Formål
Gloppen kommune ønskjer å fremje positive tiltak og prosessar på veg mot eit best mogleg arbeidsmiljø. Arbeidsmiljøprisen er meint å gje inspirasjon til dette arbeidet.
Tildeling
Arbeidsmiljøprisen kan tildelast ei avdeling/eining i kommunen eller ein enkeltperson blant kommunen sine tilsette. Omfang/storleik på prisen blir fastsett av arbeidsmiljøutvalet.
Kriterium
Kriterier for tildeling er tiltak som er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø og som kan medverke til å løfte Gloppen kommune som organisasjon.
Eksempel på tiltak
- Tiltak som kan medverke til auka motivasjon, entusiasme og godt humør
- Tiltak som kan medverke til å eliminere belastningslidingar som igjen fører til ei positiv fråværsutvikling
- Medverknad i gjennomføring av internt endrings- og omstillingsarbeid innanfor eige fagområde og på tvers av kompetanse- og fagfelt
- Ein medarbeidar eller ein arbeidsplass som medverkar særskilt til å skape og utvikle eit godt arbeidsmiljø
- Systematikk i utvikling av HMS-arbeid.
Forslag
LAG’a i kommunen får ansvar for å drøfte og kome med forslag til kandidatar. Alle tilsette kan kome med forslag til sitt LAG, som vil ta det med i sine vurderingar før dei sender sitt forslag til arbeidsmiljøutvalet.
Saksgang
Arbeidsmiljøutvalet sender ut nødvendig informasjon for å få forslag til årets arbeidsmiljøpris. Arbeidsmiljøutvalet står også for valet av årets prisvinnar. Kommunestyret gjennomfører utdeling av arbeidsmiljøprisen.
Prisen er på kr 5.000,- pluss ein diplom.