Ordensreglement for grunnskulen i Gloppen - normalreglement

Fastsett av oppvekstutvalet den 14. september 2016, sak 31/16.

Reglementet gjeld frå 1. oktober 2016 og erstattar tidlegare ordensreglement.

Etter at reglementet vart vedteke er §§ 2-9 og 2-10 i opplæringslova oppheva. Heimelen for å fastsette ordensreglement er no § 9A-10 i opplæringslova. Reglane om bortvising, jfr § 10 i reglementet, følgjer av § 9A-11 i lova.

Kapittel 1. Heimel, formål og verkeområde


§ 1. Heimel
Forskrift om ordensreglement for grunnskulane i Gloppen kommune er heimla i opplæringslova § 2-9 og lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande skulen. I tillegg til dei kommunale reglane, skal den enkelte skule utarbeide utfyllande reglar tilpassa den enkelte skule. Dei kommunale reglane er overordna dei lokale reglane som kvar skule vedtek. Ordensreglane bør sjåast i samanheng med arbeidet skulane gjer for å sikre alle elevar i grunnskulen eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. opplæringslova § 9a-1.

§ 2. Formål
Formålet med denne forskrifta er gjennom eit felles kommunalt regelverk å sikre ei felles norm for reglar, praksis og reaksjonsmåtar for orden og åtferd i grunnskulen i Gloppen, basert på nasjonale retningslinjer nedfelt i lov og forskrifter. Målet er å fremje læring, undervisning og bidra til å utvikle elevane sine sosiale ferdigheiter, vere inkluderande og byggje trygge og positive relasjonar mellom elevar, mellom elevar og tilsette og mellom elevar og heim.

§ 3. Verkeområde
Reglementet, normalreglementet, har status som forskrift og gjeld for grunnskulen i Gloppen, her definert som den vanlege skulen, leirskule, ekskursjonar, studieturar og alle arrangement knytt til skulen.

§ 4. Ansvar
1. Generelt ansvar for elevar, tilsette og foreldre
Både elevar, tilsette og foreldre har ansvar for å skape eit godt skule- og læringsmiljø. Det er viktig at alle bryr seg om kvarandre, har respekt for kvarandre og tek avstand frå mobbing, diskriminering, vold og hærverk.

2. Spesielt ansvar for dei tilsette.
2.1. Opplysningsplikt
Ordensreglane skal gjerast kjende for elevar og foreldre ved starten av kvart skuleår. Ordensreglementet skal takast opp som eige tema i klassane ved skulestart i august, og på første foreldremøte kvar haust. Rektor og kontaktlærarane er ansvarlege for at dette vert gjort.

2.2. Handlingsplikt
Handlingsplikta for dei tilsette er fastsett i opplæringslova § 9a-3, 2. ledd: Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripe direkte inn.

§ 5. Elevane sine generelle rettar og plikter
Som elev har du rett til:

  • Eit skulemiljø som gjev deg tryggheit og sosial tilhøyr, opplæringslova § 9a.
  • Å verte lytta til i saker som gjeld ditt eige tilhøve på skulen.
  • Å få forklare deg før det vert teke avgjerd om sanksjonar.

Som elev har du plikt til:

  • Å følgje vanlege normer for folkeskikk og oppførsel.
  • Å følgje ordensreglementet og klassereglane.
  • Å rette deg etter anvisningar og pålegg frå rektor, lærarar eller andre som arbeidar ved skulen.

§ 6. Elevar og foreldre sin rett til å be om tiltak
Opplæringslova § 9a-3, 3. ledd gir elevar og foreldre rett til å be skulen sette i verk tiltak som vedkjem det psykososiale skulemiljøet:

Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

Kontakt/melding frå elevar og foreldre treng ikkje vere skriftlege, sjølv om ein rår til dette med tanke på seinare dokumentasjon/etterprøving. Alle tilsette må vere merksame på at kontakt om tiltak kan kome som f.eks e-post til den tilsette si e-post-adresse på skulen, gjennom e-post-systemet som skulen/kommunen nyttar, eller munnleg ved samtale med elev eller foreldre. E-post er å rekne som offentleg og skal journalførast og arkiverast på eleven si mappe.

§ 7. Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd
Alle elevar har rett til vurdering. Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er gjeve i forskrift til opplæringslova § 3-5: Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Kapittel 2. Reglar om orden og åtferd


§ 8. Felles reglar for alle grunnskulane i Gloppen
1. ved eiga framferd skal elevane vise omtanke og respekt for andre i undervisningssituvasjon, friminutt og på skuleveg.

2. Elevane skal vise ansvar for eiga læring ved t.d.:

  • Møte presis til timane.
  • Vere førebudd til timane og ha med bøker og anna utstyr.
  • Det skal vere arbeidsro i timane.
  • All bruk av mobiltelefon på skuleområdet, i skuletida er forbode. Sjå skulens sine eigne reglar for bruk av mobiltelefon.
  • Bruk av skulen sitt IKT-utstyr, og all bruk av internett, skal skje i samsvar med skulen sine reglar om nettvett.
  • Gjere ferdig skulearbeidet til fastsett tid.
  • Gje melding med grunngjeving når arbeidet ikkje er utført.
  • Ta godt vare på skulebøker, undervisningsmatriell og andre eigendelar som skulen eig.
  • Elevar/føresette er ansvarleg for skade som elevar valdrar med vilje eller i aktløyse. Dette gjeld på skulen sin eigedom eller andre elevar sin eigedom.
  • Juks på prøver eller anna innleveringsarbeid er forbode.
  • Søk fri så tidleg som mogeleg dersom du veit at du skal vere borte frå skulen. Permisjonar vert gjevne i tråd med til ei kvar tid gjeldanede kommunale prosedyrar.
  • Ved sjukdom eller anna uventa fråvær skal heimen/ dei føresette, gje kontaktlærar melding om årsak til fråværet så snart som råd.
  • Ved fråvær skal meldingsbok med grunngjeveing underteikna av føresette nyttast. Søknad om skulefri utover ein dag skal leverast til rektor i eige skriv.
  • Den enkelte skule skal ha i sine ordensreglar ha med føresegner om trafikktilhøve og transport til å frå skulen.
  • Elevane skal ha ei felles matpause på minimum 20 minutt. Ordningar om mjølk og frukt skal regulerast i reglementet.
  • Elevane skal opphalde seg på skuleområdet i skuletida, om ikkje anna er vedteke. Det skal vere eigne reglar om ballspel og anna som det kan vere grunn til å regulere bruken av.
  • Utstyr/ gjenstandar som kan uroe undervisninga, eller som kan føre til skade eller ubehag for andre, skal ikkje takast med på skulen.
  • All form for hærverk, vold, mobbing, rasistiske utsegn eller handlingar og all form for sjikane, krenking eller trakasering, er forbode.
  • Å ha med og/ eller nytte tobakk og snus, er forbode.
  • Å ha med og/ eller bruke rusmiddel, er forbode.
  • Å ha med og/eller bruk av farlege gjenstandar – f.eks kniv, slagvåpen – er forbode.

Kapittel 3. Tiltak mot elevar som bryt regelverket


§ 9. Generelt om bruk av tiltak
Brot på ordensreglementet kan følgjast opp på ulike måtar alt etter

  • Grad av alvor
  • Kor ofte det har skjedd
  • Eleven sin føresetnader.

Alle sanksjonar skal forklarast slik at eleven forstår kva reglar som er brotne, og kvifor skulen reagerer i saka. Det kan ofte vere tilstrekkelig med

  • Tilsnakk.
  • Rettleiings-samtaler som del av undervegsvurdering av orden / åtferda til eleven.
  • Hyppigare kontakt med foreldra til eleven enn det minstekravet tilseier.

Alvorlege regelbrot skal dokumenterast skriftlig. Sanksjonane som er nemnde i § 10 kan då nyttast. Kollektiv straff, fysisk straff eller krenkjande straff kan ikkje under noko omstende nyttast. (Sjå § 11 for å måtte gripe inn fysisk for å stanse ei hending) Det kan i alvorlege tilfelle vere aktuelt å melde saka til politiet.

§ 10. Tiltak som kan eller skal nyttast som sanksjon for brot på ordensreglementet
Ein sanksjon skal alltid kome så nær regelbrotet i tid som mogeleg, men likevel ikkje før kvar sak er godt nok kartlagt/undersøkt og handsama.

  1. Munnleg åtvaring.
  2. Skriftleg åtvaring.
  3. Pålegg om å møte / vere på skulen før eller etter skuletid for samtale med kontaktlærar, rektor eller den rektor gjev mynde til å snakke med eleven.
  4. Pålegg om å måtte rette opp den skaden eleven har påført skulen sin eigedom – til dømes rydde opp søppel, vaske golv eller fjerne tagging.
  5. Pålegg om å erstatte skade – jf. lov om skadeserstatning § 1–1 og 1-2.
  6. Retningsliner for bruk av skulen sine datamaskinar, sjå kommunen sine reglar for nettvett.
  7. Elevar kan få særleg tilsyn i friminutta. Det kan vere gjennom opphald på avgrensa område og/eller tilsyn av vakt.
  8. Eleven kan ha friminutt / pause til andre tider enn andre elevar.
  9. Elevar kan få tilsyn på skuleveg/skuleskyss. Det kan og bli sett i verk alternativ transport.
  10. Eleven kan verte vist bort frå undervisninga for enkelttimar eller resten av dagen (opplæringslova § 2-10).
  11. Ungdomsskuleelevar kan visast bort frå skulen inntil tre skuledagar etter alvorlege eller fleire brot på ordensreglementet (opplæringslova § 2-10).
  12. For eksamen gjeld eige reglement (forskrift til opplæringslova § 3-36).
  13. Mellombels eller permanent flytting til annan klasse eller basisgruppe.
  14. Flytting til annan skule når omsynet til dei andre elevane krev det, og andre tiltak allereie er prøvd (opplæringslova § 8-1, 3. ledd). Dette bør berre nyttast ved særlege tilhøve.
  15. Mellombels inndraging av mobiltelefon resten av skuledagen dersom skulen sine reglar for bruk av mobiltelefon ikkje vert følgt.
  16. Dersom elevar nyttar digitale verktøy eller liknande til fotografering/filming eller gjer lyd-opptak av andre elevar lærarar/assistentar utan samtykke frå vedkomande, skal desse inndragast. Ved mistanke om at slik aktivitet/fotografering og/eller lyd-opptaket er krenkjande, skal dette leverast til politiet. Foreldra til eleven skal i slike tilhøve alltid varslast av skulen uavhengig av om politiet også tar kontakt med dei.
  17. Rusmiddel og farlige gjenstandar skal alltid inndragast. Foreldra til mistenkt(e) elev(ar) skal i slike tilhøve alltid kontaktast av skulen. Alvorlege saker kan og meldast til politiet.
  18. Grove brot på straffelova – for eksempel grov vald, grove truslar, eldpåsetting, bruk av eksplosivar, grovt hærverk eller grovt tjuveri – skal normalt meldast til politiet. Foreldra til mistenkt elev skal i slike tilhøve alltid varslast av skulen uavhengig av om politiet også tar kontakt med dei.

§ 11. Bruk av fysisk makt for å stanse vold, slåstkamp, hærverk osv.
Tilsette har plikt til å prøve å stanse vold, slåsskamp, hærverk osv. Så sant det er forsvarleg, skal den tilsette gripe inn med ein gong.

§ 12. Vurdering med karakter i orden og åtferd
Ungdomsskuleelevar skal ha eigne karakterar både i orden og åtferd i tråd med § 3-5 i opplæringslova. Dersom ein elev får ein annan karakter enn den beste, skal dette ikkje vere ei form for straff eller sanksjon. Karakteren skal fortelje eleven og foreldra i kva grad eleven opptrer i tråd med skulen sitt ordensreglement, og korleis elevane forheld seg til velkjende, aksepterte normer for god framferd og folkeskikk. Vurderinga skal ta omsyn til dei føresetnadane eleven har (forskrift til opplæringslova, § 3-5).

IV Sakshandsamingsreglar ved bruk av sanksjonar


§ 13. Krav til skriftleg notat
Dersom det vert sett i verk tiltak mot ein elev etter § 10, skal skulen lage eit skriftleg notat som dokumentasjon og grunnlag for reaksjonen, eventuelt fatte enkeltvedtak. Det må kome klart fram kva elev tiltaket er retta mot, kva for tiltak som er nytta, kva for ordensregel som er broten, tidspunkt for brotet, tidspunkt for gjennomføring av tiltaket, forklaringa til eleven og kva foreldra til eleven har sagt. Eleven/foreldra skal ha ein kopi eller bli kjent med retten til å få innsyn i dokumenta i saka (bruk elektronisk elevmappe, sikker sone).

§ 14. Eleven sin rett til å forklare seg
Før avgjerd vert teke om å nytte eit av tiltaka i § 10, skal eleven få forklare seg for kontaktlærar, rektor eller den rektor gjev mynde til dette jf. opplæringslova § 2-9, 4. ledd: Før det blir teke avgjerd om tiltak, blant anna om bortvisning, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. For at saka skal vere så godt opplyst som råd – jf. forvaltningslova § 17, 1. ledd – må det vere vurdert å innhente opplysningar frå andre enn eleven sjølv. Dette kan vere frå elevar/ tilsette som var vitne til brotet på ordensreglane, frå dei lærarane som kjenner eleven best – kontaktlæraren er særleg viktig.

§ 15. Sanksjonar som berre rektor kan sette i verk
Rektor avgjer om det skal krevjast økonomisk erstatning frå elev og/eller foreldre ved skadeverk gjort av (forårsaka) av elevar.

Rektor har rett til å gje lærarar mynde til å ta avgjerd om bortvisning av elev(ar) frå læraren sine undervisningstimar – jf. opplæringslova § 2-10, siste ledd.

Å vise ein ungdomsskuleelev bort frå skulen for ein heil dag eller meir, er eit enkeltvedtak og skal handsamast etter reglane i forvaltningslova kap. IV, V og VI samt opplæringslova § 2-10, 2.ledd.

Sjølv om opplæringslova ikkje gjev pålegg om å varsle foreldra til ungdomsskuleelevar før vedtak om bortvisning vert fatta, stiller forvaltningslova § 16 krav om førehandsvarsel før enkeltvedtak kan fattast. Dette gjeld i dei tilfella ein part ikkje allereie har fått uttale seg gjennom søknad eller på annan måte. For at det ikkje skal ta forlang tid mellom brotet på ordensreglane og bortvisinga, kan ein avvike frå hovudregelen om at eit førehandsvarsel skal gjevast skriftleg. Av dette varselet skal det under alle omstende, klart og tydeleg kome fram kva for brot på ordensreglane det vert reagert på, og kva sanksjon som vert vurdert nytta. Foreldra sin frist til å uttale seg kan vere kort.

Når det vert fatta vedtak om bortvising, skal det kome fram av saksutgreiinga til rektor korleis eleven har forklart seg, kva som er kome fram i samrådinga med lærarane til eleven, kva for andre hjelpe- og/eller tiltak som er vurdert og kvifor desse ikkje vert nytta.

Bortvising frå eksamen er enkeltvedtak som skal handsamast etter forvaltningslova kap. IV, V og VI, og forskrift til opplæringslova § 3-36:

Å flytte ein elev til ein annan klasse eller basisgruppe er eit enkeltvedtak, og skal handsamast etter reglane i forvaltningslova kap. IV, V og VI.

§ 16. Sanksjonar som berre kan fattast av skuleeigar
Å flytte ein elev til ein annan skule er eit enkeltvedtak som krev handsaming i samsvar med forvaltningslova kap. IV, V og VI, og opplæringslova § 8-1, 3. ledd.

Det er rådmannen som kan melde ei sak til politiet etter tilråding frå rektor.

§ 17. Nedsett karakter for ungdomsskuleelevar i orden og/eller åtferd
For at ein ungdomsskuleelev skal ha annan karakter enn den beste i orden og åtferd, skal det vere gjeve førehandsvarsel i så god tid før karakterfastsetting, at eleven har høve å forbetre karakteren sin – jf. forskrift til opplæringslova § 3-7, 2. og 3. ledd: Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller åtferd. Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd. Det kan skje at brot på ordensreglementet skjer så seint på skuleåret og er av så alvorleg karakter, at karakteren vert sett ned utan at eleven reelt sett har muligheit til å forbetre den. 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter