Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova

Vedteke av kommunestyret den 10. mai 2010, sak 19/10.

Satsane i regulativet vedteke av kommunestyret 18. desember 2017. Gjeld for 2018.

Dette regulativet er fastsett i medhald av § 32 i matrikkellova og § 7 i eigarseksjoneringslova.

1.1 Gebyr for arbeid etter matrikkellova (matrikkellova § 5)

1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn (martrikkellova § 5 a og e)
Areal frå 0 - 100 m² kr 8.690,-
Areal frå 101 - 500 m² kr 12.550,-
Areal frå 501 - 2000 m² (basisgebyr) kr 17.955,-
Frådeling av festetomt med målebrev etter delingslova, kr 8.595,-
Punktfeste, nyetablering, der feltarbeid er påkrevd, kr 8.970,-
Punktfeste, eksisterande bygning som finst i kartet, kr 4.490,-.

For oppmålingsforretning av større samanhengande areal enn 2 daa til landbruks-, allmenne fritids- og andre allmennyttige formål skal det betalast basisgebyr på kr 17.955,-, pluss kr 1.385,- per påstarta daa.

For areal til utbyggingsføremål som skal frådelast, og som skal inngå i eit større samanhengande areal for å ordne hefter, pant og heimel, og som seinare skal delast opp i høvelege tomtar etter stadfesta reguleringsplan eller utbyggingsplan, skal det betalst basisgebyr på kr 17.995,-, pluss kr 1.385,- per påstarta daa.

1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn (martikkelova § 14, jfr § 31 i forskriftene og oppretting av grunneigedom på heil teig martikkellova § 10, jfr § 42 i forskftene)
Fakturering etter medgått tid etter pkt. 1.6.2, men med eit minstegebyr på kr 4.250,-. Krev forretninga feltarbeid, skal gebyret fakturerast som for oppretting av grunneigedom etter 1.1.1.

1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon (eigarseksjonslova § 7 og eigarseksjonslova § 9, jfr § 35 i forskriftene til matikkellova)
Areal frå 0 - 50 m² kr 7.170,-
Areal frå 51 - 250 m² kr 8.745,-
Areal frå 251 - 2.000 m² kr 10.650,-
Areal over 2.000 m² er kr 10.650,- + kr 690,- per påstarta daa.

1.1.4 Oppretting av anleggseigedom (martikkellova §§ 5c og 11, jfr § 29 i  forskriftene)
Volum frå 0 - 2.000 m³ kr 17.955,-
Volum over 2.000 m³ er kr 17.955,- + kr 2.365,- per påstarta 1.000 m³.

1.1.5 Registrering av jordsameige (martikkellova § 14, jfr §§ 28 og 32 i forskriftene)
Fakturering etter medgått tid etter pkt 1.6.2, men med eit minstegebyr på kr 4.250,-.

1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning (martikkellova § 6, 2. ledd, jfr §§ 18 og 25 i forskfiftene)

1.2.1.Utsett frist for fullført forretning
Rekvirenten kan søkje om matrikulering med utsett frist for fullføring av oppmålingsforretning. Søknaden kan vere ein del av rekvisisjonen eller som eiga sak. Gebyr for søknad om utsett fullføring som eiga sak er kr 790,-. Fakturering elles etter satsane for aktuell sak, jfr pkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.

1.2.2 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Dersom ei sak blir trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikulerast pga endra heimelshøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, skal det betalast eit gebyr tilsvarande 1/3 av satsane etter pkt 1.1 og 1.2.

1.3 Grensejustering (matrikkellova § 16, jfr § 34 i forskriftene)

1.3.1 Grensejustering av grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Som hovudregel kan det søkjast om grensejustering av inntil 5 % av dei aktuelle eigedomane sine areal, maksimalgrense 500 m².
Areal 0 - 500 m² kr 8.050,-.

1.3.2 Grensejustering av anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum, maksimalgrense 1.000 m³
Volum frå 0 - 250 m³ kr 8.050,-
Volum frå 251 - 1.000 m³ kr 9.390,-.

1.4 Arealoverføring (martikkellova § 15, jfr § 33 i forskriftene)

1.4.1 Arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Rettar, pant m.m. skal vere avklara og rydda opp i før gjennomføring. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jarnbaneføremål.
Areal frå 0 - 500 m² kr 8.050,-
Areal over 500m² er kr 8.050,- + kr 1.385,- per påstarta 0,5 daa.

1.4.2 Arealoverføring av anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.
Volum frå 0 - 500 m³ kr 8.050,-
Volum over 500 m³ er kr 18.195,- + kr 1.345,- per påstarta 500 m³.

1.5 Klarlegging av grenser

1.5.1 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatfesta ved oppmålingsforretning (martikkellova § 17, jfr § 36 i forskriftene)
Gebyr skal betalast for medgått tid etter pkt. 1.6.2.

1.5.2 Klarlegging av eksisterande grense og eller rettar, der grensa ikkje tidlegare er koordinatfesta (martikkellova § 17, jfr § 36 i forskriftene)
For 1. punkt kr 5.910,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr 1.790,-

Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid etter pkt. 1.6.2.

1.5.3 Privat grenseavtale, eksisterande grense (martikkellova § 19, jfr § 44 i forskriftene)
Fakturering for medgått tid etter pkt. 1.6.2. Krev forretninga måling i terrenget, skal gebyret fakturerast etter 1.1 eller 1.5.2.

1.6 Andre gebyr

1.6.1 Ekspedisjonsgebyr
For oppmålingsforretning styrt av andre enn kommunen, skal det betalast eit ekspedisjonsgebyr for medgått tid etter satsane i pkt 1.6.2.

1.6.2 Gebyr etter medgått tid
Kontortimepris kr 795,-
Feltteimepris kr 1.025,-
Minstegebyr kr 1.590,- for kontorarbeid og kr 2.045,- for feltarbeid.

1.6.3 Utskrift av matrikkelbrev (martikkellova § 30, jfr § 17 i forskriftene)
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 175,-
Matrikkelbrev over 10 sider kr 350,-.

(Makssatsane er fastsette i § 16 i matrikkelforskrifta.)

1.6.4 Andre utlegg
Utlegg til tinglysingsgebyr, evt. dokumentavgift, pantefråfall og utskrifter ut over det kommunen har fri tilgang til, kjem i tillegg til gebyr for den einskilde forretning.

1.7 Betalingsreglar
Gebyret skal betalast etter reglar og satsar på rekvisisjonstidspunktet. Revirenten er ansvarleg for at gebyret blir betalt.

Kommunen fullfører rekvisisjonar utan ugrunna opphold, normalt innan fristen på 16 veker. Ved grunngjeve opphald, her inkludert opphald i samsvar med lokal forskrift (1. nov - 1. mai) forskuvar fristen seg. Overskriding av fristen gje 1/3 avkorting av gebyret.

Betaling kan krevjast før forretninga blir fullført. I slike tilfelle blir fristen for å fullføre rekvisisjonen avbroten til betaling skjer.

Gjer rekvirenten under saksgongen endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, blir gebyret oppretthalde. Fører dette til meirarbeid i høve rekvirert sak, skal det betalast gebyr for medgått tid etter pkt. 1.6.2.

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift på gebyr, med unntak av gebyr for medgått tid.

MULTEK-utvalet kan etter søknad dispansere frå reglane i dette gebyrregulativet.

2. Gebyr for arbeid etter eigarseksjonslova § 7

2.1 Seksjonering og reseksjonering
Sak som krev synfaring 5 rettsgebyr
Sak som ikkje krev synfaring 3 rettsgebyr

(Rettsgebyret vert fastsett av Stortinget og er for tida kr 1.049,-).

2.2 Situasjonsplan/dokument etter matrikkellova for grunnareal til seksjon.
Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til gebyr etter 1.1., betalast gebyr for oppretting av uteareal på eigarseksjon  etter pkt. 1.1.3 under gebyr for arbeid etter matrikkellova, jfr eigarseksjonlova §§ 7 og 9.

2.3 Ny behandling av avslegen søknad
Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering, fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare betalt gebyr kome til frådrag, dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag.

3. Iverksetting og regulering

3.1 Iverksettingstidspunkt
Dette regulativet gjeld frå 1. januar 2010. Frå same tidspunkt blir kommunen sitt gebyrregulativ for oppmåling etter delingslova oppheva. Saker kravd etter delingslova (før 1. januar 2010) skal fullførast etter den lova, og fakturerast etter gjeldande gebyr på rekvisisjonstidspunktet.

3.2 Indeksregulering
Satsane i dette regulativet (1) blir regulert kvart år med dei forutsetningar som er lagt til grunn i kommunestyret sitt vedtak om kommunale avgifter og prisar for aktuelt budsjettår.

(1) Satsane i dette regulativet er oppdaterte i samsvar med kommunestyret sitt budsjettvedtak for 2018.)

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter