine primæroppgåver går fram av brannlova §§ 8 og 9.

I tillegg har brannvesenet i Gloppen kommune desse oppgåvene:

  • Brannsjefen er tillagt oppgåver i samband med vern mot akutt forureining i Nordfjord
  • Brannsjefen er tillagt brannteknisk byggesaksbehandling.

2. Grunnlag for organisering og dimensjonering etter standardkrava:
-
Samla innbyggjartal i kommunen 5.900 innbyggjarar
- Areal 1.040 km2
-
Skogareal 300 km2
-
Tal på piper 2.520 stk
- Tettstader i kommunen:
-- Sandane med ca 2.100 innbyggjarar
-- Byrkjelo med ca 300 innbyggjarar
-- Hyen med ca 150 innbyggjarar

Vurdering av innsatstid:
- Gloppen sjukeheim 10 minutt
- Sandane tettbusetnad med spreiingsfare 10 minutt
- Aa Brødrene A/S næringsområde 10 minutt

3. Vurdering av risikoforholda
Risikoforholda i kommunen er kartlagt.

Det er utarbeid eit risikokart over kommunen, vedlegg 2.

Underlaget for risikokartlegginga og dei konsekvensreduserande tiltak framgår av vedlegg 3.

  1. Kartlagt risiko gjev ikkje grunnlag for beredskap utover regelverket sine standardkrav.
  2. 3 biltunnelar over 500 m, Breimsfjelltunnelen, Fløyatunnelen og Eikenestunnelen. Tunnelane er kvalifiserte som særskilde brannobjekt. Det er ikkje gjennomført dei sikringstiltak som brannforskrifta og vegnormalen krev. Før desse tiltaka er gjennomført, er dette ein risiko som vi må leve med.

C. Administrasjon og leiing

1. Administrasjon
-
Brannsjef med stillingsdel 30 % av eit årsverk
- Varabrannsjef
-- Avd.leiar førebyggande 30 % av eit årsverk
-- Avd.leiar beredskap 30 % av eit årsverk
-- Befal førebyggjande arbeid 30 % av eit årsverk

Feiarvesenet er organisert under avdelingsleiar for førebyggande arbeid.

2. Overføring av mynde*
Kommunestyret i Gloppen har delegert oppgåver etter lov om brannvern til rådmannen**, jfr brannvernlova § 6. Delegasjonsvedtak er vedlagt brannordninga, vedlegg nr 6.

* Endra av kommunestyret den 19. desember 2002
** Myndet er delgert til brannsjefen i brev av 2. januar 2004.

3. Overordna vakt
Følgjande 4 stillingar er tillagt overordna vakt:
- brannsjef
- varabrannsjef
- 2 overbefal

4. Planar/rapportering
Brannsjefen skal innan utgangen av kvart år utarbeide ein plan over brannverntiltak for neste år. Planen skal leggast fram for teknisk utval for orientering innan 1. mars kvart år.

Vidare skal det ved året sin utgang utarbeidast ein årsrapport over gjennomførte førebyggande tiltak.

Planar og årsrapportar skal arkiverast etter kvart i tilknyting til brannordninga som vedlegg 7.

Brannsjefen skal i nødvendig omfang utarbeide eller samordne beredskapsplanar, vedlegg 8.

Brannsjefen skal i nødvendig omfang sørgje for utarbeiding av innsatsplanar for større risikoobjekt, vedlegg 9.

5. Internkontroll
Det er etablert eit internkontrollsystem i brann- og feiarvesenet som skal sikre at alle krav til helse, miljø og tryggleik etterfølgjast. Dette innebær systematiske tiltak som bl a skal medføre at:

  • alle sider ved mannskapa sin tryggleik blir ivaretekne
  • røykdykkarar blir undersøkte av lege kvart år
  • brann- og feiarvesenet sitt virke ikkje skal påføre annan person skade
  • brannvesenet sin innsats ikkje medfører utilsikta miljømessige skadeverknader.

Hovudoppsettet for brann- og feiarvesenet sitt internkontrollsystem framgår av vedlegg 10.

6. Instruksar
Leiarar og mannskap skal følgje utarbeidde instruksar eller tilsvarande regelverk som sikrar at brann- og feiarvesenet sine plikter etter brannlovgjevinga blir oppfylte, sjå vedlegg 10.

7. Opplæring og kompetanse
Leiarar og mannskap skal gjennomføre den opplæring som det er krav om etter Dimensjoneringsforskrifta kap 7, samt den opplæring ut over dette som er naudsynt for å gjennomføre særskilde oppgåver som er tillagt brann- og fearvesenet.

Det er utarbeidet og ajourført ein utdanningsplan som opplæringa skal gjennomførast etter, sjå vedlegg 11.

8. Øving av beredskapen
Brannsjefen skal utarbeide årlege øvingsplanar som sikrar at leiarar og mannskap får tilstrekkeleg øving for å løyse del oppgåver dei kan bli stilt overfor. øvingsplan skal arkiverast etter kvart i tilknyting til brannordninga som vedlegg 12.

Kvar øving skal vere tilrettelagt med øvingsmål, disposisjon for instruktør o s b. Gloppen kommune har 8 øvingar pr år på kvar av stasjonane. I tillegg har røykdykkarane 8 røykdykkarøvingar pr år, og ein av dei skal vere vannrøykdykkarøving.

Det skal førast protokoll over personalet sitt frammøte til øvingane.

9. Auka beredskap
I spesielle utfartshelgar, høgtider, ved større arrangement, til tider med stor fare for brann eller periodar med forventa dårleg frammøte ved alarm, har brannsjefen plikt og mynde til å etablere høgare beredskap dersom dette er påkravd for å sikre naudsynt innsats ved brannar eller ulykker.

D. Førebyggande avdeling

1. Brannsynspersonell
Avdelinga skal vere slik bemanna at dei førebyggande oppgåvene som framgår av "forskrift av 05.07.90 om brannførebyggande tiltak og brannsyn" kan gjennomførast fullt ut.

Tal på (%) årsverk: 60 %.

2. Feiarpersonell
Feiarvesenet skal ha ei bemanning som gjer det mogleg å utføre pålagt feiing, og anna førebyggjande arbeid som er tillagt feiarvesenet.

Tal på (%) årsverk: 125 %.

E. Beredskapsavdeling

1. Utrykiningsstyrke
Brannvesenet sin faste utrykkingsstyrke utgjer

  • 4 overbefal
  • 3 utrykkingsleiarar
  • 13 røykdykkarar
  • 22 brannmannskap

Alle brannmannskap er deltidstilsett i Gloppen kommune.

3. Fordeling av mannskap på brannstasjonar
-
Sandane brannstasjon med totalt 20 personar
- Byrkjelo underbrannstasjon med totalt 12 personar
- Hyen underbrannstasjon med totalt 10 personar.

Oppdatert oversikt over tilsette er å finne i arkivet på teknisk kontor.

2. Reservestyrke for skogbrann
Det er ikkje organisert eigen skogbrannreserve, men ved behov vert mannskapa frå dei andre stasjonane kalla inn.

F. Utrustning av beredskapen

1. Alarmerings- og sambandsutstyr
Brannvesenet skal ha nødvendig utstyr for alarmering av personellet og for å oppretthalde nødvendig radiosamband mellom alarmsentral - brann, overordna innsatsleiar, utrykkingsleiar, køyretøy, andre naudetatar m m.

Røykdykkarar skal bruke nødvendig sambandsutstyr ved innsats.

2. Personleg vern
Alt mannskap skal ved innsats ha godkjent personleg vernutstyr tilpassa den aktuelle innsatsoppgåva.

3. Materiell
Gloppen brannvesen skal disponere nødvendig utstyr til innsats ved brann, trafikkulykker, miljøskader og andre ulykker. Beredskapstyrken i Gloppen kommune skal ha følgjande utstyr til disposisjon:

  • 4 brannbilar m/vasstank minimum 600 I
  • 2 redningsbil m/ frigjeringsutstyr og røykdykkarutstyr
  • 1 tankbil m/vasstank minimum 8000 1.
  • 4 brannpumper
  • 100 m oljelense
  • slangar og anna sløkkjeutstyr tilpassa risikoforholda til dei ulike tilleggsoppgåver brannvesenet er tillagt.

Alt materiell skal kontrollerast kvar veke, slik at det sikrast at utstyret er i orden til kvar tid. Utført kontroll og vedlikehald skal journalførast.

4. Vassforsyning
I samband med kartlegging av risiko i kommunen er det føretake registrering av sløkkevass- forsyninga i heile kommunen, vedlegg 13.

Vassforsyninga er tilfredsstillande for brannsløkking i alle tettstadene for dei brannsituasjonar ein kan rekne med. I områda elles i kommunen er vassforsyninga supplert med tankbil.

H. Avtaler

1. Samarbeidsavtaler
For å oppfylle dei pliktar Gloppen kommune har innanfor brannvernområdet (beredskap/førebyggjande) har kommunen inngått samarbeidsavtale med Det interkommunale utvalet for Nordfjord region om beredskap ved akutt forureining.

2. Avtale med Sandane Lufthamn om bruk av brannbilar
Avtale med Luftfartsverket om å bruke brannbil som er stasjonert på Sandane Lufthamn i særleg akutte situasjonar. Brannbil stasjonert på Sandane vert stilt til disposisjon for lufthamna i kortare periodar dersom deira brannbil er i ustand.

I. Iverksetjing/godkjenning
Brannordninga er vedteken av kommunestyret i møte den 15. desember 1997, vedlegg............

Framlagt Direktoratet for brann- og eksplosjonsvem i brev av ........vedlegg............

Direktoratet sitt svar i brev av ............vedlegg ............ 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter