Retningslinjer og reglement for arbeidsrelatert ferdsel i trafikken for tilsette i Gloppen kommune

Vedteke i arbeidsmiljøutvalet 31. mai 2018, sak 010/18.

Gloppen kommune er ein «trafikksikker kommune». Det er eit viktig mål at kommunalt arbeidsrelatert ferdsel i trafikken skal ivareta dei tilsette sine individuelle føresetnader og behov, og ta omsyn til trafikktryggleik og miljø.

Definisjon: Med arbeidsrelatert ferdsel meiner vi all ferdsel i trafikken i arbeidstida.

  • Retningslinjene gjeld tenestereiser i arbeidstida i kommunen, og omfattar krav til reisemåte, kjøretøy og til riktig åtferd i trafikken både til fots, på sykkel eller med motoriserte kjøretøy. Retningslinjene kjem i tillegg til gjeldande lover, forskrifter og andre rammevilkår.
  • Alle som arbeider i Gloppen kommune skal ha kunnskap om og forstå betydinga av sikker, økonomisk og miljøtilpassa transport. Tilsette i Gloppen kommune skal vere positive forbilde for andre i trafikken. Retningslinjene er basert på omsorg, ansvar og tillit.
  • Tilsette i Gloppen kommune har ansvar for at tenestereiser skjer på ein sikker, økonomisk og miljøvennleg måte.
  • Leiinga sørger for at retningslinjene er godt kjent blant dei tilsette og vert følgt opp. Klare brot på desse retningslinjene skal følgjast opp av næraste leiar med personalansvar.
  • Retningslinjene skal vere tema på personalmøter, og skal gjerast kjent for alle ny-tilsette.

 

Retningslinjer:

  • Du skal alltid bruke refleks i mørket.
  • Du skal ikkje krysse gata på rødt lys.
  • Du skal alltid bruke sykkelhjelm.
  • Førar skal vere våken, opplagt og skikka til å kjøre på ein trygg måte.
  • Førar skal kjøre med riktig hastigheit, og aldri overstige fartsgrensa.
  • Du skal alltid bruke påbode og montert tryggleiksutstyr i bil.
  • Som busspassasjer (også flybuss) skal du alltid bruke bilbelte, når dette er montert.
  • Du skal ikkje ringe utan handsfri-utstyr.
  • Du skal ikkje tekste på mobilen under kjøring.
  • Betening av navigasjon i bil skal berre skje når bilen står i ro.
  • Du skal pakke og laste bilen på beste måte og sikre all last forsvarleg.
  • Du skal rygge bilen inn ved parkering der dette er muleg.
  • Førar skal sjå til at alle passasjerar er riktig sikra før avreise.
  • Dersom du som passasjer opplever høg risiko og at føraren bryt trafikkreglane under kjøring, skal du be føraren om å kjøre forsvarleg.
  • Ved trafikkuhell skal førar fylle ut skademelding på åstaden og sikre bevis. Ta bilde og sikre spor, og ta straks kontakt med næraste leiar.
  • Ved trafikkulykke skal førar sikre skadestaden, utføre livreddande førstehjelp, kontakte naudetatane og næraste leiar.


Reglement for bruk av bil i teneste.

Transport av brukarar/klientar/barn

Transport av brukarar/klientar/barn skal berre skje i samband med fagleg grunna gjeremål og utflukter i samsvar med eininga sine oppgåver og tenestetilbod, og med næraste leiar si godkjenning.

Det er eigne rutinar for transport av barn i regi av skule, SFO, barnehage og barnevern. Det er også eigne rutinar for transport av brukarar innan helse- og omsorgstenestene.

Helse, miljø og tryggleik ved arbeidsreiser

Arbeidsreiser er fast kjøring for å utføre kommunale tenester.
Alle einingar og avdelingar skal følgje dei krav for helse, miljø og tryggleik (HMT) som følgjer av lov, forskrift og kommunen sine målsettingar og interne retningslinjer.

For kommunen kan risiko i trafikken medføre personskade, langtidsfråvær og tap av medarbeidarar. I tillegg får ulykkene økonomiske konsekvensar i form av utgifter til reparasjon av bilar og høgare forsikringspremie.

Einingar og avdelingar som brukar bil til arbeidsreiser skal gjennomføre risikovurderingar. Rutinar for å handtere feil og manglar, kjøring og trafikktryggleik skal vere tema på personalmøte minst 1 gong årleg. På bakgrunn av risikoanalysen skal det utarbeidast ein tiltaksplan, for eksempel innan områda rutinar/opplæring/trafikktryggleik/andre risikoreduserande tiltak.

For å kartlegge risiko tilstrekkeleg, er det nødvendig at tilsette noterer risikosituasjonar som oppstår i samband med tenestekjøring og melder frå etter rutinar for avviksrapportering.

Bruk av tenestebil

Kommunen sine bilar skal ikkje nyttast til private gjeremål/utflukter. Unntak frå dette skal avtalast skriftleg med næraste leiar. For brannvakt/teknisk vakt, kan vaktbil nyttast til private gjeremål når dette er nødvendig ut frå omsynet til vaktberedskapen.

Dersom fleire har behov for same bil, skal som hovudregel bilen nyttast til den lengste reisa.

Førar er ansvarleg for at bilen er i trafikksikker stand.
Førar er ansvarleg for at all kjøring skjer ansvarsfullt og at trafikkreglar blir følgt.

Førar må sjølv dekke evt. parkeringsbøter, fartsbøter, eller andre utlegg som følgjer av brot på lover/reglar og/eller feil bruk av kommunal tenestebil.

Einingar og avdelingar med eigen bilpark skal ha minst ein eller ved behov fleire bilansvarlege som skal sjå til at bilane er inne til reinhald/overhaling etter fastsett plan, og at nødvendig utstyr er på plass i bilane. Bilansvarlege skal også melde vidare behov for reparasjon ved verkstad i samsvar med lokale melderutinar (til den som har ansvar for å gjere avtalar med verksted).

Den enkelte einingsleiar vurderer behov/lovkrav om skal førast kjørebok ved bruk av tenestebilar. I kjøreboka skal det noterast strekninga som er kjørt og kilometerstand ved start og slutt av tur. Førar skal kontrollere kjøretøyet for synlege skadar før utkjøring. Oppdagar ein ny skade skal det meldast til bilansvarleg.

Brukar av bilane pliktar seg til å bruke og behandle bilane i samsvar med instruksjonsbok, servicehefte og orientering frå leverandør. Dersom feil oppstår skal bilansvarleg kontaktast slik at ytterlegare skade ikkje oppstår.
Brukar av bilen pliktar å utvise orden og forsiktighet ved bruk av bilen. Bilen skal ryddast etter bruk.

Den enkelte sørgjer for at bilane har drivstoff nok til utkjøring neste arbeidsdag. Bensin-/dieselkort merka registreringsnummeret skal oppbevarast i bilane.
Dersom ein har utlegg (parkering eller liknande) skal det skrivast reiserekning for dette. Drivstoffkorta i bilane skal berre nyttast til drivstoff, ikkje parkering, innkjøp av «vegmat» eller liknande.

Skade på tenestebil

Reglane og pliktene ved trafikkuhell er ivaretatt i vegtrafikklova §12. Ved trafikkuhell skal føraren opptre i samsvar med vegtrafikklova og trafikkreglane.

Ved skade skal skademelding fyllast ut og leverast økonomisjef som handterer melding vidare i tråd med lokale melderutinar. Kopi av skademelding skal leverast næraste leiar. Skaden skal også meldast som avvik.

Gloppen kommune har det økonomiske ansvaret ved skade, men dersom skade ikkje vert rapportert vil brukaren av bilen kunne haldast personleg ansvarleg.
Når det gjeld evt. personskade er det den kollektive personforsikringsordninga etter HTA og lov om yrkesskade som gjeld. Skademelding ved personskade skal fyllast ut og sendast til kommunen sitt forsikringsselskap etter gjeldande rutinar.

Bruk av privat bil i teneste

Privat bil skal berre brukast dersom kommunal bil ikkje er tilgjengeleg. Bruk av privat bil skal klarerast av næraste leiar. Ved behov kan det gjerast avtale om bruk av eigen bil. Arbeidsgjevar og den enkelte arbeidstakar inngår i slike tilfelle individuell avtale om kompensasjon for jamleg bruk av eigen bil i teneste.

For kommunalt tilsette gjeld statens reiseregulativ berre for tenestereiser, dvs. pålagte og/eller godkjente reiser av ikkje fast karakter i oppdrag for arbeidsgjevar (for eksempel møter, kurs). Kjøregodtgjersla skal dekke drifts- og meirkostnadane ved tenesteleg bruk av bilen. Den enkelte skal skrive reiserekning for bruk av privat bil i teneste.
Kompensasjon/godtgjersle blir lønnsmeldt etter gjeldande skattereglar.

Førar er ansvarleg for at bilen er i trafikksikker stand og har gyldig ansvarsforsikring. Førar må sjølv dekke evt. parkeringsbøter, fartsbøter eller andre utlegg som følgje av brot på lover/reglar og/ eller feil bruk av privat bil.

Reglementet gjeld også privat tilhengar eller anna utstyr til bil

Skade på privat bil brukt i teneste

Reglane og pliktene ved trafikkuhell er ivaretatt i vegtrafikklova §12. Ved trafikkuhell skal føraren opptre i samsvar med vegtrafikklova og trafikkreglane.

Dersom det skjer skade på private bilar/andre kjøretøy som blir nytta i tenestekjøring for kommunen er det kjøretøyeigar si forsikring som skal nyttast, så framt skaden ikkje skal dekkast av andre, f.eks skadevolder.

Skademelding skal fyllast ut, med kopi til næraste leiar. Skaden skal også meldast som avvik.
Ved personskade er det den kollektive personforsikringsordninga etter HTA og lov om yrkesskade som gjeld. Skademelding ved personskade skal fyllast ut og sendast til kommunen sitt forsikringsselskap etter gjeldande rutinar. Bilforsikringa har alltid primæransvaret. Når ev erstatningsutmåling er klar vert dette sett ift tariffavtalen sine rettar.
Kommunen kan etter søknad dekke skade/eigenandel forsikring inntil kr 4.000, og evt. Bonustap. inntil kr 4.000.
 

   
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter