Vedtekter for kommunale barnehagar

Vedtektene vart fastsette av kommunestyret den 2. oktober 2017 i sak 50/17, og sist endra av kommunestyret den 26. september 2018 i sak 54/18.

I: Omfang og formål

§ 1-1 Vedtektene gjeld for
Desse vedtektene gjeld for dei kommunale barnehagane i Gloppen kommune.

§ 1-2 Eigarforhold og drift
Gloppen kommune eig og driv dei kommunale barnehagane i Gloppen. Barnehagane skal drivast i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtak fatta av samarbeidsutvalet og andre kommunale styringsorgan.

§ 1-3 Formål og innhald
Dei kommunale barnehagane i Gloppen skal drivast med det formålet og innhaldet som følgjer av §§ 1 og 2 i barnehagelova.

II: Organisering og personale

§ 2-1 Organisering og administrasjon
Oppvekstutvalet er det politiske styringsorganet for barnehagane i Gloppen, og rådmannen*) har det øvste administrative ansvaret for barnehagane.

Ved kvar barnehage skal det vere ein styrar.

*) delegert til oppvekstsjefen 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då.

§ 2-2 Samarbeidsutval
Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval som er samansett slik:
- to representantar med vara frå foreldra/dei føresette
- to representantar med vara frå dei tilsette
- to representantar med vara frå kommunen, ein vald av oppvekstutvalet og ein utpeika av rådmannen*).

Representantane frå foreldra og dei tilsette blir valde for barnehageåret medan oppvekstutvalet sin representant blir vald for den kommunale valperioden. Samarbeidsutvala konstituerer seg sjølve.

Dersom barnehagen og skulen er samlokaliserte og organiserte som ei verksemd, skal det vere felles samarbeidsutval for barnehagen og skulen. I så fall skal representantane frå høvevis foreldra/dei føresette og dei tilsette veljast slik at dei representerer både skulen og barnehagen.

*) styrar i barnehagen er utpeika av rådmannen 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då.

§ 2-3 Foreldreråd
Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd som er samansett av foreldra/dei føresette til alle barna i barnehagen. Ved avstemming gjeld ei stemme for kvart barn og vanleg fleirtalsvedtak.

Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom heim og barnehage. Rådet kan be om å få tilsendt saker som vedkjem foreldra/dei føresette.

III: Opptak, oppseiing og betaling

§ 3-1 Samordna opptak
Alle godkjende barnehagar i Gloppen samarbeider om opptaket. Brukarane sine behov og ønskjer skal tilleggast stor vekt, men opptaket skal likevel styrast på ein slik måte at den samla barnehagekapasiteten i kommunen blir utnytta så godt som råd. Dei ikkje kommunale barnehagane har eigne opptakskriterium som regulerer opptaket. Desse kjem fram av den enkelte barnehage sine vedtekter.

Opptak i kommunal barnehage blir gjort av rådmannen*).

*) delegert til servicetorget v/oppvekstsjefen 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då. Styrar i barnehagen kan justere storleiken på tildelt plass.

§ 3-2 Søknad1)
Søknad om barnehageplass skal som hovudregel skje elektronisk.

Det blir gjort eit hovudopptak i året med søknadsfrist 1. mars. Fristen blir annonserte på kommunen si heimeside og ved oppslag i den enkelte barnehagen.

Alle barn som søkjer innan fristen for hovudopptak, og som fyller eitt år innan utgangen av august, har rett til barnehageplass etter § 12 a i barnehagelova. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år i samsvar med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Nye søknader som kjem inn etter fristen for hovudopptak, blir sette på venteliste etter dei som har rett på plass. Det er opptakskriteria som avgjer plassering på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.

Barne som etter barnehagelova ikkje har rett til plass, vil i hovudopptaket få tilbod om eventuell ledig plass. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, gjeld opptakskriteria etter § 3-3.

Dersom det etter hovudopptaket er ledige plassar, skal det gjerast kontinuerleg opptak og nye søknader blir registrerte fortløpande gjennom barnehageåret.

I heilt spesielle tilfelle kan rådmannen*) gjere unntak frå desse reglane. Behovet for plass må då grunngjevast skriftleg.

*) delegert til servicetorget v/oppvekstsjefen 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då.
1) endra av kommunestyret i sak 54/18 den 26. september 2018.

§ 3-3 Vilkår for opptak
I den grad det må gjerast prioriteringar ved inntaket, skal dei gjennomførast slik:
1. Barn med nedsett funksjonsevne eller med vedtak etter barnevernslova, jf. §13 i barnehagelova
2. Barn med særlege behov for barnehageplass grunna sosiale, helsemessige eller andre spesielle forhold i heimen
3. Barn som er adoptert frå utlandet, og barn frå familiar der begge foreldra er tospråklege/framandspråklege
4. Barn som har plass i den aktuelle barnehagen og som ønskjer auka plass.

Barn som fell utanom desse kriteria, skal takst inn etter alder, der dei eldste blir prioritert først. Når eit barn har fått barnehageplass, skal det prioriterast inn i same barnehage som søsken. Ved opptak skal tvillingar, trillingar o.s.v. behandlast likt (som ein søkjar).

Foreldre/føresette som søkjer barnehageplass med tildeling etter spesielle kriterium, må dokumentere behovet med uttale frå lege, PP-tenesta, helsestasjonen, NAV, e.l.

§ 3-4 Opptaksperiode og oppseiings-/endringsfristar1)
Barnehageåret er frå 15. august i opptaksåret, til 14. august det påfølgjande året. Tildelt plass gjeld frå det tidspunkt som står på tildelingsbrevet og til plassen blir sagt opp, eller ut barnehageåret det året barnet byrjar på skulen.

Barn som har fått tildelt barnehageplass, har førerett til å få byte barnehage eller til å få auka opphaldstid, jfr § 3-3, punkt 4 i vedtektene.

Oppseiing/endring av barnehageplass skal gjerast skriftleg. Plass i barnehagen kan seiast opp/endrast frå den 1. og den 15. i kvar månad med minst 3 månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen.

Barn som ønskjer byte av barnehage eller endra opphaldstid i samband med barnehageopptaket, må søkje om dette innan 1. mars for å bli prioritert. Tildeling av plass i ny barnehage etter søknad fører automatisk til at tap av plass i den barnehagen barnet flyttar frå. Takkar foreldra/føresette nei til tildelt plass, må det søkjast på nytt i hovudopptaket.

I særlege tilfelle kan det gjevast permisjon frå barnehagen, med fritak for foreldrebetaling*).

*) vedtaksmynde er delegert til styrar 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då.
1) endra av kommunestyret i sak 54/18 den 26. september 2018.

§ 3-5 Betaling1)
Kommunestyret fastset foreldrebetalinga i barnehagen. Betalingsfristen er den 20. i den månaden opphaldet gjeld for. Ved delt foreldreansvar er begge foreldra solidarisk ansvarlege for betalinga av plassen. Det blir gjeve søskenmoderasjon etter gjeldande reglar under føresetnad av at søskena som bur saman. Reglane om gebyr på papirfaktura gjeld også for foreldrebetalinga i barnehagen.

Barn si maksimale opphaldstid i barnehagen er 9 timar pr dag. Dersom barn ikkje blir henta innanfor maksimal opphaldstid, eller etter ordinær stengetid, må foreldre betale eit gebyr for kvar påbegynt halvtime.

Det er høve til å søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Reglane om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid følgjer dei nasjnale reglane og beløpsgrensene som til ei kvar tid er vedtekne av Stortinget. 

Rådmannen*) kan inndra tildelt plass ved manglande betaling.

*) delgert til oppvekstsjefen 1. desember 2014 etter vedtektene som gjaldt då.
1) endra av kommunestyret i sak 54/18 den 26. september 2018.

V: Opningstider og areal

§ 4-1 Opningstider
Opningstida i barnehagen skal vere innanfor kl 06:45 og kl 17:00, måndag til fredag. Rådmannen*) fastset innanfor denne tidsramma og andre vedtekne rammer, opningstida i kvar barnehage. Oplysning om opningstidene skal vere lett tilgjengelege i barnehagen og på denne si nettside.

*) delegert til styrar 1. desemebr 2014 etter vedtektene som gjaldt då.

§ 4-2 Ferie og planleggingsdagar1)
Alle barn skal ha ferie frå barnehagen i minst fire veker gjennom barnehageåret. Barna skal ha tre veker samanhengande ferie om sommaren. Barnehagen held stengt tre veker i juli månad.

Barnehagane har fem planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår. Barnehagane er stengde desse dagane. Planleggingsdagane utgjer eine ferieveke til barna.

Det skal gjerast avtale om årets ferieavvikling for barna innan 1. mai. I spesielle tilfelle kan det gjerast avtale om anna ferieavvikling.

1) endra av kommunestyret i sak 54/18 den 26. september 2018.

§ 4-2 Leike- og opphaldsareal
Leike- og opphaldsarealet i barnehagane skal minimum vere 4 m² for barn over 3 år, og 5,3 m² for barn under 3 år.

V: Klage og iverksetjing

§ 5-1 Klage1)
Enkeltvedtak etter desse vedtektene kan påklagast til formannskapet etter reglane i forvaltningslova.

Det er høve til å krevje grunngjeving og klage for alle søkjarar som får avslag eller blir tildelt plass som ikkje er første eller andre ønske i løpet av barnehageåret, uavhengig av når det er søkt om plass eller kva kommunen eller barnehagen vel å kalle opptaket.

1) endra av kommunestyret i sak 54/18 den 26. september 2018.

§ 5-2 Iverksetjing
Desse vedtektene gjeld frå 2. oktober 2017. Frå same tidspunkt blir vedtektene for kommunale barnehagar i Gloppen vedtekne av kommunestyret den 17. desember 2017 i sak 109/12, oppheva. 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter